PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Rapport: Klimatilpassing

Rapport: Stavanger bør førebu seg på klimaendringane

Kort fortald

  • Klimaendringane gjer Noreg varmare, villare og våtare.
  • Ein rapport frå 2017 anslår at Stavanger kan tene store summar på å førebu seg godt på klimaendringane.

Information in other languages

Studien er laga av konsulentselskapet COWI Danmark, og bestilt av dei to byane Stavanger og Tromsø. Miljødirektoratet har finansiert rapporten.

Klimatilpassing kostar, men løner seg

Både Stavanger og Tromsø vil oppleve eit høgare havnivå og meir nedbør framover mot 2100. Havnivåstigninga kan føre til at stormflod og bølgjer strekkjer seg lenger inn på land, enn det som er høvet i dag. Stavanger er spesielt utsett for havnivåstigning og kan forvente at det som i dag er 200 års stormflod, hender kvart år mot slutten av hundreåret.

Tal frå Klimaprofil Rogaland frå januar i år viste at årsnedbøren er berekna å auke med ca. 10 % fram til år 2100. Det er forventa at episodar med kraftig nedbør aukar vesentleg både i intensitet og hyppigheit i alle årstider.

Kan spare sju milliardar

Estimata frå COWI indikerer at både Stavanger og Tromsø vil unngå store skadekostnader ved å vere føre var, og setje i verk tiltak mot høgare havnivå og stormflod. For Stavanger blir nettogevinsten anslått å bli på over sju milliardar kroner i åra fram mot slutten av dette hundreåret, dersom kommunen set i verk dei naudsynte tiltaka for å møte eit villare, våtare og varmare klima.

COWI har, i tråd med nasjonale føringar, lagd dei høgaste framskrivingane av klimagassutslepp, frå i dag fram mot 2100, til grunn i analysen sin.

I analysen har COWI vald å leggje vekt på klimatilpassingstiltak, dike og mur, i Stavanger og Tromsø. Det kan vere andre sikringstiltak som gir større samfunnsøkonomisk gevinst enn dei som blir skisserte i rapporten.

Funnet i rapporten og moglege tiltak for Stavanger:

  • I Stavanger er skadekostnadane frå flaum frå hav berekna til ca. 10,91 mrd. kroner.
  • I den samfunnsøkonomiske analysen er det gått ut frå at det i Stavanger blir sett opp ein oversvømmelsesmur dei stadene i byen der er størst økonomisk risiko når havet stig.
  • Lengda på muren er berekna til 32 km. Diker er eit anna alternativ, men dette er det ikkje plass til i sentrumsområda.
  • Med muren kan skadeomfanget bli redusert med 80 prosent, og kostnaden vi sparer ved å byggje muren vil bli høgare enn kostnadene ved å byggje og halde han ved like.
  • Muren kan tidlegast stå klar i 2025.
  • Tiltakskostnader i Stavanger er berekna til 910 millionar kroner.
  • Auka havnivå vil føre til skadar på bustader, forretningar, offentlege område og vegar i Stavanger.
  • Skadane frå flaum er konsentrerte til tre område i Stavanger (sjå kart).
  • Skadekostnadene er spesielt høge i sentrumskjernen.
  • Eit alternativ er 20 km mur i område 1, 8 km i område 2 og 4 km i område 3.

Last ned heile rapporten. (PDF, 28MB) | Les òg Miljødirektoratets pressemelding om rapporten

Kontaktinformasjon

Lokal kontaktperson i Stavanger:
Hugo Kind, koordinator klimatilpassing. Beredskapsavdelinga

Telefon 51 50 85 32, mobil 971 72 570

Meir informasjon: 
klimatilpasning.no | Klima i Noreg 2100 | Havnivårapporten