Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Sosialtjenester
  3. Bostøtte

Bustøtte

Kort fortalt

  • Bustøtte skal bidra til at personar som har låge inntekter og høge buutgifter kan dekkje buutgiftene.

  • Det er to ulike bustøtteordningar: bustøtte frå Husbanken og kommunal bustøtte. 

  • Du må vere registrert i Folkeregisteret på adressa du søkjar bustøtte for. 

Information in other languages

Bustøtte frå Husbanken

  • Kommunen behandlar søknader om bustøtte frå Husbanken, og  har all kontakt med deg som søkjar. Det er likevel Husbanken som avgjer om du får bustøtte.
  • Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Husbanken betaler ut bustøtta den 20. i månaden etter. 
  • Du finn meir informasjon om bustøtte frå Husbanken på nettsida: husbanken.no.
  • Her kan du søkje om bustøtte frå Husbanken. Dersom Husbanken innvilgar søknaden din om bustøtte, blir søknaden overført til neste månad. Du treng ikkje å søkje på nytt. Dersom du får avslag fordi du har for høg inntekt ein eller to månader, blir søknaden din òg overført til neste månad automatisk. Du må likevel søkje på nytt dersom du får avslag tre månader på rad.
  • Meld frå om endringar på nettsidene til Husbanken. Du har plikt til å melde frå viss det er endringar i nokre av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. 

Kommunal bustøtte

  • Dersom du bur i eit kommunalt bufellesskap, hybelhus eller i ein privat omsorgsbustad som er tildelt av kommunen, kan du søkje om kommunal bustøtte. 
  • Du kan ikkje få kommunal bustøtte dersom du får sosialhjelp, introduksjonsstønad eller kvalifiseringsstønad. Du kan likevel søkje om Husbankens bustøtte (sjå øvst på sidan).
  • Inntekta di og buutgiftene dine, og dessutan kva du får i bustøtte frå Husbanken, avgjer om du får kommunal bustøtte. Det er ikkje fast øvre inntektsgrense for kommunal bustøtte. Kor høg inntekt du kan ha varierer etter kor høg buutgift du har. Kommunen bereknar som hovudregel inntekta etter siste tilgjengelege likning.

Du må søkje om bustøtte frå Husbanken før du søkjer om kommunal bustøtte. Søknadsfrist for kommunal bustøtte er 1. kvar månad med utbetaling ca. 20. same månad. Last ned søknadsskjema for kommunal bustøtte.

Du sender søknadsskjemaet til:
Stavanger kommune, bustadkontoret
Postboks 8001
4068 Stavanger

Opningstider - bustadkontoret

Bustadkontoret er ope mandag-fredag, klokka 09.00-14.30.

Kontaktinformasjon

Boligkontoret

Besøksadresse:

Løkkeveien 51 4008 Stavanger

Postadresse:

Postboks 8001 4068 Stavanger

Telefon:
51 50 70 90
E-post:
boligkontoret@stavanger.kommune.no