Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Gode miljøval i Stavanger
  5. Grønnere transport
  6. Støtte til kjøp av el-lastesykkel

Støtte til kjøp av elektriske lastesyklar

Kort fortald:

  • Barnefamiliar, bedrifter, ideelle organisasjonar, barnehagar, sjukeheimar og helsetenester i Stavanger kommune kan søkje om støtte til ein el-lastesykkel.
  • Når elektriske laste- og transportsyklar erstattar køyretøy med fossilt drivstoff, bidreg det til å redusere utslepp av klimagassar i Stavanger. 

  • Søknadsfrist er 15. mai 2021.

Information in other languages

Collage av el-lastesykler

Kven kan søkje om støtta?

  • Barnefamiliar med barn fødd i 2011 eller seinare, som ønskjer å kjøpe el-lastesykkel med plass til minst to barn.
  • Bedrifter, ideelle organisasjonar, barnehagar, sjukeheimar og helsetenester som vil bruke el-lastesykkel til vare- og persontransport eller frakt av utstyr for handverkarar.
  • Søkjarar må vere busette/registrerte i Stavanger kommune.

Kva kan du søkje om støtte til?

  • Kjøp av el-lastesykkel som blir levert av norsk leverandør eller butikk.
  • Du kan ikkje søkje om støtte til el-lastesykkel som allereie er bestilt eller kjøpt.
  • Den som får støtte, skal behalde el-lastesykkelen i minst 3 år.
  • Støtta, eller deler av støtta, skal betalast tilbake viss ho er utbetalt på feil grunnlag.

Kor mykje gir kommunen i støtte?

  • Støtta er på inntil 30 000 kroner per el-lastesykkel.
  • Støtta kan ikkje utgjere meir enn 30% av pristilbod på sykkelen.
  • Kvar søkjar kan få støtte til éin el-lastesykkel. 

Kommunen har sett av inntil 1 million kroner til denne støtteordninga. Av dette skal 600 000 kroner bli brukte til el-lastesyklar til barnefamiliar. Viss kommunen får fleire søknader enn det er midlar til, blir det avgjort ved loddtrekking kven som får støtta.

Korleis søkjer du?

  • Før du søkjer, må du få eit pristilbod på sykkelen du ønskjer å kjøpe frå forhandlaren.
  • Klikk på lenkja til søknadsskjemaet nedanfor, logg deg inn og fyll ut. 
  • Skriv òg kva du har tenkt å bruke el-lastesykkelen til.
  • Last opp pristilbod på sykkel saman med skjemaet, og send det inn.
  • Frist for å søkje om støtte er 15. mai 2021. Du vil få svar på søknaden innan 1. juni 2021.
  • Når du har fått tilsegn om støtte, må du sende inn utbetalingsskjema og kvittering innan 3 månader.

Utbetalingsskjema

Når el-sykkelen er betalt, fyller du ut utbetalingsskjemaet og lastar opp kvitteringa for kjøpet. Du må sende inn skjemaet til Stavanger kommune seinast 3 månader etter at kommunen har gitt tilsegn om støtte.

Etter at utbetalingsskjemaet er godkjend, blir støtta utbetalt til kontonummeret du har oppgitt i utbetalingsskjemaet.

Skjema for å få utbetalt støtte      

No kan du òg leige el-lastesyklar

Stavanger kommune låner ut el-lastesyklar til 10 kroner dagen. Maksimal låneperiode er 30 dagar. El-lastesyklane er berekna til transport av barn, men kan òg brukast til varetransport. Per i dag er det utplassert syklar ved Bekkefaret bydelshus, Kvernevik bydelshus og hos Frilager på Friheim.

El-lastesyklane kan bestillast på www.frilager.no

Bagatellmessig støtte

Tilskot til tiltaket blir gitt som såkalla bagatellmessig støtte. Dersom du har søkt på og motteke bagatellmessig støtte dei siste tre åra, må du informere om dette i søknaden. Du må òg oppgi storleiken på eventuell støtte.

Les meir om bagatellmessig støtte på nettsida til regjeringa.

Klage

Får du avslag på søknaden din, kan du klage til e-post: postmottak@‚Äčstavanger.kommune.no

Formannskapet i Stavanger kommune er klageinstans.

Klagefrist er 3 veker etter du fekk avslaget.

Kontaktinformasjon

Nicolai Songe-Møller

rådgiver elbil-lading

Mobil:
474 58 842
E-post:
nicolai.songe-moller@stavanger.kommune.no