Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Næring og arbeidsliv
  3. Landbruk og havbruk
  4. Søknad om produksjonstilskot

Søknad om produksjonstilskot

Del 1 er open

Søknadsprosessen for del 1 av søknad om produksjonstilskot i jordbruket, og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2021 opna den 1. mars og er open fram til 15. mars.

Oversiktsbilde Finnøy

Del 1 av søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2021 kan leverast frå og med 1.mars, som er teljedato. Søknadsfristen er 15.mars. 

  • Du kan endre opplysningar i innlevert søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, fram til 29.mars
  • Du kan levere søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, dvs. fram til og med 29. mars, men tilskotsutbetalinga blir då redusert med 1000 kroner for kvar dag fristen blir overskriden. Søknader levert seinare enn 14 dagar etter fristen blir avvist.

Ved del 1. kan føretak med husdyrproduksjon søkje tilskot. I søknaden skal du oppgje:

  • Talet på dyr som føretaket disponerte 1. mars, fordelt på dyreslag.
  • Livdyr av kylling og kalkun som har blitt solgt i søknadsåret.
  • Dersom du slaktar gris, kylling, kalkun, ender eller gjess i løpet av søknadsåret, må du krysse av for at Landbruksdirektoratet kan hente opplysninger frå Leveransedatabasen. Dersom du ikkje kryssar av, vil du ikkje motta tilskot for dyra som er levert til slakt.
  • Du må svare på spørsmål om gjødslingsplan, sprøytejournal, driftssenter og driftsfelleskap under fana «Egenerklæring» og sjekke at opplysningane i fana «Grunnopplysningar» stemmer.

Elektronisk søknadsskjema finn du på Altinn sine nettsider: Altinn - Produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket

Meir informasjon finn du på landbruksdirektoratet sine heimesider. Her finn du lenker til forskrift og rundskriv. Vi viser særskilt til rettleiing til søknad: Produksjonstilskudd og avløsertilskudd - søkeveiledning - Landbruksdirektoratet

Husk å sjekke søknaden nøye

Ved innlevering av søknad om produksjonstilskot har søkjar ansvar for å sikre at tala som blir gitt er korrekte. Feil som kan føre til for høg utbetaling, kan resultere i at tilskotet blir avkorta.

Kommunen skal gjennomføre kontroll av minst 10 prosent av søknadane. Det er då føretaket sitt ansvar å kunne dokumentere/sannsynleggjere at opplysningar gitt i søknaden er korrekte. Relevant dokumentasjon kan til dømes vere dyrehaldjournalar, dokumentasjon på kalvingsdato, dokumentasjon på rase (dersom føretaket har både ammekyr og mjølkekyr), opplysningar frå sauekontrollen m.m. 

Har du spørsmål
Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen for rettleiing dersom du har spørsmål til søknadsordninga.   

Viktige lenker

Elektronisk søknadsskjema finn du på Altinn sine nettsider.

Rettleiar til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid finn du her.

Meir informasjon om ordninga finn du på landbruksdirektoratet sine heimesider.

Kontakt

Dersom du har spørsmål til søknaden kan du kontakta innbyggjarservice i Stavanger kommune på tlf 51 50 70 90