Tekststørrelse

PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Høring: Temaplan for klima og miljø i landbruket

Temaplan for klima og miljø i landbruket

Kort fortalt

Temaplan for klima og miljø i landbruket beskriv tiltak som landbruket og kommunen kan gjere for å redusere landbruket sitt klima – og miljøavtrykk, redusere matsvinn og knytte matprodusentar og forbrukarar tettare saman.

Planen skal handsamast politisk våren 2021.

Tomatdyrking

Kvifor ein temaplan om landbruk i Stavanger?

Klima- og miljøplan 2018-2030 vart vedteken i 2018 var Stavanger ein bykommune. No er vi ein stor landbrukskommune, med eit aktivt jordbruk, mange husdyr og veksthus fulle av tomater ute på øyane. Det var riktig å vente med å foreslå tiltak i landbruket til folk i dei nye kommunedelane kunne bidra med idear og kunnskap for å styrke både miljø- og landbruksinteressene i kommunen.

Kva inneheld planen?

Første del av planen beskriv landbruket i kommunen, og moglegheitene hos aktørane i landbruket til å bidra til å løyse klima- og naturkrisa vi står i.

I nokre tilfelle vil landbruket skade naturen, som når sprøytemiddel og næringsstoff går tapt frå åker og eng og havnar i overgjødsla innsjøar. I andre tilfelle tek landbruket vare på vakre og sjeldne landskap, som når sauen beitar kystlyngheia på Rennesøy.

Planen peikar mellom anna på dei store klimagassutsleppa vi får ved dyrking og nedbygging av myr, og ved forbrenning av fossil naturgass til oppvarming av veksthusa. Ettersom kommunen både har eit stort overskot av husdyrgjødsel og mange veksthus å varme opp, blir moglegheitene for etablering av eitt eller fleire biogassanlegg løfta fram.

Jordhelse er òg ein viktig del av planen. Vi må ta vare på jordlivet og jordstrukturen for å hindre avrenning til vassdrag, redusere utslepp av lystgass og metan og gi gode avlingar. Slik kan god agronomi òg gi gode verknader for miljøet.

Andre del av planen er handlingsdelen, som er laga i tabellform. Her er framlegg til tiltak beskrive. Vi konkretiserer kven som har ansvar for å gjennomføre tiltaka, og peikar på korleis dei ulike tiltaka kan finansierast.

Tiltaka skal bidra til å:

  • Redusere utslepp av klimagasser
  • Styrka biologisk mangfald i landbruksområda
  • Gi reine vatn og vassdrag
  • Gi mindre avfall og miljøgifter
  • Styrka forbrukarmakt og bidra til meir økologisk landbruk

Høyringsperioden er no over. Politisk handsaming av planen skjer i utval for miljø og utbygging 21. april 2021.

Kontaktinformasjon

Tone Ankarstrand

rådgiver

Mobil:
477 80 983
Telefon:
51 91 24 29
E-post:
tone.ankarstrand@stavanger.kommune.no