1. Kultur og fritid
  2. Frivillighet
  3. Frivillighetens år 2022
  4. Nyheter
  5. Tilskotsordning Frivillighetens år 2022
Illustrasjon av en gjeng frivillige folk

Tilskotsordning Frivillighetens år 2022

Ynskjer du å vise fram din frivillige organisasjon iløpet av Frivillighetens år 2022? No kan du søkja om tilskot frå kommunen. Søknadsfristen var 15. november 2021.
Publisert : 17.06.2022

Stavanger kommune har sett av 300 000 kroner som skal delast på gode initiativ og aktivitetar som bidrar til å feira og synleggjera frivilligheita i kommunen.

Kven kan søkja? 

Frivillige lag og organisasjonar som er registrert i Brønnøysundregisteret med adresse i Stavanger kommune. 

Kor mykje pengar kan eg søkja om? 

Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om inntil 10 000 kroner.  
Same søkjar kan berre få støtte ei gong. Same aktivitet kan få støtte med inntil 30 000 kroner, dersom fleire organisasjonar samarbeider. 

Korleis fungerer det? 

Du søkjar og får svar innan kort tid. Midla vert utbetalt i desember 2021.  
Midla skal brukast i Frivilligheita sitt år 2022, som går frå 5. desember 2021 til 30. november 2022.  
Rapporteringsfristen er 30. november 2022.  

Kva kan pengane brukast til? 

Ein ny eller eksisterande aktivitet i lokalsamfunnet som engasjerer, gjerne gjennom samarbeid med andre. Ordninga bygg på visjonen til Stavanger kommune – vi bygger fellesskap! Aktiviteten kan til dømes vera: open dag, ryddeaksjon, stå på stand, årbok, avis, festival, konkurranse og mykje meir.  

Kriterium: 

  • Det frivillige laget eller og organisasjonen, må vere registrert i Brønnøysundregisteret med adresse i Stavanger kommune.
  • Aktiviteten må gjennomførast i samsvar med dei smittevernsreglar som gjeld. 
  • Me oppfordrar til samarbeid mellom ulike aktørar. 
  • Så raskt som mogleg etter aktiviteten er gjennomført, men seinast 30. november 2022, skal det leverast ein rapport. Rapporten skal vere i form av ein kort tekst, gjerne med bilete/film frå aktiviteten.  
    Ved å sende inn bilete/film gjer du Stavanger kommune løyve til å dele biletet, for å fremja frivilligheita i kommunen. 

Inspirer kvarandre! Me oppfordrar støttemottakarane til å dele sin aktivitet på Instagram med #frivillighetensår2022stavanger. Hugs open Instagram-profil og løyve til å leggja ut bilete av dei du fotograferer.

Søknadsfrist  

15. november 2021 

Kontaktinformasjon

Randi-Merete Lode

rådgjevar

Mobil:
993 68 692
Telefon:
51 50 89 38
E-post:
randi-merete.lode@stavanger.kommune.no

Relevante artikler