PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Slik fyrer du riktig

Slik fyrer du riktig

KORT FORTALD

  • Rett fyring gir mindre svevestøv, betre luftkvalitet og reduserer risiko for pipebrann.
  • Når mange fyrer i vedomnar samstundes, aukar mengda svevestøv i lufta. Det bidreg til dårleg luftkvalitet, noko som igjen kan gi helseplager. Ved å fyre riktig, bidreg du til å redusere utsleppa av svevestøv frå vedfyring.
  • Eit teikn på at veden brenn best mogleg, er at flammane er klare, delvis gjennomsiktige og har ein blåtone. Flammane skal ikkje fylle brennkammeret i omnen. 
  • Her får du gode tips til riktig fyring.

Information in other languages

Slik fyrer du riktig

Her er gode tips for riktig fyring:

Bygg bålet riktig 

  • Plasser eit par tørre vedkubbar nedst. 
  • Bygg nokre etasjar med mindre kvist og opptenningsved. 
  • Legg to til tre opptenningsbrikettar øvst. 

Tenn frå toppen 

Opptenning frå toppen gir raskare oppvarming av brennkammeret. Då får ein hurtig god trekk i omnsrøyr og pipe, meir oksygen til flammane og høgare temperatur.  

Sørg for nok luft 

  • La ventilane i vedomnen vere heilt opne og sett gjerne omnsdøra på gløtt dei første 15 minutta til det brenn godt. 
  • Ikkje steng spjeldet så mykje at flammen døyr ut. 
  • Syt for at det er nok friskluft i rommet, så eldstaden får “pusteluft”.

Når du legg på meir ved: 

  • Legg i nye kubbar når flammane byrjar å forsvinne og det meste av veden har blitt til glør. 
  • Unngå å fylle store mengder ved i omnen, følg bruksrettleiinga for omnen.

Hugs!  

Fyr berre med reint trevirke. Ikkje brenn behandla eller impregnert materiale. 

Kjelde: Rogaland brann og redning IKS