Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Politikk
  3. Valg
  4. Val 2021
Valg 2021 - Stavanger

Vallokale og opningstider på valdagane

  Stemmekrins Vallokale Opningstid søndag 12.9 Opningstid måndag 13.9
1 Buøy/Hundvåg Hundvåghallen, Austbøsvingene 54 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
2 Varden Nylund skule, Nylundsgaten 1   Kl. 10 - 21
3 Storhaug Bergeland vidaregåande skule, Vaisenhusgaten 50 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
4 Våland Våland skule, Schives gate 21   Kl. 10 - 21
5 Ullandhaug Ullandhaug skule, Hjalmar Johansens gate 13   Kl. 10 - 21
6 Eiganes Administrasjonsbygget til Stavanger kommune, Olav Kyrres gate 23 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
7 Kampen Kampen skule, Kampens gate 33   Kl. 10 - 21
8 Roaldsøy Roaldsøy skule, Nordvikveien 23   Kl. 10 - 21
9 Vassøy Vassøystua, Sørstrandvegen 40A   Kl. 10 - 21
10 Gausel Gautesetehallen, Heddeveien 145 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
11 Hinna Hinna skule, Ordførar Tveteraas gate 11   Kl. 10 - 21
12 Vaulen Hetlandshallen, Skolevollen 15 - NY   Kl. 10 - 21
13 Kvaleberg Hillevåg kyrkje, Veumveien 55 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
14 Tjensvoll Tjensvoll kyrkje, Tellusveien 43   Kl. 10 - 21
15 Stokka Stokka Forum, Adjunkt Hauglands gate 50 - NY   Kl. 10 - 21
16 Madlamark Madla bydelshus, Åsta Kongsmors gate 20 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
17 Hafrsfjord Hafrsfjord skule, Madlasandnes 11   Kl. 10 - 21
18 Kvernevik Kvernevikhallen, Heiloveien 9   Kl. 10 - 21
19 Sunde Sunde skule, Sundeveien 10   Kl. 10 - 21
20 Indre Tasta Tastahallen, Fredtunveien 10   Kl. 10 - 21
21 Ytre Tasta Skulen til vardane, Gamle Dusevikveien 4 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
22 Rennesøy Rennesøy innbyggjartorg, Vikevåg Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
23 Mosterøy Mastrahallen, Askjeveien 57   Kl. 10 - 21
24 Finnøy Finnøy Fleirbrukshall, Hagavegen 2 Kl. 15 - 20 Kl. 10 - 21
25 Fogn Fogn oppvekstsenter   Kl. 10 - 21
26 Ombo Ombo oppvekstsenter, Eidssund   Kl. 10 - 21
27 Sjernarøyene Sjernarøy oppvekstsenter, Aubø   Kl. 10 - 21

Hugs at du har lov til å stemme i det lokalet du ønskjer! Bur du på Rennesøy og jobbar på Forus er du til dømes hjarteleg velkommen til å stemme på Gausel på veg til eller frå jobb. 

Finn vallokala i kart

Hugs gyldig legitimasjon når du skal stemme. Døme på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilete. Legitimasjon skal innehalde bilete, namn og fødselsdato.

Førehandsstemming

Du kan førehandsstemme til stortings- og sametingsvalet 2021 frå og med 10. august til og med 10. september.

Stad Klokkeslett
Torget i Stavanger sentrum Måndag til fredag: kl. 10.00 - 18.00
Laurdag: kl. 10.00 - 17.00
Hillevåg torg Måndag til fredag: kl. 10.00 - 18.00
Laurdag: kl. 10.00 - 17.00
Hundvågkrossen Måndag til fredag: kl. 10.00 - 18.00
Laurdag: kl. 10.00 - 17.00
DNB/Siddishallen Måndag til fredag: kl. 10.00 - 18.00
Laurdag: kl. 10.00 - 17.00
Tastasenteret Måndag til fredag: kl. 10.00 - 18.00
Laurdag: kl. 10.00 - 17.00
Innbyggjarservice i Vikevåg Måndag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 08.30 - 15.00
Torsdag: kl. 08.30 - 18.00
Innbyggerervice på Judaberg Måndag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 08.30 - 15.00
Torsdag: kl. 08.30 - 18.00

Vi oppmodar flest mogleg til å førehandsstemme ved årets val for å avgrense smitterisiko på grunn av koronapandemien. Vi vil sørgje for eit godt smittevern i førehandsstemmemottaka.

Førehandsstemme i institusjon

Godkjende vallister 

Her finn du ei oversikt over alle godkjende vallister til Stortingsvalget 2021

Har du stemmerett?

Dette er krava du må oppfylle for å kunne stemme ved stortingsvalet 2021: 

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Korleis stemmer du?

Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved å gi frå seg førehandsstemme. Har du gitt frå seg førehandstemme, er det denne som gjeld. Du kan fritt avgjere om du ønskjer å gi frå seg førehandsstemme eller stemme på valdagen

Veljarside på valg.no 

Hjelp til å stemme

Ta kontakt med ein valmedarbeidar dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal stemme. Valmedarbeidarane har teieplikt.

Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan stemme åleine? Då har du rett på å få hjelp til å stemme av ein valmedarbeidar eller ein annan person som du sjølv peiker ut.

Sametingsvalet

Sametingsvalet blir gjennomført parallelt med stortingsvalet. Veljar må vere innført i sametingsmanntalet pr. 30.06. 

Kven har stemmerett ved sametingsvalet?
Alle som gir frå seg erklæring om at dei oppfattar seg sjølv som same, og som anten

  • har samisk som heimespråk, eller
  • har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk, eller
  • er barn av person som står eller har stått i Sametingets valmanntal, kan krevje seg innført i Sametingets valmanntal.

Alle samar frå Noreg som er over 18 år eller fyller 18 år i valgåret, har rett til å registrere seg i valmanntalet. Samer som er statsborgarar i andre nordiske land eller Russland, kan registrere seg i valmanntalet dersom dei den 30. juni i valgåret står innført i folkeregisteret som busett i Noreg.

Samar som ikkje er frå eit nordisk land, kan registrere seg i valmanntalet dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.

Stemme heime

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførhet ikkje kan oppsøkje eit stemmelokale, kan gi frå seg førehandsstemme heime. Då kjem det to valmedarbeidarar heim til deg og får stemma di.

Frist for å søkje om å gi førehandsstemme heimanfrå er fredag 10. september kl. 10.00. Søknaden må innehalde namn, telefonnummer, adresse og fødselsdato. Du vil bli kontakta om tidsrom for stemmegiving.

Du kan søkje per e- post til valg2021@stavanger.kommune.no 

Du kan òg ringje oss på telefon 975 18 065 eller 911 15 665

Står du i manntalet?

Alle veljarar som har stemmerett og er busette i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrerte busette i pr. 30.06.

Har du flytta etter denne datoen, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.  Du kan då velje om du vil stemme på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsstemme.

Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Har du ikkje vore busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om å bli ført inn i manntalet.

Du kan sjekke om du er innført i manntalet ved å besøkje Innbyggerservice i Stavanger kommune på følgjande stader i perioden 12. juli – 10. september:

  • Stavanger sentrum, Olav Kyrres gate 23
  • Rennesøy, Asalveien 6
  • Finnøy, Judabergvegen 6

Står du ikkje oppført i manntalet, kan du sende skriftleg søknad om å bli innført. Du kan nytte vedlagde skjema og sende til: Valstyret, Stavanger kommune, Postboks 8001, 4064 Stavanger.

Søknadsskjema

Det vil òg vere mogleg å søkje om innføring i manntalet når du avlegg stemma di. Dette gjeld både ved førehandsstemming og på valdagane.

Tidligstemme

Du kan tidligstemme i perioden torsdag 1. juli - måndag 9. august 2021.

Stemmestader:

  • Innbyggjarservice i Stavanger sentrum, Olav Kyrres gate 23
  • Innbyggjarservice på Rennesøy, Asalveien 6
  • Innbyggjarservice på Judaberg, Judabergveien 6

Opningstider: kl. 08.30 - 15.00

Hugs legitimasjon!

Valgjennomføring og covid-19

Det skal vere trygt å stemme. Vi vil derfor sørgje for å ha godt smittevern i alle vallokale.

Vi oppmodar flest mogleg til å førehandsstemme ved årets val for å avgrense smitterisiko på grunn av koronapandemien.

Er du i karantene eller isolasjon?

Vi tilrår deg som er i karantene å vente med å stemme til du er ute av karantenen. Viss dette ikkje lèt seg gjere, har du moglegheit til å stemme heimanfrå.

Er du i isolasjon eller har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, skal du vente med å stemme til du er frisk og ute av isolasjon. Den siste veka før valdagane kan du stemme heimanfrå. Då vil to valmedarbeidarar med smittevernutstyr komme heim til deg for å ta imot stemma di. Du må har på deg munnbind når du avlegg stemme heime.

Viss du er i karantene eller isolasjon siste veka før valdagane, kan du søkje om å stemme heime fram til kl. 10. på valdagen 13. september. For andre er fristen fredag 10. september kl. 10.00.

Valkortet blir digitalt

Ved det kommande stortingsvalet får du tilsendt valkortet ditt digitalt.

Har du reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadene, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har òg ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer).

Valstyret blir leidd av ordførar Kari Nessa Nordtun. Sjå heile medlemsoversikta

Lenkjer

Valdirektoratet

Kontaktinformasjon

Martha Rødde

seniorrådgiver/valgansvarlig

Mobil:
402 01 305
Telefon:
51 50 72 34
E-post:
martha.rodde@stavanger.kommune.no