Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Forurenset sjøbotn

Forureina sjøbotn

KORT FORTALD

  • Nokre stader i Stavanger er sjøbotnen veldig forureina.
  • Du bør ikkje ete sjømat frå desse områda.
  • Kommunen dekkjer til sjøbotnen for at forureininga ikkje skal spreie seg.

Information in other languages

Sjøbunn i Stavanger. Foto: Harald Pettersen

Kvar kjem forureining på sjøbotnen frå?

Nokre stader i Stavanger sine hamneområde er det mykje forureining i sjøbotnen. Tungmetall, tjærestoff, kvikksølv, bly og andre kjemiske stoff vitnar om gamle miljøsynder frå industri på land, frå stoff som er brukt på båtskrog og frå andre kjelder.

Desse stoffa blir verande i naturen i veldig lang tid. Frå sjøbotnen kan dei gå over i fisken og andre sjødyr som lever i området. Dei kan skade helsa viss ein får dei i seg.

Kvar er sjøbotnen mest forureina?

Stavanger kommune har kartlagd forureina sjøbotn i hamneområda. Forureininga er størst i Galeivågen, Bangarvågen og ved Jadarholm på Buøy/Hundvåg.

Det er òg forureina sjøbotn i Vågen, vestover til Kalhammeren og austover til Siriskjær, i Lervig, Breivik og Ramsvik, og i Hillevågsvatnet.

Korleis avgrensar vi forureininga?

Stavanger kommune har fått utarbeidd ein tiltaksplan for forureina sjøbotn i fire hamneområde. Last ned heile rapporten (PDF, 45 mb).

Kommunen har byrja å dekke til forureina sjøbotn der det er mogleg, slik at forureininga ikkje spreier seg.

Er fisken og sjømaten trygg å ete?

Forurenset sjĂžbunnFisk og sjømat som blir seld i butikk, på Fisketorget eller frå fiskebåtane ved kaien, er trygg å ete. Den er fiska lengre ute i sjøen og havet.

Mattilsynet gir råd om å unngå sjølvfanga fisk og skaldyr frå område som er forureina.

Ved dei meist forureina hamneområda i Stavanger har kommunen sett opp skilt som åtvarar mot å ete fisk og sjømat frå desse områda.

Miljøkart for Stavanger

Sjå kart over miljøstatus for Stavanger på nettsida miljøstatus.no.

Kva kan du gjere for å forureine sjøen mindre?

Alle kan bidra til at det kjem færre kjemiske stoff ut i sjøen. Her er nokre tips:

  • Ikkje tøm kjemikaliar som whitesprit, målingsrestar eller anna i toalettet eller vasken. Levér det i raud dunk som «farleg avfall».
  • Når du skrapar måling av hus eller andre bygg, samle opp avskrapet på ein duk og levér det til mottak for farleg avfall.
  • Vel miljømerka sjampo og hudpleieprodukt. Då unngår du at farlege stoff og mikroplast renn ned i sluket og ut i havet med avløpsvatnet.
  • Vel miljømerka båtvask eller botnstoff, og bruk godkjend spyleplass og oppsamlingsplass for farleg avfall i båthamna.