Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Politikk
  3. Ordførar Kari Nessa Nordtun (i permisjon)

Ordførar Kari Nessa Nordtun (i permisjon)

Kort fortalt

  • Kari Nessa Nordtun (Ap) er ordførar i Stavanger.
  • Ordføraren har foreldrepermisjon f.o.m. 28. mars t.o.m. 28. august og f.o.m. 31.august t.o.m. 16. september. 

    Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (SP) rykker opp som ordførar under permisjonen, og Dag Mossige (Ap) er mellombels valt som varaordførar medan
    ordføraren har tredd ut av vervet.

Information in other languages

Bilde av ordføreren

Vekeprogram veke 12

Måndag 21.mars
Møte mellom ordførar, varaordførar, kommunedirektør og politisk sekretariat
Fellesmøte
Møte med Arbeids- og inkluderingsdepartementet- digitalt
Møte med barne- og familieminister Kjersti Toppe- kontoret til ordførar

Tysdag 22.mars
Møte i kommunalutvalget- Stavanger konserthus
Møte i klagenemnd- til Stavanger kommune Stavanger konserthus
Statusmøte Ukraina
Møte i Lyse

Onsdag 23.mars
Møte med Stavanger Hockey
Møte med Sanitetsforeningen og Lions- klubben
Intervju- digitalt

Torsdag 24.mars
Møte med kommunedirektør og politisk sekretariat
Koordineringsmøte mellom politikk og administrasjon
Formøte til formannskapsmøte-Stavanger konserthus
Formannskapsmøte- Stavanger konserthus
Møte i Lyse

Fredag 25. mars
Offisiell opning av Schancheholen brannstasjon
Møte med Arbeids og inkluderingsminister vedr. flyktningar frå Ukraina-digitalt





 

Pressekontakt

Politisk rådgivar og pressekontakt Hilde Fahret Born, mob. 98610989

Talar

Nyttårstalen til ordføraren 2022

Kjære alle saman,
Så har vi teke farvel med endå eit annleis år.
I dag rettar vi blikket framover, og ønskjer eit nytt år velkommen.

2021 kom med store kontrastar.
Vi har feira framgang og håp, og vi har svelgt nokre skuffelsar.
Vi har kjent på gleda over å møtast ansikt til ansikt, og vi har kjent på bekymring.

For jobben, for helsa, og ikkje minst for tolmodet.
Belastning over tid tærer på kropp og sinn.
Og det er menneskeleg å bli sliten.
Då er det godt å kjenne på fellesskapet.
Kjenne at saman er ein mindre åleine.

For somme har pandemien hamna i skuggen av livet, på godt og på vondt.
Mange har ønskt det første barnet sitt velkommen til verda,
medan andre har mista ein dei var så inderleg glad i.

Stavanger har teke farvel med Per Inge Torkelsen, Svein Tang Wa, Vegar Hoel og tidenes Viking-spelar Olav Nilsen.
Vi saknar dei, og minnest dei med stor takksemd.

Pandemien har forsterka vår evne til å gle oss over det vi har, og det vi skaper saman.
Her i Stavanger har vi store planar, og det er inspirerande å sjå på alt som veks og gror i byen vår.

I det store fellesskapet vårt av innbyggjarar finst folk frå nesten alle nasjonar i verda.
Næringslivet vårt femnar byfolk, øybuar, bønder og fiskarar.
Vi er ingeniørar, industriarbeidarar og frisørar frå Tasta, Storhaug og Eiganes.
Vi er teknologar, transportarbeidarar og musikarar frå Finnøy, Hinna og Hillevåg.
Vi er entreprenørar, kokker og gardbrukarar frå Madla, Våland og Rennesøy.

Saman har vi sett fart på utviklinga av Stavanger som energihovudstad, studentby, Noregs fjerde største havbrukskommune, ein av dei største landbrukskommunane i landet og utsøkte matregion.

