PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Ei julepapirforteljing
Liten gutt leser på pakkelapp på en julegave der det er en annen pakkelapp på baksiden.

Ei julepapirforteljing

Det var julaftan, og vesleguten krabba fram frå innunder treet med ei ny julegåve. Han var stor kar nå, hadde akkurat lært å lese, og med det fått jobb som gåveutdelar i stova.

Han fann til-og-frå-hjartet på det glinsande raude papiret og tok til med det møysommelege kunngjeringsarbeidet.

– Ti-i-iii illl Ooo-oo-lll-eee. Ffff rrr råååå moo-oor, las han. – Denne er jo til meg! jubla pjokken og flekte av papiret, mens julekakene gjekk ein ny runde rundt bordet og mor var på kjøkkenet etter påfyll til kaffikoppane.

Men så sto vesleguten der, med ei hendig sjølvvanningspotte og eit par ulltøflar, størrelse bestemor, i dei små nevane. Ole, som hadde hatt nokre alvorsord med nissen før han sovna om kveldane før jul og absolutt ikkje hadde nevnt noko slikt, vart brått ikkje så karsleg likevel. Han var mest på gråten då mor svinsa inn, tok han på fanget og oppklarte misforståinga.

«Hmm, dette var visst ein pakkeplapp frå i fjor. Du skjønar, Ole, at her i huset driv me jo med gjenbruk av julepapir. Sjå der, på andre sida av papiret er den nye lappen!"

– Ti-iiii-il... snufsa Ole og tørka tårene… – beee-beee sss te mmm… stotra han, før han mista leselysta. Det var uansett for seint å bytta pakken med ein annan under treet. For slik var skikken, at ingen har lov til å hente fram ein ny før ei gåve er pakka opp og den heldige har sagt «ååå, så fin ei gåve», og givaren har sagt «men du kan bytta han, altså» og mor har ropt «ikkje krøll papiret, me skal bruke det på ny, eg har rullen her!».

Og med det starta den årvisse diskusjonen om koss det nå var med dette evinnelege julepapiret, – skal det i papirdunken eller i restavfallet?

I år hadde mor førebudd seg godt. Ho kutta debatten like effektivt som ei saks kappar bandet av gåvene.

– Julegåvepapir som me ikkje brukar på ny neste år, skal i restavfallet, det kan ikkje resirkulerast, proklamerte ho. Og då ho såg at både bestemor og onkel Jonas borti sofaen lada snakketøyet, la ho til: – For det har kommunen og dei sagt, så det er ikke noko å diskutera.

I mellomtida hadde gutungen krabba inn under treet på ny og halt fram ei passe stor gåve med julenissepapir. Nesten heilt tilfeldig rista han litt på den harde pakken, og høyrde ein kjent lyd. Var det ikkje mest som når han ristar leikekassen han har under senga på rommet?

Men så var heller ikkje denne til han. Tiii-llllllll mooo-oo-oor. Ffff rrr rååååå fffff aaaaa-rrr, mumlelas Ole. Han hadde ikkje heilt fått tilbake gløden i kunngjeringane sine.

– Åååå, ska’ sei! kvitra mor mot mannen sin, – eg som trudde me to var enige om å ikkje gje gåver til kvarandre!

Men det ho pakka opp var enda eit døme på at påklistra pakkelappar gjerne følgjer med for den som går for gjenbruk av gåvepapir.

For der sat mor og heldt fram akkurat det Ole hadde kviskra til nissen at han ønskte seg mest av alt.

– Jaja, God jul då, Oleguten min, sa ho. Og så rulla ho mor fint saman eit passe brukt julepapir med mange nissar og minst to pakkelappar på.

Fra musikkpavljongen i parken, i en blåmørk vinterkveld med masse julelys . Tekst på bildet: "God jul og godt nyttår. Stavanger kommune"