Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Politikk
  3. Ordførar Kari Nessa Nordtun

Ordførar Kari Nessa Nordtun

Kort fortalt

Kari Nessa Nordtun (Ap) er ordførar i Stavanger.

Information in other languages

Bilde av ordføreren

Vekeprogram, veke 24

Måndag 14.juni
Møte i Energirådet

Tysdag 15. juni

Onsdag 16. juni
Webinar om framtida i havøkonomi

Torsdag 17. juni
Styringsgruppemøte- Regionalplan sjøareal havbruk

Fredag 18.juni
Styremøte i Stavanger Utvikling

Pressekontakt

Politisk rådgivar og pressekontakt Hilde Fahret Born, mob. 98610989

Nyttårstalen til ordføraren 2021

Kjære alle saman.
Endeleg er vi her.
I dag seier vi velkommen til 2021.
Og til eit nytt år som heile verda har venta på.

2020 går inn i historiebøkene som eit globalt kriseår.
Men i dag, på årets første dag, går vi inn i året med ny optimisme, og håpar at vi i 2021 kan sjå byrjinga på slutten av krisa.

Vi har så mange planar, og så mykje vi har lyst til å gjere.
Men for at 2021 skal bli det året vi drøymer om, må vi halde ut litt til.

2020 byrja så bra. Med kommunesamanslåing og nye moglegheiter.
Så kom mars, og resten er historie.
Koronapandemien har fått konsekvensar for nesten alle aspekt av samfunnet og av liva våre.
Næringsliv, kulturliv, arbeidsliv og hverdagsliv.
Nokon har mista jobben, nokon er permitterte.
Andre har jobba meir enn nokon gong,
medan resten av verda har sete på heimekontor.

For somme har det vore fint at verda har gått litt saktare.
Og at kvardagane har hatt eit anna tempo.
Men menneske treng menneske.
Og for somme har dagane på heimekontor, eller på studenthybel langt heimefrå, vore tunge.
Då er det fint at UiS arrangerer kvardagsturar for studentane sine for å motverke einsemd:
Og eg vil oppmode dykk til å gjere det same; kanskje du har ein du kjenner som kunne trenge ein hverdagstur i det nye året?

I Stavanger har vi teke viktige grep for å gjere kvardagen best mogleg for innbyggjarane våre.
For at vi alle skal ha ein jobb å gå til, og for å sikre samfunnskritiske funksjonar og omsorg til heile befolkninga.

Pandemien har ramma slik kriser som regel gjer:
Den går hardast utover dei som er mest sårbare frå før.
Barn og unge, eldre og andre sårbare grupper.
Dette har vi vore ekstra merksame på under pandemien, og det vil vi halde fram med å vere.

Framover vil vi ytterlegare forsterke innsatsen vår, særleg mot barn og unge.
Vi vil gi ekstra tryggleik i skulekvardagen gjennom å styrkje laget rundt elevane våre med fleire miljøterapeutar, og vi vidarefører gratis SFO til alle førsteklassingar.
Også i 2021 vil kommunen arrangere Barnas sommar,
slik at verken pandemi eller økonomi skal hindre barn i ha ein stad å gå,
og ha noko kjekt å gjere i sommarferien.
Vi skal òg opne to nye bufellesskap for menneske med ulike utfordringar, og styrkje heimetenesta, slik at eldre skal få besøk av dei same menneska heime hos seg.

Gjennom pandemien har verda endra seg.
Og vi har endra oss som menneske.
Verdiane vi navigerer etter har tredd tydelegare fram:
Vi har vendt oss mot det nære.
Og det trygge.

Dette blir reflektert i dei økonomiske prioriteringane til kommunen,
der nøkkelorda er tryggleik og økonomisk ansvarlighet, samtidig som vi gjer viktige investeringar for framtida. Det blir òg reflektert i dei vala vi tek som menneske.
Krevjande tider klarnar både hovud og hjarte, og får oss til å rydde bort det som ikkje er viktig.

