Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Politikk
  3. Politiske utval i Stavanger
  4. Kommunedelsutval i Stavanger
  5. Støtte og tilskot frå kommunedelsutvala

Støtte og tilskot frå kommunedelsutvala

Kort fortalt

  • Alle lag og organisasjonar, idrettslag, musikkorps, velforeiningar, burettslag med meir kan søkje om tilskot til aktivitetar.
  • Søknadsfristar er 1. februar og 1. september. 

Information in other languages

Alle lag og organisasjonar, idrettslag, musikkorps, velforeiningar, burettslag m.m. kan søkje om tilskot til aktivitetar. Tilskotet skal gå til aktivitetar for heile befolkninga, men ha særleg søkjelys på aktivitetar for barn og unge i kommunedelen.

I kva kommunedelar kom det flest søknader i 2021?

Hinna: 45
Madla & Kvernevik: 45
Hundvåg: 41
Hillevåg: 38
Tasta: 33
Eiganes og Våland: 23
Storhaug: 20
Finnøy: 21
Rennesøy: 17

Kva kan du søkje støtte til? 

  • Tiltak som rettar seg spesielt mot utsette grupper i nærmiljøet.
    Kommunedelens kan ta omsyn til lokale utfordringar.
  • Tilskotet skal gå til lokal aktivitet.
  • Det kan givast støtte til å dekkje honorar til nødvendige roller/oppgåver for å gjennomføre aktivitetar.
  • Kommunale verksemder som rettleier og hjelper ungdom og frivillige til å søkje støtte, kan stå som medansvarleg søkjar
  • Hovudregel at det kan givast tilskot på inntil kr 20 000 .
  • Innsamlingsaksjonar kan få støtte til konkrete utgifter i samband med arrangementet.
  • Søknader som blir sende til fleire kommunedelar samtidig, kan givast støtte dersom tilskotet går til aktivitet i kommunedelen.

Dette blir det ikkje gitt støtte til:

  • Bydekkende organisasjonar som kan søkje støtte frå andre ordningar.
  • Lønnsmidlar til ordinær drift.
  • Innkjøp av større inventar og utstyr og oppgradering av leikeplassar.
  • Kommunale verksemder kan ikkje søkje støtte til eiga drift.
  • Innsamlingsaksjonar der søknadssummen skal gå til velgjerande formål.

Krav til deg som søkjar

  • Det blir søkt og blir rapportert på elektronisk skjema
  • Søknaden må innehalde budsjett og ein tidsplan for når aktiviteten skal gjennomførast.
  • Tilskotsmottakar må rapportere på tildelte tilskotsmidlar innan fastsett dato.
  • Rapporten må samsvare med innhaldet i søknaden.

Det er mogleg å søkje ved å sende e-post til:
Felles postmottak oppvekst og utdanning postmottak.oou@​​stavanger.kommune.no

NB! Merk søknaden med kommunedelen det blir søkt til

Søknadsprosess og søknadsfristar

Søknadene blir behandla politisk av dei ulike kommunedelsutvala kvar vår og haust. Søkjarane vil få svar på e-post når søknaden er ferdig behandla. Søkjarane kan klage på vedtaket. Klaga blir send til kommunedelsutvalet, og må vere registeret innan tre veker etter at svar er motteke.

Søknadsfristane er 1. februar og 1. september.

Søk tilskot frå kommunedelsutvala her.

Skjema: Rapport for bruk av tilskotsmidlane av kommunedelsutvala

Finn ditt kommunedelsutval

Her kan du sjå oversikta over alle kommunedelsutvala i Stavanger kommune. 

Spørsmål om tilskot frå kommunedelane kan sendast til Kjerstin Ropeid:

Kontaktinformasjon

Jurgita Kristiansen

rådgiver tilskudd for prosjekter, tiltak og aktiviteter

Mobil:
905 64 207
Telefon:
51 91 24 84
E-post:
jurgita.kristiansen@stavanger.kommune.no