PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Tur og natur
  4. Skadd vilt i Stavanger kommune

Dyr som er skadd eller lid

Kort fortalt

  • Alle har plikt til å hjelpa skadde ville dyr.
  • Treng du hjelp, ring viltvakta til kommunen.
  • Meld frå om husdyr eller kjæledyr som lid til Mattilsynet.
  • Skadde eller sjuke kjæledyr? Kontakt ein smådyrklinikk.

Information in other languages

Melde om skadde ville dyr

Finn du eit skadd rådyr eller anna hjortevilt, ring vakttelefonen til kommunen 400 33 277, heile døgnet.

Du kan også melda frå om andre skadde vilja dyr og fuglar i Stavanger kommune, dersom du ikkje klarar å hjelpa dei sjølv.

Ved funn i andre kommunar, kontakt gjeldande kommune eller politiet, telefon 02 800.

Ved skade på køyretøy eller om situasjonen er til fare for trafikken, varsla politiet.

Melde om husdyr og kjæledyr som lid

Ser du dyr som lid bør du varsla Mattilsynet. Her melder du inn alvorlege hendingar knytt til dyr som til dømes blir mishandla, mistanke om smittsam sjukdom hos dyr, eller skadde husdyr med ukjend eigar av dyret. 

Ring politiet på 02800 viss du:

  • har køyrt på eit dyr
  • har funne eit sjukt, skadd eller hjelpelaust dyr
  • vil varsla om farlege eller ulovlege hundar
  • vil varsla om dyr som forstyrrar ro og orden

Miljødirektoratet har også gode råd til deg som vil hjelpa sjuke eller skadde ville dyr og fuglar

I Stavanger har har vi ein dyrevelferdsplan som skal bidra til å trygga innbyggarar som eig og møter dyr i kvardagen sin. Les meir om planen og godt hald av husdyr og kjæledyr her.

Kva skjer med skadde ville dyr og fuglar?

Viltforvaltarane til kommunen på vakt tar telefonen når du ringer om skadde ville dyr og fuglar.

Vi rettleier deg som vil hjelpa dyret. Vi rykker ut viss vi vurderer at det er nødvendig, vi vurderer skaden og handterer dyret på den måten som er best for at det ikkje skal lida unødig.

Dei vanlegaste løysingane er at vi

  • lèt lettare skadde fuglar og dyr vera i fred, eller hjelper dei på staden.
  • tar med lettare skadde fuglar til Breiavatnet, der vi kan overvaka dei.
  • tar med oss alvorleg skadde dyr og fuglar til human avliving, for å ikkje påføra dei unødig liding.
  • kontaktar frivillige vi samarbeider med, som prøver å rehabilitera dyret eller fuglen. Dette gjeld viss det er ein trua eller sjeldan art og det er håp om at dyret kan overleva.

Kvart år får vakttelefonen mange førespurnadar om svaner og endar som sit fast i isen. Det beste er å la dei vera i fred, for dei sparar rett og slett på energireservane. Les meir om det her.

Kvifor ikkje behandla skadde ville dyr i fangenskap?

Ville dyr har det sjeldan godt i fangenskap, sjølv ikkje når dei er sjuke eller skadde. Det påfører dei stress og forverrar tilstanden. Sjølv eit dyr som ser roleg ut i fangenskap, kan du påføra store stress-lidingar. I verste fall blir det sjølve dødsårsaka.

Alvorleg sjuke ville dyr og fuglar overlever sjeldan behandling i fangenskap, og det er svært ressurskrevjande å behandla ville dyr og fuglar på rett måte. Blir ikkje individet fullstendig rehabilitert, er sjansane små for at det vil overleva i naturen.

Du bør derfor ikkje ta med eit skadd vilt dyr heim, sjølv som du skulle ha stort ønske om å hjelpa det.

Det beste er om vi kan hjelpa dyret eller fuglen på staden. Det er mogleg viss det er ein lettare skade. Kontakt viltvakta viss du treng råd og rettleiing.

Når blir eit skadd dyr avliva?

Kommunen hjelper dyra i vill tilstand så langt det er mogleg og forsvarleg for dyret.

I fleire tilfelle vil avliving vera den beste hjelpa vi kan gi eit dyr som lid. Eit brekt bein eller ein brekt veng kan nokre gongar vera så alvorleg at dyret bør avlivast. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Vi har plikt til å avliva dyr som ikkje kan bli friske eller som kan bli påført mykje stress ved å vera i fangenskap.

Å avslutta livet til eit alvorleg skadd dyr på ein human måte, er faktisk ein del av plikta vi alle har til å hjelpa eit dyr frå å lida unødvendig (hjelpeplikta). Viltvakta til kommunen eller ein veterinær kan hjelpa deg i ein slik situasjon.

Ler meir: Når bør dyret avlivast? Kvifor ikkje behandla alvorleg skadde dyr?

Legg til rette for ville dyr i hagen din

Spesielt piggsvin og fuglar er glade i kvistar og lauv som har falle på bakken. Dei et insekt og meitemark som dei finn under blad og kvistar. Dei treng også materiale til å bygga reir og hi. Komposthaugar og vedstablar set dyra også stor pris på.

Piggsvinet er mest aktiv når det er mørkt, såg robotgrasklipparen og andre maskiner som kan skada små dyr, bør du berre la gå på dagtid..

Melde frå om rotter

Ser du rotter i kommunes avløpsnett, parkar, friområde eller badeplassar, meld frå på Varsle om feil (VOF).  

Ser du rotter på din eigen eigedom, kontakt eit skadedyrfirma.

 

Kontaktinformasjon viltforvaltning

Kommunens vakttelefon: 400 33 277