PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Helse og omsorg
  3. Barnevern
  4. Støttekontakt

Bli støttekontakt!

Kort fortalt

  • Som støttekontakt hjelper du eit anna menneske å delta på aktivitetar og få eit meir sosialt liv.
  • Vanleg oppdragstid er tre–fire timar ein fast dag og eit fast tidspunkt i veka mot timebetaling.
  • I Stavanger er det både barn, ungdom og vaksne som treng støttekontakt.
  • Har du spørsmål?
    Ring Dagfinn på 51 50 87 44, Nina 51 91 27 74 eller Solveig 51 50 82 96 så tek vi ein prat.

Information in other languages

Kva er ein støttekontakt?

Nokre menneske treng hjelp for å kunne komme seg ut, vere saman med andre eller delta på aktivitetar. Støttekontakten er den hjelparen som bidreg til å gi ei meir meiningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minne. Støttekontaktar får timebetalt av kommunen. 

Kven kan bli støttekontakt?

Vi treng ulike støttekontaktar med ulike erfaringar og interesser. Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som oppfyller desse kriteria:

  • Du er ein påliteleg person som liker å jobbe med menneske.
  • Du er over 18 år, har ein stabil livssituasjon og kan binde deg for minst eitt år. Viss du er spurd om å vere støttekontakt for ein person du kjenner, kan du vere 16 år, og i kortare tid enn eitt år.
  • Du kan levere oppdatert politiattest (gyldig i tre månader frå no). 

Søk for å bli støttekontakt

Det finst to typar støttekontaktordningar i Stavanger kommune.

1. Du kan bli støttekontakt for menneske med fysisk eller psykisk funksjonshemming, menneske som har behov for praktisk hjelp, eller som har psykiske vanskar.

Felles for desse er at dei har behov for assistanse for å få ei aktiv og meiningsfull fritid. Den som treng hjelp, kan vere barn, ungdom, vaksen eller eldre. Det er òg mogleg å vere støttekontakt for nokon du allereie kjenner.

2. Du kan bli støttekontakt for barn/ungdom knytt til barneverntjenesten.

I barnevernet er det barn og ungdommar som kan ha problematiske familieforhold, lite sosialt nettverk eller vere einslege mindreårige flyktningar som kan trenge gode og tryggje  unge voksenpersoner og rollemodellar som kan bidra til tryggleik og positive erfaringar.

Søknadskjemaer for å bli støttekontakt

1. Søknadsskjema helse- og velferdskontoret finn du her.

2. Søknadsskjema for barneverntjenesten finn du her. 

I søknadsskjemaet fortel du litt om deg sjølv og erfaringane dine, kvalifikasjonar og fritidsinteresser. Du får tilbakemelding når vi har vurdert søknaden, og vi kallar deg inn til intervju viss vi har oppdrag som kan passe for deg. Du må levere politiattesten før du blir kalla inn til intervju. Viss du får tilbod om å vere støttekontakt sender vi e-post til den aktuelle kontaktpersonen i barneverntjenesten og ber om at denne kontaktar deg for å avtale rammene for arbeidet, opplæring og samarbeid vidare.

Timebetalt oppdrag, ikkje hovudinntekt

Som støttekontakt får du timebetalt:

  • støttekontaktar over 18 år: 154,62 kroner i timen
  • støttekontaktar over 30 år: 188,31 kroner i timen

I tillegg får du dekt utgifter til køyring og enkelte andre utgifter du blir samde med kommunen om.

Som støttekontakt er du oppdragstakar, og har ikkje dei same rettane som vanlege tilsette har. Vi tilrår derfor ikkje at det å vere støttekontakt er hovudinntekta di. Du får ikkje sjukepengar, og du kan ikkje bruke eigenmelding viss du er sjuk. Du kan ta ferie, men får ikkje feriepengar i tillegg til timebetalinga.

Få relevant erfaring med å jobbe med menneske

Jobben som støttekontakt gir verdifull erfaring for deg som ønskjer å jobbe med menneske. Du får opplæring og rettleiing og relevant erfaring å setje på CV-en. 

Rettleiing for støttekontaktar

Som støttekontaktar får du ein eigen rettleiar hos kommunen. Namnet på rettleiaren står i oppdragsavtalen. 

Nokre støttekontaktar vil møte brukarar i ein vanskeleg situasjon, og kan ha større behov for rettleiing. Andre har lettare brukarar og treng ikkje å få rettleiing så ofte. Du har sjølv ansvar for å melde frå kor ofte du ønskjer rettleiing. Ta kontakt på e-post eller telefon. 

Teieplikt

Alle støttekontaktar har teieplikt og alle må signere. Teieplikta gjeld ikkje ovanfor barneverntjenesten eller helse- og velferdskontoret. Viss du er usikker, kan du spørje kontaktpersonen din.

Korleis få støttekontakt

Både helse- og velferdskontora og barnevernstenesta kan gjere vedtak om tildeling av støttekontakt i Stavanger kommune. Dersom personen har ein fagkonsulent ved helse- og velferdskontoret der den bur, er det der de må søkje om å få støttekontakt. Kontaktinfo til dei ulike kontora: 
Hundvåg og Storhaug 51508910
Madla 51508400
Byfjord (Eiganes,Tasta, Rennesøy og Finnøy) 51508200
Hillevåg og Hinna 51912250

Dersom de har kontakt med barnevernstenesta må de snakke med kontaktpersonen deira der om å få støttekontakt.

 

Kontaktinformasjon

Bilde av en smilende dame med halvlangt blondt hår.

Nina Fredenborg

Familieveileder og koordinator for besøkshjem og støttekontakter i barneverntjenesten

Besøksadresse: Hermetikkgata 5, 4014 Stavanger.

Telefonnummer resepsjon: 51 91 26 00.

Postadresse: Barneverntjenesten, Tiltaksavdelingen, postboks 8001, 4068 Stavanger

Telefon:
51 91 27 74
E-post:
nfredenb@stavanger.kommune.no
Solveig Gitmark

Solveig Gitmark

Koordinator for besøkshjem og støttekontakter i barneverntjenesten

Besøksadresse: Hermetikkgata 5, 4014 Stavanger.

Telefonnummer resepsjon: 51 91 26 00

Postadresse: Barneverntjenesten, Tiltaksavdelingen, postboks 8001, 4068 Stavanger

 

Telefon:
51 50 82 96
E-post:
sgitmark@stavanger.kommune.no
Dagfinn Grønås

Dagfinn Grønås

Fagkonsulent og koordinator for støttekontakter hos helse- og velferdskontorene

Telefon:
51 50 87 44
E-post:
dagfinn.gronas@stavanger.kommune.no