PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Helse og omsorg

Snufseråd frå smittevernkontoret

Vi er mange som lurer på kva vi skal gjere når vi snufsar og hostar, eller er nærkontakt til nokon som har fått korona. Her er nokre gode råd:

Information in other languages

Flytdiagram fra FHI, finnes i tekstform her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/hva_skal_du_gjore_ved_nye_luftveissymptomer/?term=&h=1

– Eg e ikkje i form. Ka gjørr eg?

Ungdom og vaksne som har feber, hoste, sår hals og ikkje er i form, bør halde seg heime og ha negativ test før dei vender tilbake til jobb eller skule. Når du har testa negativt for covid-19, symptoma er milde, du er feberfri og i ferd med å friskne til, treng du ikkje halde deg heime. 

Barn i barnehage- og barneskulealder som berre er snørrete eller har tett nase, treng ikkje halde seg heime. Som forelder kan du vurdere om koronatest er nødvendig, til dømes dersom barnet får nyoppståtte symptom etter nærkontakt med stadfesta tilfelle. Barn med feber og nedsett allmenntilstand bør vere heime, men kan gå i barnehage/skule når dei er i betring. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre symptom, slik som rennande nase eller lett hoste.

– Skal eg ta vanlege test, eller sånn hurtigtest?

No kan du velje om du vil ta hurtigtest eller vanleg koronatest (såkalla PCR-test). Du kan få utlevert hurtigtest frå kommunen på desse stadene eller du kan kjøpe ein sjølv.

Vanleg test bestiller du via helsenoreg.no eller ringar 51 91 40 30 kl. 10–14. Testinga går føre seg ved Stavanger Forum på Tjensvoll. 

Viss du nyttar ein hurtigtest som ikkje er utlevert av kommunen, som sjølvtest kjøpt på apoteket eller liknande, må du sjekke at den er CE-merket.

– Eg har vore samen med någen som har testa positivt. Ka gjørr eg?

Er du fullvaksinert, treng du ikkje gjere noko anna enn å teste deg viss du får symptom. Er du uvaksinert og bur under same tak, er kjærast eller bestevenn med den smitta? Du treng ikkje vere i karantene, men bør teste deg med hurtigtest kvar dag i 7 dagar eller med PCR-test annankvar dag i 7 dagar. Viss ikkje du testar deg, bør du avstå frå kontakt med andre i 7 dagar. 

Er du ein annan nærkontakt (til dømes kollega eller klassekamerat) kan du ha vore utsett for smitte, og bør følgje med på helsetilstanden din i 10 dagar. Ha låg terskel for å teste deg viss du får symptom. Viss du ikkje er vaksinert, bør du ta ein test så snart du får beskjed om at du kan ha vore utsett for smitte.

Jobbar du som helsepersonell? Då må du teste deg når du har vore saman med ein som har testa positivt, sjølv om du er fullvaksinert.

– Eg e framleis dedde i dasen, men testen va negative, altså!

I dei fleste tilfella bør vi likevel halde oss heime i eit par dagar, til vi er sikre på at vi er i ferd med å friskne til. Elles spreier vi basseluskene rundt til andre, og så må dei òg teste seg og bli heime, og så har vi det gåande. I tillegg til dei andre greia vi har gåande. 

– Men altså, 3-åringen e jo snåttete heile hausten!

Ja, og her er det forskjell på barn og vaksne. Vaksne og ungdommar bør ha negativ koronatest før dei vender tilbake til jobb eller skule. Barn og unge bør haldast heime viss dei har nyoppståtte symptom og viss dei kjenner seg pjuske (nedsett allmenntilstand). Barn som berre har rennande nase eller snørr og elles er i fin form, kan gå i barnehage/skule, og treng ikkje testast for covid-19. Pjuske barn som blir heime halde, kan sendast tilbake i barnehage/på skule når dei er tilbake i si vanlege form, og er feberfri. Restar av snørr (uansett farge og tjukn), heshet og/eller noko hoste er greitt, og skal ikkje hindre barnet i å gå tilbake i barnehage/på skule.

Her er ei rettleiing frå Folkehelseinstituttet (klikk på biletet for å få opp større versjon):
Skjema fra FHI, samme informasjon kan leses i tekstform her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/norge-gar-over-til-en-normal-hverdag-med-okt-beredskap/id2872539/?fbclid=IwAR1UVlZqYkeYC7k_M9M2NVgkVwpvKX0JEWhCOVXnv9Sw3u09-U2R0g32UzE

Hugs òg at sjølv om legevakta er for alle, så er ho ikkje for alt. Kontakt fastlegen din først, dersom du har akutte nyoppståtte plager eller ved forverra kronisk sjukdom. Så unngår vi lang kø for dei som treng legevakta mest.

Forresten... Det er ikkje for seint å ta koronavaksine!

Ikkje vaksinert enno? Det er ikkje for seint! Frå oktober går vaksinasjonen føre seg i Torgvegen 15C i Hillevåg. Du kan anten bestille time via ReMin eller komme på drop-in. Les meir her