PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Kulturtilskudd
  5. Rask respons - tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak

Rask respons - tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak

Kort fortalt

  • Rask respons gir tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak med behov for mindre finansiering og kortare planleggingstid. 
  • Du kan søkje om inntil kr 15 000.
  • Ingen søknadsfristar.
  • Det er i utgangspunktet tre vekers behandlingstid frå søknaden er motteken, men på grunn av redusert kapasitet i kulturavdelinga hausten 2021 vil det vere noko lengre behandlingstid.  
  • Du må søkje seinast fire veker før tiltaket blir gjennomført.
  • Sjå opptak frå dialogmøte om spørsmål og svar om nye tilskotsordningar innan kunst og kultur.

Information in other languages

Om ordninga

Formålet med tilskotsordninga for rask respons er å gi tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak med behov for mindre finansiering og kortare planleggingstid. Ordninga gir moglegheit for strakstiltak til aktivitetar, enkeltarrangement og andre mindre tiltak eller prosjekt. Ordninga gjeld òg for reisestøtte til nasjonal og internasjonal deltaking.

Du kan søkje om inntil kr 15 000. 

Gjeld søknaden din støtte til utvikling av eigen kunstnarisk praksis, fagleg fordjuping eller utforsking av nye metodar? Då kan du søkje stipendordninga

Gjeld søknaden din støtte om tiltak over kr 15 000? Då kan du søkje ordninga tilskot til profesjonelle kunst- og kulturtiltak. Denne ordninga har søknadsfrist 20. april, 20. august og 20. oktober i 2021. 

Når kan eg søkje og kor mykje kan eg søkje om?

Du kan søkje ordninga gjennom heile året. Behandlingstid er tre veker frå søknaden er motteken.

Du må sende søknaden seinast fire veker før tiltaket blir gjennomført. 

Budsjettet for tilskotsordninga i 2021 er kr 350 000. Budsjettet er vedteke av Stavanger kommunestyre.

Stavanger kommune kan ikkje fullfinansiere eit prosjekt. Eit eventuelt tilskot kan vere lågare enn omsøkt beløp.

Kven kan søkje?

Tilskotsordninga er retta mot visuell kunst, scenekunst, musikk, litteratur, kulturarv, kunst- og kulturkritikk eller andre tverrestetiske kunstarter. 

Både enkeltpersonar og grupper kan søkje.

Søkjar må vere knytt til Stavanger kommune gjennom virke eller bustad.

Ordninga gjeld for:

  • skapande og utøvande kunstnarar
  • kulturarbeidarar
  • ensemble, kompani og kunstnargrupper
  • kunst- og kulturorganisasjonar (under dette arrangørar og formidlingsaktørar)
  • andre kulturverksemder

Ordninga gjeld ikkje for:

  • Kulturinstitusjonar, -organisasjonar og -verksemder som får driftstilskot eller støtte frå andre tilskotsordningar i Stavanger kommune. Unntak kan gjerast for tiltak som ikkje er relatert til den ordinære drifta for verksemda.
  • Rene amatørtiltak. Det kan gjerast unntak for tilskot til samarbeidsprosjekt mellom amatørar og profesjonelle.
  • Studentar og personar under utdanninga til heiltid kan normalt ikkje få tilskot frå denne ordninga.
  • Skal du søkje om tilskot til arrangement i forsamlingskyrkjene, bortsett frå Stavanger domkyrkje, St. Petri og St. Johannes, må du bruke ordninga Kirkekulturell myldring.
  • Søknader som inngår i Filmkrafts mandat, må rettast til Filmkraft.

Generelle retningslinjer:

  • Du kan ikkje søkje om tilskot til same prosjekt i same prosjektfase frå fleire tilskotsordningar i Stavanger kommune.
  • Det blir ikkje gitt støtte til enkeltarrangement som har fått støtte gjennom andre ordningar i Stavanger kommune.
  • Du kan ikkje søkje tilskot til prosjekt som er avslutta.
  • Det blir ikkje gitt støtte til kompetansebyggende tiltak som kan reknast for å vere del av ordinær drift, eller som er del av formell opplærings- eller utdanningsaktivitet.
  • Det blir ikkje gitt støtte til underskotsgarantiar eller tiltak som finn stad i innsamlingsøyemed.

