PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Tur og natur
  4. Badeplasser

Badeplassar

Kort fortalt

  • I Stavanger finn du mange fine bademoglegheiter.
  • Gjer deg kjend med botnforholda før du hoppar eller stuper. 
  • Vasskvaliteten blir målt 35 stader seks gonger i løpet av sommaren.
  • Oppdagar du manglar eller forsøpling meld frå på www.varsleomfeil.no.
  • Hålandsvatnet har oppblomstring av giftige algar. Bading blir rådd mot.

Information in other languages

Kart over badeplassar og -anlegg i Stavanger


Stuping og badevit

Stup alltid utover frå ytterkanten av stupebrett og du skal vite kor djupt det er før du stuper. Sym ikkje utanfor stupebrett.

Badetemperaturar

Badetemperaturar blir målte automatisk kvar halve time. 

Badetemperaturar

Stavanger var først ute med å teste løysinga med automatiske badetemperaturar. No er ordninga utvida til badeplassar i heile landet. Sjekk fleire badetemperaturar her

Sjekk kvaliteten på badevatnet

Stavanger kommune tek kvalitetsprøver av badevatnet seks gonger i perioden juni – august på 35 små og store badeplassar. Prøvene blir analyserte for tarmbakteriar.

Måledatoar i 2022 blir her publiserte når dei er klare.

Resultata av prøvene er klare eit par dagar etter prøvedato. Viser ei prøve dårleg vasskvalitet, tek vi ei kontrollprøve, før vi eventuelt set opp skilt der vi rår mot bading på staden. 

Stader med god badevasskvalitet ved siste måling 2. august 2021:

  • Møllebukta
  • Stora Stokkavatnet ved Sandal
  • Saltneset badeplass øst
  • Saltneset badeplass vest
  • Skredbakka
  • Stora Stokkavatnet ved Eskelandsskogen
  • Forusstranda sør
  • Litle Stokkavatn
  • Kjøbenhavnerbukta
  • Vaulen
  • Skeisvika
  • Tømmervika
  • Rosenli
  • Dusavikstranda
  • Forusstranda nord
  • Strømvig sjøbad
  • Strømvig utanfor molo
  • Mariero stasjon
  • Godalen
  • Jåttåvågen (innanfor allmenningen)
  • Badedammen 
  • Grønnevig
  • Kuneset
  • Sjøparken, Storhaug
  • Jåttåvågen, badeplass ytst mot båthamna

Stader med god badevasskvalitet ved siste måling 3. august 2021:

  • Fåholmen badeplass
  • Kvitevik badeområde
  • Prestvågen, Vikevåg
  • Kadlaneset, Mosterøy
  • Skorpefjell, Mosterøy
  • Sokn camping
  • Breivik, Vestre Åmøy
  • Steinesvåg
  • Hedlevik, Askje
  • Sandvik, Østhusvik
  • Leirå, Judaberg

Stader med dårleg vasskvalitet (bading blir rådde mot)

  • Hålandsvatnet, på grunn av giftige algar er bading forboden. Unngå kontakt med vatnet. Oppblomstringa er vanleg når temperaturen stig på forsommaren. Årsaka er den næringsrike botnen. Status oppdatert: 16.07.2021.

Badedammen

Badedammen er den eldste badeplassen i byen. Den ligg under Bybrua i Storhaug bydel.

Badedammen i Stavanger. Foto: Ståle Madland Schjelderup
Stavanger kommune.

Badedammen er ein kunstig dam, først laga til på 1800-talet. Sjøvatn blir pumpa inn i dammen. 

Fasilitetar:

  • ei lita sandstrand
  • toalett
  • to bryggjar
  • rutsjebane og grill

Godalen

Godalen badeplass ligg på Storhaug.

Godalen badeplass. Foto: Torgeir Esig Sørensen
Godalen badeplass. Foto: Torgeir Esig Sørensen

Fasilitetar:

  • Sandstrand
  • Fine vikar og plenar
  • Toalett
  • Grill
  • Leikeplass
  • Stupebrett
  • Godt tilrettelagt for barn og vaksne

Parkering og tilkomme: Tilkomme til badeplassen frå Østre Ring eller frå turvegen langs sjøen. 

Møllebukta

Badeplass med historiske omgivnader frå vikingtida i Hafrsfjord.

Møllebukta
Møllebukta. Foto: Ståle Madland Schjelderup

Møllebukta badeplass ligg innerst i Hafrsfjorden med med sandstrand og flotte parkomgivnader. Her kan du bade i fjorden der slaget som samla Noreg stod og sole deg på plenen medan du ser på skulpturen Sverd i fjell. 

 Fasilitetar:

  • Sandstrand
  • Kiosk

Parkering og tilkomme:

Tilkomme frå Madlaveien frå gang- og sykkelveg eller frå turvegen som går gjennom området. Det er eigen parkeringsplass ved badeplassen, men på varme dagar kan det vere trongt.

Vaulen

På idylliske Vaulen badeplass i Hinna bydel finn du seks små sandstrender som ligg lunt til mot Gandsfjorden.

Fasilitetar:

  • Leikeapparat på land og i sjø
  • Sandvolleyball-bane
  • Ball-løkker
  • Stupebrett
  • Toalett

Tilrettelegging: Rampe ut i sjøen for bevegelseshemma 

Badeplassen ligg i enden av Stasjonsveien og er ein av Stavangers mest besøkte.

Parkering og tilkomme: Det er gode gangsamband til badeplassen frå turvegen langs Gandsfjorden og vidare til Hinnastraen.

Det er opparbeidd eigen parkeringsplass på Vaulen, men det kan vere parkeringsproblem på varme dagar.

Området blir òg brukt til store og små arrangement, men er primært område for bading og friluftsliv. Det er turvegar, skog og svaberg i friområdet rundt badeplassen.

Camping og telting på strender i Stavanger

I Stavanger er det lov å setje opp talt i dei kommunale friområda, men du må følgje reglane i friluftslova med talet på døgn og avstand til hus. Det er ikkje lov å telte på badeplassar, parkar eller ved Vannassen, Mosvatnet, Fritidsgården på Gausel, Gauselskogen naturreservat og Hestnes. Det er ikkje tillate med bubil.

Her er reglane i friluftslova:

§ 9. (Rasting og telting.)

Plass til rasting, solbad, overnatting eller liknande må ikkje takast i innmark utan samtykket til eigaren eller brukaren.

I utmark må plass som nemnt i førre ledd ikkje blir teken til utilbørleg fortrengsel eller ulempe for andre. Rasting eller telting må ikkje skje når det kan medføre nemneverdig skade på ungskog, eller skogforyngingsfelt. Telt må ikkje setjast opp så nær budd i hus (hytte) at det forstyrrar freden til bebuarane og i alle fall ikkje nærare enn 150 meter. Reglane om avstand frå busetnad gjeld likevel ikkje på område som særskilt er innreidd for telting. Departementet kan gi forskrift om å tillate telting nærare enn 150 meter frå budd i hus (hytte) i kystnære område.

Telting eller anna opphald er ikkje tillate i meir enn 2 døgn om gongen utan samtykket til eigaren eller brukaren. Samtykke til lengre opphald trengst likevel ikkje på høgfjellet eller på område fjernt frå busetnad, medmindre det må reknast med at opphaldet kan medføre nemneverdig skade eller ulempe.