Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Stavanger på sykkel
  4. Utleige av sparkesyklar i Stavanger

Utleige av el-sparkesyklar i Stavanger

Kort fortalt:

  • Tre firma har avtale med Stavanger kommune om å leige ut el-sparkesyklar frå kommunale areal i byen.
  • Har du spørsmål om bruken av sparkesyklane og betaling, sjå kontaktinfo til firmaa nedanfor.
  • Du som bruker syklane må setje dei frå deg slik at dei ikkje er i vegen for andre.
  • Bruk hjelm!
  • Vil du melde om utleige-sparkesyklar på avvegar, gå til Varsle om feil.
  • Sparkesyklane kan brukast mellom kl 05 og 24. Om natta skal dei vere deaktiverte.
  • Utleie-sparkesyklar som blir plasserte ut på kommunale areal utan avtale med kommunen, blir fjerna for rekninga til eigaren.

Information in other languages

noen sparkesykler oppstilt på fortau

Utleige av el-sparkesyklar frå kommunal grunn

Retningslinjene for utleige av e-sparkesyklar vart vedtekne av kommunalstyret for miljø og utbygging i september 2019. Dei fullstendige retningslinjene for ei forsøksordning ligg i dokumenta til den politiske behandlinga:

Siste nytt: Stavanger kommune jobbar akkurat no med ei ny lokal forskrift for utleige av el-sparkesyklar, og ho vil sannsynlegvis komme opp til politisk behandling i september 2021.

Stortinget vedtok lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i juni i år. Dette opnar for at kommunane kan vedta eigne lokale forskrifter. 

Dei nye reglane i vegtrafikklova frå Samferdselsdepartementet som tredde i kraft 18. mai gir kommunen betre heimel for å trafikk-regulere bruk av el-sparkesyklar.

Til saman gir dette kommunane eit betre rettsgrunnlag for kommunale reguleringar. Det gjeld både trafikk-reguleringar og reglar for utleige av el-sparkesyklar på offentleg grunn. 

- Stavanger legevakt har ikkje rapportert om mange skadar knytt til bruk av el-sparkesyklar i Stavanger. Vi har god dialog med dei tre utleigeselskapa, seier seksjonsleiar for veg, Trygve Petter Nilsen. 
 

Desse selskapa driv med utleige i Stavanger

Tre leverandør, Tier, Ryde og Voi driv no utleige av sparkesyklar på kommunal grunn, etter å ha inngått avtale med Stavanger kommune. Kvar leverandør kan ha utplassert inntil 250 syklar i byen. 

Forsøk på utleige av el-sparkesyklar frå kommunal grunn utan avtale med kommunen, vil føre til at kommunen fjernar syklane for rekninga til leverandøren.

Spørsmål om bruk og betaling

Vil du spørje om eller klage på bruken, betalinga eller plasseringa av sparkesyklane, kontaktar du leverandørane:

Kontakt Tier

  • Opplever du problem eller har spørsmål om korleis du bruker syklane, kontakt Tier kundestøtte på 23 50 65 74 (måndag–fredag kl. 08–20) eller e-post support@teier.app.
  • Du kan òg kontakte Tier på e-post for førespurnader om feilparkerte eller henslengte sparkesyklar og andre førespurnader direkte knytt til Drifta til tiar i Stavanger
  • Sjå meir på Tiers nettsider. (engelsk)

Kontakt VOI

Kontakt Ryde

Finn du sparkesyklar på avvegar?

Leverandørane har forplikta seg til å hente inn og omplassere sparkesyklar som har stått i ro i to døgn.

Vil du melde frå om sparkesyklar som står hensette eller ligg slengt stader der dei ikkje skal liggje, kontakt leverandøren. Sjå kontaktinfo ovanfor. Du kan òg melde frå på VOF:

  1. Gå til varsleomfeil.no (VOF)
  2. vel "Sykkel" og merk av i kartet der sparkesykkelen er
  3. Vel "El-sparkesykkel feilparkert" frå menyen over typar feil.

Utsnitt av skjermbilde fra varsleomfeil.no
Velg dette på VOF for å melde om utleie-sparkesykkel på avveie. (Menyen ser litt ulik ut på en pc, dette er fra mobilversjonen).

Du kan leggje ved kommentar, bilete og om du vil ha tilbakemelding på kva som skjer med saka, før du får sjå meldinga du har laga og kan sende den inn. 

Krav til utleigarane og sparkesyklane

Retningslinjene utleigarane har godteke seier mellom anna:

  • El-sparkesyklane skal vere deaktiverte, og dermed ikkje vere moglege å bruke, mellom midnatt og kl 05.00. (I avtalen står det at dei skal hentast inn om natta. Gjeld ikkje inntil vidare på grunn av korona-epidemien.)
  • Syklane skal ikkje utplasserast når det er fare for snø eller is.
  • Syklane skal vere utstyrte med teknologi for å kunne avgrense bruken av syklane geografisk (geofencing), til dømes i parkar og gågater.
  • Syklane skal vere utstyrte etter dei krava som lovverket stiller til syklar, med mellom anna bremsar, ringeklokke og lys framfor og bak.
  • Leverandøren forpliktar seg til å følgje avgrensingane for utleige og bruk, og fortløpande innarbeide justeringar kommunen bestemmer.
  • Leverandøren skal informere kundane om trafikkreglane og korleis syklane skal brukast på ein trygg måte.
  • Leverandøren skal instruere brukarane om korleis syklane skal parkerast, slik at det blir god plass for gåande, rullestolbrukarar, barnevogner og andre å passere.
  • Leverandøren skal sjølv følgje trafikkreglane i drifta av tenesta. Til dømes skal bilar som blir brukte i drifta ikkje stanse i sykkelfelt og på fortau. Dei skal ikkje køyre på sykkelvegar eller i parkar og friområde.
  • Leverandøren skal fortløpande fjerne øydelagde og defekte syklar, rydde vekk syklar som hindrar annan ferdsel og fjerne syklar som er forlatne i sjøen, i parkar, i friområde, på strender og andre stader der sparkesyklane ikkje skal vere.

Følg lenkja ovanfor for å lese fullstendige retningslinjer.

Utleige under festivalar og arrangement

Kommunen vil avklare særskilde ordningar for utplassering av el-sparkesyklar under store arrangement, som til dømes under Gladmat-festivalen, i samband med ONS, Nordic Edge og på 17. mai. Dette vil vere tema i jamlege dialogmøte mellom kommunen og leverandørar.

Reglar og råd for deg som bruker sparkesykkel

Regjeringa har ei nettside med reglar og tips for deg som bruker sparkesykkel

Du må spesielt vere obs på at

  • du må setje frå deg sparkesykkelen slik at han ikkje er i vegen for andre, til dømes blinde og svaksynte, og dei som bruker rullestol.
  • den elektriske sparkesykkelen så og seie er lydlaus, ingen høyrer at du kjem.
  • barn kan svinse hit og dit på fortau og gangvegar, du må senke farten når du passerer dei.
  • du må ikkje bruke noka form for sykkel når du har drukke alkohol.
  • du bør bruke hjelm. Ta med sykkelhjelm heimanfrå når du har planlagt å bruke sparkesykkel.

Klikk på biletet for større versjon:

Regler for el-sparkesykler - 2021