Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Tur og natur
  4. Friluftskart for Stavanger
  5. Kartlegging av friluftsområde i Finnøy kommunedel

Kartlegging av friluftsområde i Finnøy kommunedel

Kort fortalt

  • Stavanger kommune er pålagd å kartleggja kva område i kommunen som brukast til friluftsliv. Kartlegginga av tidlegare Stavanger og Rennesøy kommune er ferdig, og no skal Finnøy kommunedel kartleggast.
  • Hausten 2020 vart det samla inn informasjon frå Fogn oppvekstsenter, Finnøy sentralskule og innbyggjarar i Finnøy kommunedel om kva område dei bruker til friluftsliv og leik.
  • Dette er ei kartlegging av eksisterande verdiar og reflekterer ikkje strategien til kommune for utvikling av friluftsliv i kommunedelen. Dette vil i staden for bli ei sak i Grøn plan, som vil komma på høyring seinare i 2021.

No ønskjer me innspelet ditt!

Ser du område som du meiner ikkje blir brukt til friluftsliv, eller kanskje område som ikkje har vorte tekne med? Kanskje har område vorte verdsette for høgt, eller lågt?

Presentasjon og skjema over områda kan sjåast her.

Kartet viser område som allereie er spelt inn og kvart område er gitt ein verdi A, B eller C. Ver vennleg og merk kva område du sender merknad om, med talkoden som er i presentasjonen.

Gi tilbakemelding i skjemaet nedst på sida. Fristen for å svara er 17.03.2021.

Høyringa er open. Alle som ønskjer kan senda inn utsegner og merknader.

Kva skjer vidare?

Når høyringsfristen er over startar arbeidet med å oppsummera merknader. Det blir vurdert om kartlegginga skal endrast som følgje av desse merknadene. Dersom det kjem inn merknader som handlar generelt om friluftsliv og strategiar for å leggja til rette for bruk av friluftsområde eller liknande, vil desse bli vidaresende og vurderte til høyringen om temaplanen for naturmangfald, friluftsliv og grøne møteplassar i nærmiljøet, Grøn plan.

Dei som sender inn innspel får ikkje svar på førespurnaden sin. Alle innspel frå private og offentlege etatar blir refererte og kommenterte som ein del av saksframlegget.

Når saka er klar blir lagd ho fram for utval for miljø og utbygging, med forslag om vedtak.

Tidlegare Stavanger og Rennesøy kommune er allereie kartlagd for nokre år sidan. Nysgjerrig på korleis karta der ser ut? Sjå her og trykk fram kartet som heiter kartlagde friluftsområde.

Kontaktinformasjon

Ida Ur Storberget

Rådgiver

E-post:
ida.ur.storberget@stavanger.kommune.no