Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Frivilligheit
  4. Eldre ut på middag

Eldre ut på middag

Kort fortalt

Stavanger kommune ynskjer å invitera heimebuande eldre over 65 år ut på middag. Serveringsbransjen vert oppfordra til å delta i prosjektet.

Information in other languages

Stavanger kommune har fått middel frå Statsforvaltaren, og ynskjer å invitera heimebuande eldre over 65 år ut på middag. I tillegg vil kommunen støtta ei hardt råka reise- og serveringsbransje i kommunen.

Ønsker din restaurant eller serveringsstad å ta del i prosjektet «Eldre ut på middag»? Nå kan du søkja Stavanger kommune om å delta.

Søknadsfristen for serveringsstadar er 1. august 2021.

Prosjektet skal gjennomførast mellom 27. september og 10. oktober 2021.

Kven kan søkja?

Følgjande kriterium vert lagde til grunn for vurdering av søknaden:

  • Serveringsstaden må vera i Stavanger kommune.
  • Du må kunne levera eit måltid beståande av forrett, hovudrett (kjøt, fisk og vegetar) og dessert/kaffi til omlag 500 kroner per gjest. Gjesten betalar ein eigenandel på 100,- til spisestaden, resten fakturerast kommunen. Drikke til maten er ikkje inkludert.
  • Om søknaden inkluderer eit kulturelt innslag skal dette vera presentert som eit samla tilbod frå aktøren si side slik at kommunen berre er i kontakt med ein ansvarleg arrangør.
  • Lokala må vera universelt utforma.
  • Lokala må ha kapasitet til minimum 20 gjestar samtidig, og kunne ivareta gjeldande smittevernsreglar.

Du må ha moglegheit til å ta imot reservasjonar direkte frå deltakarar.


Søknadsskjema serveringsstadar


Trykk her for å søke.

Kontaktinformasjon

Innbyggerservice

Besøksadresse:

Olav kyrres gate 23 4005 Stavanger

Telefon:
51 50 70 90
E-post:
innbyggerservice@stavanger.kommune.no

Mandag - fredag kl 08:30-15:00