Til ungdommen, som har fått sett ungdomstida deira på pause:
Verda ventar på dykk.
Og eg håpar at også de ryddar bort det som ikkje er viktig.
At de kjenner mot til å stå imot press og forventningar frå sosiale medium og samfunnet elles. Ver ho du vil vere, og lev livet på ein måte som er meiningsfylt for deg - og be om hjelp når du treng det. Hald fram med å leggje press på berekraft og klima, og test oss gjerne på klimaarbeidet i her i Stavanger, kvar vi gjere gode framsteg, og det skjer mykje bra:

  • I løpet av året har vi laga det første klimabudsjettet vårt, og vi har nyleg vedteke mål om at bygg- og anleggsplassane til kommunen skal vere utsleppsfrie innan 2025.
  • Med Finnøy og Rennesøy som ein del av kommunen vår har vi vorte ein stor landbrukskommune, og vi har nyleg laga ein eigen temaplan for klima og miljø i landbruket. Planen er for tida på høyring og vi tek gjerne imot innspel.
  • Vi har òg opna Stavangers første mobilitetspunkt på Hillevåg Torg, og delt ut Stavanger kommunes aller første Klima og miljøpris. Prisen gjekk til firmaet L Rødne og Sønner for innsatsen deira for meir miljøvennleg sjøfart og investering i den elektriske katamaranen Rygerelektra.

 

Året som har gått har trigga innovasjon og nytenking:
Alle de barn og vaksne i barnehage, skule og SFO, fritidsarbeidarar, foreldre og frivillige, butikkar, restaurantar og kafear, teater, konserthus, orkester og artistar:
I 2020 viste de alle saman at vi er i stand til å snu oss om, og gjere ting på nye måtar.
Med heimeskule, bursdag i hagen, digitale øvingar og konsertar på streaming i stova.
Vi fekk vår første digitale ONS, og ein flott hybrid variant av Nordic Edge Expo.
Og vi lærte å klippe håret vårt sjølv. Det er i alle fall eg veldig glad for at vi ikkje må lenger.

Eg er utruleg stolt over innbyggjarane i Stavanger, og over dei tilsette i kommunen som har handtert både kommunesamanslåing og pandemi – med alt det ber med seg, samtidig som dei har haldt både produksjonen, og motet, oppe. Trass i nedstenging og heimekontor har 2020 takka vere dykk likevel vore eit år for gode resultat og nye milepælar:

  • Vi har arrangert Noregs første nasjonale havvindkonferanse, High Wind, for å ta ein viktig posisjon innan havvind.
  • Vi har hatt vårt aller første møte med heile breidda av fornybarbransjen.
  • Finnøy og Rennesøy har vorte ein del av Hjem-Jobb-heim, og vi har både fått nytt innbyggjartorg og eige landsbruks- og havbrukskontor på Judaberg.
  • Vi hadde rekordmange søkjarar til læreplassane i kommune, og er no ein av landets største lærlingebedrifter. Som eit resultat av det gode arbeidet til kommunen med lærlingar vart leiar av opplæringskontoret Brita Dueland nominert til årets kommuneprofil – gratulerer så mykje!
  • Framover vil vi styrkje arbeidet med å synleggjere moglegheitene innan yrkesfag, noko Sander på 15 år minte meg på då eg hadde ein prat med han rett før jul. Tusen takk til Sander for eit godt innspel, samfunnet stoppar opp utan fagarbeidarane våre!

For første gong arrangerte kommunen i år ein eigen innovasjonsdag for alle tilsette, og passande nok var tittelen «Nytekning i blodet». For i kriser oppstår òg moglegheiter:

  • Aldri har vi vore så tett på næringslivet som i 2020. Dette har gjort oss i stand til å både handtere situasjonen her og no, og yte lokal bistand samtidig som vi har fått på plass viktige og langsiktige strategiske grep, som nytt regionalt næringssamarbeid og ny næringsstrategi, som no er ute på høyring.
  • Vi har nyleg lansert prosjektet «Energihovudstaden», der vi trappar opp energisatsinga ytterlegare, og inviterer til eit breitt regionalt samarbeid. Som Noregs femte største havbrukskommune inviterer vi òg til ei sterk regional satsing på havbruk.

