Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Her graver kommunen
  4. Kongsgata

Rehabilitering av Kongsgata

Kort fortalt:

  • Stavanger kommune skal rehabilitere Kongsgata, frå Byterminalen til Klubbgata.
  • Anleggsperioden blir i 2023 og 2024.

Information in other languages

Teknisk kart, Kongsgata ovenfra, slik den skal bli
Byggjeprosess Kongsgata

Om byggjeprosjektet

Type anlegg Rehabilitering av gate og fortau
Byggjestad Kongsgata, mellom Byterminalen og Klubbgata.
Samanheng Delprosjekt i arbeidet med å gjere Kongsgata og Klubbgata om til gode byrom for kollektivtrafikk, syklande og gåande, i tråd med vedteken sentrumsplan.
Kostnadsramme kr 59 mill. (2018)
Entrepriseform Delte entreprisar
Fullført Hausten 2024
Prosjektleiar Omar Schevik, utbyggingsavdelinga

Snitt-tegning av Kongsgata, med fotgjenger ei parken, muren, busser, syklist, fotgjengere, fortauskafe og bebyggelse.

Dette inngår i prosjektet:

  • Grave opp dårleg fundamentering i grunnen og leggje ny, solid fundamentering og nytt dekke av brustein i gata. 
  • Gatebrosteinen i granitt skal vere slik at han tek omsyn til både trafikantar, vedlikehald og estetikk. Det skal òg takast historiske omsyn i val av stein.
  • Byggje opp fortau på ny, i slitesterk granitt. Den skal passe til gatesteinen, busetnaden i gata og byparken.
  • Viss mogleg, skal granittsteinen vere produsert i Noreg.
  • Etablere overvassløysing for to bratte bakkar ned mot Kongsgata, slik at mest mogleg regnvatn blir drenerte i grunnen, og ikkje fossar ut i Kongsgata når skybruddene kjem.
  • Klargjere gata for syklistar og kollektivtransport. 
  • Opne opp i muren mellom Kongsgata og Byparken for å betre tilgjengelegheita for folk i byrommet mellom parken og forretningar langs gata.
  • Etablere mellombels løysing for all trafikk i anleggsperioden, ikkje minst busstrafikken i samråd med Kolumbus. 
  • Kommunisere med ramma naboar og interessentar undervegs. 

Mellombels asfaltering

Forfatninga til kongsgata var så dårleg at kommunen i mars 2022 la gjenbruksasfalt på delar av av strekninga, som, ei mellombels løysing fram til rehabiliteringa startar i 2023.

Det blir ingen bruk av asfalt når gata blir rehabilitert. Då blir det lagt ny brustein. Den gamle er teken vare på for gjenbruk ein annan stad i kommunen.

Trafikkinformasjon 2023 – 2024

All trafikk i Kongsgata må òg leggjast om når Kongsgata blir rehabilitert med ny brustein i 2023 og 2024.

Meir konkret informasjon om omkøyring for buss- og biltrafikk i anleggsperioden vil komme her når løysingane er bestemde. 

Syklistar og fotgjengarar kan lettare velje andre vegar i området, og får mindre utfordringar under anleggsarbeidet.

Konsekvensar for naboar og næringsliv 

Alt anleggsarbeid gir mellombelse ulemper for dei som bur eller har verksemd i nærleiken. 

For naboar, lokalt næringsliv og andre som ferdast forbi, vil det til tider kunne vere utfordringar med framkommelighet, støy, anleggstrafikk og støv. 

Kommunen vil gjere det vi kan for at anleggsarbeidet blir til så lite bry som mogleg. Vi skal informere ramma partar så godt vi kan undervegs. 

Andre ramma planar og prosjekt

Sentrumsplanen: Sentrum skal utviklast med gå- og sykkelvennlige byrom, gater og vegar. Bussgate i Kongsgata og Klubbgata, og kollektivfelt i heile Verksgata og vidare austover, skal bidra til at bussar kjem lettare fram i og gjennom sentrum. 

Karet som viser Kongsgata, Klubbgata, verksgata

Ein eigen plan for opprusting av Klubbgata kjem etter kvart. Opprusting av kollektivfelt i Verksgata og austover står fylkeskommunen for.

Bystyret vedtok i mars 2019 at Kongsgata og Klubbgata skal stengjast for biltrafikk når bussveien er ferdig i  Olav Vs gt og Jernbaneveien, og opnast for trafikk.

Kommunen arbeider elles med ein eigen plan for fornying av Byparken.

Kontaktinformasjon

Omar Schevik

Prosjektleder, utbyggingsavdelingen

Telefon:
969 40 697
E-post:
omar.schevik@stavanger.kommune.no

«Sentrum skal utviklast med gå- og sykkelvennlige byrom, gater og vegar. »