Kva kan eg søkje støtte til?

Du kan søkje støtte til:

  • Prosjekt- og produksjonsstøtte
  • Støtte til enkeltarrangement
  • Reisestøtte ved deltaking nasjonalt og internasjonalt

Ordninga gir moglegheit for strakstiltak til aktivitetar, enkeltarrangement og andre mindre tiltak eller prosjekt.

For søknad om prosjektstøtte og/eller produksjonsstøtte gjeld følgjande:

  • Tiltaket du søkjer støtte til, må ha eit gitt mål, eit avgrensa omfang, og ha ein definert tids- og kostnadsramme. Vi føreset at den kunstnariske produksjonen skal bli vist/gjort tilgjengeleg for publikum.
  • Du kan søkje om prosjektstøtte for kunstnarisk arbeid og/eller kunstnarisk produksjon for ein definert periode. I dette inngår den kunstnariske utviklingsprosessen og ev. administrasjon av produksjonen. I prosjektstøtte inngår òg forprosjekt.
  • Det må finnast ein plan for formidling av prosjektet/produksjonen der det kjem fram kva avtalar/intensjonsavtalar og samarbeid som er stadfesta. Dette gjeld for alle felt.
  • Ved søknad om støtte til produksjon med visningsavtale eller tilsvarande utanfor Stavanger, kan du få støtte til produksjonen dersom du har bu- eller arbeidsstad i Stavanger.

For søknad om tilskot til enkeltarrangement gjeld følgjande:

  • Med enkeltarrangement meiner vi til dømes konsert, framsyning, seminar, mindre festivalar, utstillingar o.l. som skal gjennomførast i Stavanger kommune.
  • Du må ha ein avtale eller eit stadfesta samarbeid med arena og ev. andre samarbeidspartnarar.
  • Du må oppgi eit program og ein plan for formidling av arrangementet i søknaden.
  • Arrangement skal vere opne for alle og arrangør må godta følgjespersonbevis.

For søknad om reisestøtte nasjonalt og internasjonalt gjeld følgjande:

  • Du kan søkje om reisestøtte til deltaking i nasjonale og internasjonale prosjekt. Støtte om deltaking i nasjonale prosjekt gjeld utanfor Rogaland fylke.
  • Begripen deltaking inneber at ein har inngått avtale om utstillingar, konsertar, turnear, framsyningar, residensopphald, samarbeidsprosjekt og liknande.
  • Du må leggje ved avtale, invitasjonar eller bookingar ved profesjonelle visningsstader/scener o.l.
  • Du kan søkje om støtte til reise, opphald eller andre særlege utgifter knytt til forsikring, frakt o.l.
  • Sjå Statens reiseregulativ for utrekning av reisekostnader 
  • Vi oppmodar til å følgje det gjeldande reiserådet frå styresmaktene. Sjekk UDs reiseråd her

Tilskot til reiseaktivitet internasjonalt i 2021 vil ikkje bli prioriterert så lenge det er reiserestriksjonar. 

Ta kontakt med kulturavdelinga i forkant dersom du planlegg å søkje om tilskot til reiseaktivitet internasjonalt i 2021.

Korleis søkjar eg?

Du må sende søknaden elektronisk skjema. Her oppgir du opplysningar om søkjar, tiltak og søknadssum.

NB! Nytt søknadsskjema for rask respons vil komme i løpet av våren.  

Les rettleiing for tildeling av kulturtilskot før du fyller ut skjemaet.

Du må leggje ved følgjande vedlegg:

  • Prosjektskildring der du gjer greie for tiltaket du søkjar om, samarbeidspartnarar, avtalar, visningsstad/arena, ev. program og formidlingsplan.
  • CV som dokumenterer relevant utdanning, kompetanse og praksis. 
  • Budsjett som viser både forventa utgifter inkludert alle honorar og lønnskostnader, og forventa inntekter, inkludert billettinntekter og salsinntekter i tilknyting til tiltaket.
  • Det skal tydeleg komme fram kva andre finansieringskjelder det er søkt støtte frå (omsøkt beløp) eller motteke tilskot frå. Budsjettet skal gå i balanse.

