- Småbarnsfamiliar kan igjen søkja støtte om kjøp av el-lastesyklar.
- Bedrifter, ideelle organisasjonar, barnehagar, sjukeheimar og helsetenester i Stavanger kommune kan også søkja om støtte til el-lastesykkel.
- Når elektriske laste- og transportsyklar erstattar køyretøy med fossilt drivstoff, bidreg det til å redusera utslepp av klimagassar i Stavanger.
Støtte til kjøp av elektriske lastesyklar
Kort fortald:
Information in other languages

Kven kan søkja om støtta?
- Barnefamiliar som har barn fødd i 2016 eller seinare og som ønskjer å kjøpa el-lastesykkel berekna for minst to barn. Barnefamiliar som har fått tildelt støtte frå Stavanger kommune til kjøp av el-lastesykkel tidlegare, kan ikkje søkja på ny denne runden.
- Bedrifter, ideelle organisasjonar, barnehagar, sjukeheimar og helsetenester som vil bruka el-lastesykkel til vare- og persontransport eller frakt av utstyr for handverkarar.
- Søkjarar må vera busett/registrert i Stavanger kommune.
Kva kan du søkja om støtte til?
- Kjøp av el-lastesykkel som blir levert av norsk leverandør eller butikk.
- Du kan ikkje søkja om støtte til el-lastesykkel som allereie er bestilt eller kjøpt.
- Den som får støtte, skal behalda el-lastesykkelen i minst 3 år.
- Støtta, eller deler av støtta, skal betalast tilbake viss ho er utbetalt på feil grunnlag.
Kor mykje gir kommunen i støtte?
- Støtta er på inntil 15 000 kroner.
- Støtta kan ikkje utgjera meir enn 50% av pristilbod på sykkelen.
- Kvar søkjar kan få støtte til éin el-lastesykkel.
Kommunen har sett av inntil 1,3 millionar kroner til denne støtteordninga. Av dette kan inntil 800 000 kroner bli brukte til el-lastesyklar til barnefamiliar. Viss kommunen får fleire søknader enn det er midlar til, blir det avgjort ved loddtrekking kven som får støtte.
Korleis søkjar du?
- Før du søkjer, må du få eit pristilbod på sykkelen du ønskjer å kjøpa frå forhandlaren.
- Klikk på lenkja til søknadsskjemaet nedanfor, logg deg inn og fyll ut.
- Skriv også kort kva du har tenkt å bruka el-lastesykkelen til. Dette blir lagt vekt på når søknaden blir behandla.
- Last opp pristilbod på sykkel saman med skjemaet, og send det inn.
- Frist til å søkja om støtte er 26. april 2023. Du får svar på søknaden innan 16.mai.
Her søkjer du om støtte
Utbetalingsskjema
Når el-sykkelen er betalt, fyller du ut dette utbetalingsskjemaet og lastar opp kvitteringa for kjøpet. Etter at utbetalingsskjemaet er godkjent, blir støtta utbetalt til kontonummeret du har oppgitt i utbetalingsskjemaet.
No kan du også leiga el-lastesyklar
Frilager, saman med Stavanger kommune, låner ut el-lastesyklar til 20 kroner dagen. Maksimal låneperiode er 7 dagar. El-lastesyklane er berekna til transport av barn, men kan også brukast til varetransport. Per i dag er det utplassert syklar ved Bekkefaret bydelshus, Kvernevik bydelshus, Tasta bydelshus og Hundvåg bydelshus..
El-lastesyklane kan bestillast på Frilager.
Støtte til kjøp av el-moped og el-motorsykkel ENOVA gir kr. 3500 i støtte til kjøp av el-moped og inntil kr. 25000 til kjøp av el-motorsykkel. Meir informasjon om støtteordninga og søknadsskjema finn du her.
Kontaktinformasjon
Nicolai Songe-Møller
rådgiver elbil-lading
- Mobil:
- 474 58 842
- E-post:
- nicolai.songe-moller@stavanger.kommune.no