1. Kommuneplanens nye arealdel
  2. Nyhetsutlisting
  3. Møte med næringsliv på Judaberg
Fra et møte med landbruk og næring på Judaberg i august 2020.

Møte med næringsliv på Judaberg

19. august var me på Judaberg og snakka med representantar frå næringsliv, grendalag, bondelag, frivilligsentral og turlag.
Publisert : 07.09.2020

Møtet starta med ein presentasjon av planprogrammet og kommunen sine førebelse tankar.

Birger Hetland, som er leiar for Finnøy kommunedelsutval, sa litt om kva han syntes var viktig for prosessen framover. 

Tove Sivertsen presenterte Ryfylke Næringshage. Deretter gjekk ordet til Eva Bringeland frå næringsforeininga si ressursgruppe for dei blågrøne øyane. 

Geir Helge Rygg frå kommunen sitt landbruks- og havbrukskontor snakka om stoda til landbruket på øyane.

Etterpå var ordet fritt. 

På grunn av korona-restriksjonar var det begrensa kor mange me kunne invitera til dette treffet, men det kjem fleire høve til å gje innspel til planarbeidet!