- Valdagen er 11. september 2023
- I Stavanger gjennomfører vi kommunestyre- og fylkestingsval søndag 10. september og måndag 11. september
- Les meir om valet her
Val 2023
kort fortalt
Information in other languages

Levera listeforslag til valet i 2023
Fristen for å levera listeforslag er 31. mars klokka 12.
Det er fleire krav som må oppfyllast for at eit listeforslag kan godkjennast. Valdirektoratet har derfor laget målar for innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.
Les alt om listeforslaga på valg.no
Elektronisk underskrift på listeforslag
Det er no mogleg å senda elektroniske listeforslag, les meir om korleis dette blir gjort: Opprette elektronisk listeforslag
Har du stemmerett?
Dette er krava du må oppfylla for å kunna stemma ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023:
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2023
- Norsk statsborgar
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
- Viss du har budd meir enn 10 år i utlandet, må du søka om å bli innført i manntalet igjen (dette må vera gjort før valet)
- Utanlandsk statsborgar dersom du
- Har vore innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen
- Er nordisk statsborgar busett i Noreg (registrert i folkeregisteret seinast 30.06.) (Frå Sverige, Danmark, Finland og Island)
Korleis stemmer du?
Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved å gi førehandsstemme. Har du gitt førehandstemme, er det denne som gjeld. Du kan fritt avgjera om du ønskjer å gi førehandsstemme eller stemme på valdagen
Veljarside på valg.no
Hjelp til å stemma
Ta kontakt med ein valmedarbeidar dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal stemma. Valmedarbeidarane har teieplikt.
Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan stemma åleine? Då har du rett på å få hjelp til å stemma av ein valmedarbeidar eller ein annan person som du sjølv peikar ut.
Stemme heime
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan oppsøka eit stemmelokale, kan gi førehandsstemme heime. Då kjem det to valmedarbeidarar heim til deg og får stemma di.
- Meir informasjon kjem -
Stemme i utlandet
- Meir informasjon kjem -
Sjå meir informasjon om å stemma i utlandet.
Står du i manntalet?
Alle veljarar som har stemmerett og er busette i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrerte busette i pr. 30.06.
Har du flytta etter denne datoen, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå. Du kan då velja om du vil stemma på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsstemma.
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste 10 åra, blir du automatisk føra inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.
Har du ikkje vore busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søka om å bli føra inn i manntalet.
- Meir informasjon kjem -
Tidligstemme
- Meir informasjon kjem -
Valstyret
Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer).
Valstyret blir leia av ordførar Kari Nessa Nordtun. Sjå heile medlemsoversikta
Lenker
Kontaktinformasjon

Martha Rødde
seniorrådgiver/valgansvarlig
- Mobil:
- 402 01 305
- Telefon:
- 51 50 72 34
- E-post:
- martha.rodde@stavanger.kommune.no