Korona vil prege både næringsliv og økonomi i lang tid framover.
Men i 2021 brettar vi opp ermane, og med ei stødig hand på rattet og blikket retta framover, styrkar vi Stavanger som energihovudstad, storby og landbrukskommune:
Ein liten metropol med eit unikt øyrike, der bedriftene i framtida vil etablere seg, og dei beste hovuda, kanskje med bakgrunn frå e-sport, kjem for å busetje seg, og utvikle ny teknologi og byggje bruer til morgondags industri. Og kvar vi etter kvart sjølvsagt vil få medisinstudium med gradsrett på UiS.

Korleis verda blir etter korona veit vi ikkje heilt endå, og det er opp til oss kva vi vil ta med oss vidare, som enkeltpersonar og som samfunn. Her heime har vi verkeleg fått kjenne på viktigheita av eit sterkt fellesskap, det som både er limd i samfunnet og tryggingsnettet som tek imot oss når krisa rammar. Det må vi ta vare på.

I global samanheng håpar vi:

  • At landet i verda erkjenner at vi er saman i eit lagnadsfellesskap, og at tilliten mellom menneske og nasjonar blir i staden bygd opp for å brytast ned.
  • At pandemien har styrkt og forsterka den grøne bølgja, og at EUs Green Deal og valet av Joe Biden som president i USA vil styrkje arbeidet med å kutte globale utslepp og bidra til å betre internasjonal stabilitet.
  • At leiarane i verda finn løysingar på krig og konfliktar, og at vi saman evnar å finne løysingar på humanitære kriser og stoppe diskriminering på grunnlag av hudfarge, kjønn eller legning.

Her i Stavanger håpar vi at 2021 vil gi oss den gode kvardagen tilbake,
og at arbeidsdagane kan vende tilbake til normalen.
Eg ser fram til å få treffe mange fleire av dykk som bur her i kommunen;
i lokalmiljøet deira, der de jobbar eller går på skule.

Vi bur i ein kommune i ein region som veks stadig tettare saman på grunn av utbygging av infrastruktur og digitalisering. Derfor vil eg få bruke høvet til å takke innbyggjarane i Sandnes, Sola, Randaberg, Kvitsøy, Strand og andre nabokommunar.

Vi er avhengige av kvarandre for å halde fram med å halde smittetala nede, men ikkje minst for å skape vekst og omstilling i lokalt næringsliv. Det er eg overtydd om at vi klarer.


Eg gler meg til vi kan besøkje venner og gi klemmar.
Til vi kan gå på fleire konsertar, teater og dei mange festivalane vi er så glade i.
Og til vi endeleg kan gå på Vikingkamp, sjølv om det blir utan Bjarne Berntsen.
Alt vil ikkje vere som før.
Men det vil bli bra.

Som Stavanger-poet Silje Opofte skriv i diktet sitt:
Verda blir rista
men snart blir kulen sett ned
og alt ramlar på pla~ss
på nye stader

Vi har lagt bak oss eit 2020 vi aldri vil gløyme.
Men no legg vi frå oss det som ikkje vart,
og tek med oss alt vi har lært,
dei gode erfaringane
dei fine augneblinkane
og saman går vi inn i eit nytt år med forventningar og håp.
På vegner av heile kommunestyret for Stavanger kommune vil eg ønskje dykk alle eit godt nytt år.

 

Kontaktinformasjon

E-post:
postmottak.ordforer@stavanger.kommune.no

Hilde Fahret Born

politisk rådgiver og pressekontakt

Mobil:
986 10 989
E-post:
hilde.fahret.born@stavanger.kommune.no

Ragnhild Reilstad Leganger

administrasjonskonsulent

Mobil:
984 89 057
E-post:
ragnhild.r.leganger@stavanger.kommune.no

Thomas Bore Olsen

kommunikasjonsrådgiver

Mobil:
922 34 829
Telefon:
51 50 75 15
E-post:
tbo@stavanger.kommune.no