Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Vedlikehald av kommunale vegar

Vedlikehald av kommunale vegar

Kort fortalt

Kommunen skal sørgje for

Information in other languages

Varsl om feil på vegar

Varsl om feil på kommunale vegar, torg, friområde, vatn og avløp med meir. 

Rogaland fylkeskommune har ansvaret for fylkesvegane i Stavanger. Statens vegvesen har  ansvaret for Riks- og stamvegane.

Feiing og reingjering

Kommunen feiar og reingjer om lag 590 km med vegar, sykkelstiar og fortau kvar vår. På eit normalår samlar vi opp rundt 800 tonn strøsand, som vi fraktar til godkjent mottak.

Klipping av vegetasjon langs vegane

Kommunen har ansvar for å klippe vegetasjon som veks langs kommunale vegar, medan Statens vegvesen har ansvaret langs fylkesvegar, riksvegar og europavegar.

Det hender det at kommunen må minnast på at vegetasjonen langs vegar og fortau må klippast. Du kan melde frå om dette på meldingstenesta VOF. Takk for at du seier frå! Gjeld det vegetasjon på privat eigedom, må du melde frå til grunneigaren.

Ansvaret til huseigarane

Huseigarar har ansvar for reinhald, strøing og feiing av fortau. Dei har òg ansvar for å halde slukar og ristar ved fortauet frie for lauv og anna avfall. Les meir i politivedtektene for Stavanger, kapittel IV.