PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Frivillighet
  4. Frivilligbørs

Frivilligbørs

I september vart Stavanger Frivilligbørs 2023 arrangert på Innoasis. Det vart ein stor suksess! På denne sida kan du lesa litt om kva Frivilligbørs er og ei kort oppsummering om kva som skjedde i år. Vi håpar å sjå endå fleire deltakarar i 2024.

Information in other languages

Frivilligbørs blir arrangert av Stavangers Frivilligsentraler, og kommunen legg til rette for meir og betre samarbeid på tvers av ulike sektorar i lokalsamfunnet. Målet med Frivilligbørs er å skapa nye moglegheiter og inngå spennande samarbeid. Deltakarane deler på ressursar som kunnskap, arbeidskraft, omsorg, relasjonar, praksisplassar, materiell, utstyr og liknande. Frivilligbørs er ein god arena for å forstå moglegheiter og behov i lokalmiljøet.

Vi løyser utfordringar saman for å gjera byen vår betre, heilt frivillig og heilt gratis! 

Velkommen til eit internasjonalt konsept som bidreg til sosial innovasjon.

Kven deltok i 2023?

Stavanger Røde Kors KIA Entro AS
Røde Kors Gatemekling Fellesverket Verket Aktivitetssenter
Saman om ein jobb Redd Barna Pedersgata Utvikling
Idrettslaget POL FLAM Noreg Firbent Terapi
Nasjonalforeningen Stavanger Demensforening Stavanger Urbane Folkehøyskole (STUF) Brystkreftforeining Sør-Rogland
Clean Shores Stavanger Eksistensia Bekkefaret Menighet
Folkehallane Kyrkja i Stavanger Diakonisenteret/Tasta sykehjem
Pådriv Stavanger Kjelda senter City Garage
Flyktningtenesta Prosperastiftelsen Ostehuset
Slåtthaug sykehjem Happydogs AS Skeiv Verden Rogaland
Næringsforeningen i Stavanger-regionen Stavanger Sandnes Skøyteklubb Bergåstjern sykehjem og omsorgsbustader
Viking Fotball Sølvberget Vardeneset Kyrkje
Open Hands For You Hei Verden KONKRETA
Walk in the Park AS Stavanger Turistforening Tastarustå skule
Caritas Fuckup Night Stavanger Urban Hands
VID Alumni Blåkors Kirkens Bymisjon
Nordic Edge/Innoasis    

 

Døme på avtalar frå 2023

  • Pol IL skal laga boccia-turnering for eldre frå Diakonisenteret på Tasta
  • Pådriv og Pedersgata Utvikling skal samarbeida om involvering og utvikling av nærmiljøet
  • Viking Fotball og Open Hands For You skal laga fotballturnering
  • Demensforeininga skal ha stand på Kilden kjøpesenter
  • Clean Shores skal samarbeid med Flam om rekruttering av frivillige til strandrydding

 

Kvifor bør du frå næringslivet bli med på frivilligbørs?

  • La bedrifta di bli meir synleg i Stavanger og vis kva dokker har og kan.
  • Møt spennande menneske med andre perspektiv.
  • Bygg nettverk og skap nye relasjonar for utvikling og læring.
  • Bruk samfunnsnyttig innsats til personalutvikling og teambuilding.
  • Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.

Kvifor bør du frå frivillige organisasjonar delta?

  • Vis kva dokker brenn for i Stavanger.
  • Finn ressursar dokker treng for å gjennomføra aktivitetar, utan å gå vegen om å søka tilskot.
  • La andre sjå ressursane dokker har og finn nye samarbeidspartnarar.
  • Bli sett og no ut til nye moglege deltakarar, medlemmer og frivillige.
  • Bygg nyttige nettverk og lær noet nytt.

Kvifor bør du frå offentlege verksemder delta?

  • Finn ressursar som bidreg til at verksemda di fungerer endå betre.
  • Møt spennande menneske og bygg nettverk med engasjerte organisasjonar og bedrifter.
  • Bidra til eit betre samspel.
  • La nye samarbeid bidra til utvikling og læring i verksemda di.
  • Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.

Kontaktinformasjon