Vi investerer i framtida, og rustar opp skular, byggjer barnehagar og bustader som folk har råd til.
Vi investerer i merkevara Stavanger, og fortel verda: Kom til oss! Her er det godt å jobbe og bu.
Vi investerer i klima, og held arbeidet fram for å bremse dei øydeleggingane vi sjølv har bidrege til.

Snart er det premiere på Lykkeland 2, som fortel om historia vår.
No er det VI som skriv historie om det som skal bli, og saman må vi tenkje oss godt om; kva vil vi etterlate oss? Kva vil vi at våre barn og barnebarn skal seie om det vi gjorde, om det vi fekk til?

UNG2022-rapporten fortel oss om ein langt meir tolerant generasjon som stiller krav til mangfald, inkludering, klima og miljø. Eit godt teikn på at verda går framover. At den blir betre.

Men dei unge fortel òg ei anna historie.
Ei historie om einsemd og utanforskap.
Derfor har vi i Stavanger sett ned vår eigen kommisjon for Ungt Utenforskap.
Vi har lytta til dei unge, og vi vil følgje deira tilrådingar.
I 2022 skal vi gjere alt vi kan for at ingen skal bli ståande utanfor.
Vi treng dykk – alle saman.

Eg vil rette ein stor takk til alle de innbyggjarar.
Det er dykk som gjer Stavanger til ein god stad å vere. 
Også gjennom ei krevjande tid.

Takk til dei tilsette i helsevesenet som endå ein gong har stått i ei krevjande pandemihandtering.
Takk til tilsette i barnehagar og skular som har stått på for å halde ope kvar dag.
Takk til frivilligheita, til Saniteten, Røde Kors og Norsk Folkehjelp som har hjelpt til med vaksinasjon.
2022 er Frivillighetens År, og de fortener verkeleg å bli feira.

Takk til tilsette i serverings- og utelivsbransjen. De har fått tunge skot for baugen.
Takk til kulturlivet som i motgang og medgang held fram med å minne oss om kven vi er, som får oss til å le, som får oss til å drøyme.
Takk til idrettslaga som skaper viktige fellesskap for små og store.

2021 har kravd mykje av oss.
Men det har òg gitt oss gode klemmar, fulle konsertsalar, tronge barar og jublande folkemengder på Vikingkamp. Gylne glimt av alt vi er så glade i, og som vi veit det skal komme meir av.

Takk til alle de som bitar tennene saman og gir alt – igjen.
Vi som har vakse opp i sidelengs regn er vêrharde og viljesterke
Som Svein Tang Wa skriv i denne teksten som mange av oss er så glade i:

Ka om eg tog meg i nakken
Og lyfta meg opp itte han,
Heilt opp te toppen av bakken,
Då fekk eg vel udsikt igjen.

Udsikt te hav og te himmel,
Udsikt te ting så kan bli,
Tanken e yrande svimmel,
No går eg inn i mi tid.

På vegner av heile kommunestyret; godt nytt år.
Eg gler meg til 2022 saman med dykk.

Fleire taler:

Nyttårstalen til ordføraren 2021

 

Slik kontaktar du ordføraren og rådgivarane hennar

E-post og annan post blir behandla i samsvar med lov om offentlegheit i forvaltninga. Du må rekne med at innhaldet i meldinga di eller brevet ditt kan bli offentleg tilgjengeleg.

E-post:
postmottak.ordforer@stavanger.kommune.no

Hilde Fahret Born

politisk rådgiver og pressekontakt

Mobil:
986 10 989
E-post:
hilde.fahret.born@stavanger.kommune.no

Ragnhild Reilstad Leganger

administrasjonskonsulent

Mobil:
984 89 057
E-post:
ragnhild.r.leganger@stavanger.kommune.no

Thomas Bore Olsen

kommunikasjonsrådgiver

Mobil:
922 34 829
Telefon:
51 50 75 15
E-post:
tbo@stavanger.kommune.no