Tekst i søknadsskjema, prosjektskildring og budsjett kan bli brukt i offentleg tilgjengelege saksframlegg. Du må derfor gi ei god og heilskapleg skildring av tiltaket.

Oppgi i søknaden dersom tiltaket du søkjer om, er tilpassa situasjonen under koronapandemien.

Tips til prosjektskildring og budsjett:

Korleis blir søknaden behandla? 

Maksimalt tilsegnsbeløp er kr 15 000. Søknaden blir behandla av administrasjonen.

Behandlingstid er 3 veker frå søknaden er motteken.

Tilskot blir gitt ut frå ein samla skjønnsmessig vurdering der følgjande blir vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar og kompetanse
  • Kunstnarisk nivå, målsetjing, potensiale og gjennomføringsevne
  • Eigenart og evne til nyskaping
  • Bidreg til eit variert og mangfaldig kulturtilbod for ulike publikumsgrupper
  • Budsjett i balanse og gjennomtenkte planar for marknadsføring
  • Anna finansiering
  • Gjeldande mål, satsingar og prioriterte område i Kulturplanen 2018-2025

Storleiken på innvilga tilskotsbeløp vil bli fastsett ut frå tilgjengeleg budsjett og ei skjønnsmessig vurdering og prioritering av søknadene som har komme inn.

Stavanger kommune kan ikkje fullfinansiere eit prosjekt. Eit eventuelt tilskot kan vere lågare enn omsøkt beløp.

Ufullstendige søknader og søknader som fell utanfor retningslinjene for ordninga, vil bli avvist. Søknaden kan òg bli avvist dersom du har late vere å rapportere for tidlegare tilskot. Dette gjeld frå og med innføring av ny ordning i april 2021.

Stavanger kommune kan ikkje fullfinansiere eit prosjekt. Eit eventuelt tilskot kan vere lågare enn omsøkt beløp.

Du kan klage på vedtaket jf. forvaltningslovas §§ 28-36. Klagefristen er tre veker frå motteke svar. Du må då levere ein skrifltig grunngitt og signert klage og sende han til postmottak.ios@stavanger.kommune.no.

Klagesaker blir behandla av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog.

Rapportering

Du må gjennomføre tiltaket i tråd med opplysningar gitt i søknaden. Dersom det oppstår eventuelle vesentlege endringar i prosjektet, under dette budsjett, må du må  skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning. 

Dersom det oppstår vesentlege endringar i prosjektet, må du gi skriftleg beskjed til saksbehandlar for godkjenning. 

Etter gjennomføring må du sende inn rapport via eige skjema. Dette vil bli lagt til grunn for eventuelle seinare løyvingar. Du vil få informasjon om rapportering. 

Retningslinjer for ordninga er vedteken av utval for kultur, idrett og samfunnsdialog 03.02.2021. Ordninga skal evaluerast etter eitt år slik at den best mogleg kan treffe konkrete behov i kunst- og kulturfelta.

Kontaktinformasjon

Nina Osland

rådgiver

Visuell kunst, scenekunst, film 

Mobil:
977 14 810
E-post:
nina.osland@stavanger.kommune.no

Jeanette Flåte Vikse

rådgiver

Økonomi, kulturarv, priser og legat 

Mobil:
51 50 86 37
E-post:
jeanette.flate.vikse@stavanger.kommune.no
Rådgiver for Stavanger 2025 og kultur, Stian

Stian Kristensen

rådgiver kultur og Stavanger 2025.

Litteratur, scenekunst, film

Telefon:
458 59 286
E-post:
stian.kristensen@stavanger.kommune.no

Stein Andreassen

rådgiver 

Musikk, kulturarv, arrangementer, Berlin-leiligheten og Den kulturelle spaserstokken 

Telefon:
51 50 79 60
E-post:
stein.andreassen@stavanger.kommune.no

Maren Skoie

rådgiver

Visuell kunst, Stavanger kommunes kunstsamling, kunst i offentlige rom

Mobil:
402 03 354
Telefon:
51 50 71 66
E-post:
maren.skoie@stavanger.kommune.no