PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Forbod mot oljefyring

Forbode å fyre med olje, og oljetankar må fjernast

Kort fortalt:

  • Frå 1. januar 2020 vart det forbode å fyre med olje og parafin i bygg.
  • Du som eig ein oljetank, har ansvar for at eit sertifisert firma tømmer og fjernar oljetanken, og for at det ikkje er fare for lekkasje.
  • Enova gir støtte til fleire alternative måtar å varme opp bustaden på.

Information in other languages

oljetank som fjernes

Foto: oljefri.no

Om forbodet mot oljefyring

Frå 1. januar 2020 vart det forbode å fyre med olje i bygningar. Det gjeld tung og lett mineralsk fyringsolje og parafin.

Miljøstyresmaktene nemner særskild desse grunnane til å kutte ut oljefyring:

  • Det er eit effektivt og lønsamt klimatiltak.
  • Det finst mange alternativ med fornybar energi for oppvarming av bygg.
  • Faren for lekkasjar frå nedgravne oljetankar blir redusert.

Lenkje: Forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar

Forbodet gjeld ikkje biobrensel eller gass. Les på www.oljefri.no om kva fyringsalternativ som kan erstatte fossilt brensel .

Kva må du gjere med oljetanken din?

Du må få eit sertifisert firma til å tømme og fjerne den nedgravne oljetanken. 

Har du ein oljetank som ligg slik til at det er svært vanskeleg eller uhøveleg dyrt å få grave han opp, kan du søkje om å sleppe å fjerne han. Rogaland brann og redning IKS handsamer søknaden på vegner av kommunen.

Søknaden sender du på e-post til torbjorn.torkelsen@rogbr.no

Alt arbeid med å tømme, reingjere og fjerne oljetankar skal bli gjort av sertifiserte firma. Etter at arbeidet er utført, må du syte for at ein tilstandsrapport blir send til Rogaland brann og redning IKS. 

Du kan halde fram med å bruke oljetanken viss du byter ut mineralsk olje med biofyringsolje.

Støtte til alternativ som erstattar oljefyring

Enova har god informasjon om energitiltak som kan erstatte oljefyring i bustaden din. Enova gir òg økonomisk støtte til nokre av varmeløysingane.

Unnatak frå forbodet om oljefyring

Nokon bygg er halde unna forbodet mot å fyre med olje. Dei viktigaste unnataka her i distriktet er:

  • driftsbygningar i landbruket, som har utsett frist til 2025
  • fritidsbustader som ikkje er knytt til straumnettet.

Sjå andre unnatak i forskrifta om forbod mot oljefyring.

Viss du meiner at du har ein særleg grunn til å halde fram med å fyre med olje, kan du søkje kommunen om unnatak frå forbodet. Kontakt gjerne kommunen først for å drøfte situasjonen. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.

Viss du ikkje følgjer reglane

Kommunen har fått i oppgåve å føre tilsyn med at forbodet mot oljefyring blir overhalde.

I Stavanger er det rundt eitt tusen registrerte oljetankar der eigaren ikkje har gjort greie for kva som er gjort. Kommunen sender brev til dei husstandane det gjeld. Eigaren får då ein svarfrist for å forklare saka. I verste fall kan kommunen gje tvangsmulkt.

Eigaren av oljetanken har ansvar for å følgje reglane, og det kan bli dyrt å la vere, sjølv utan kontroll frå kommunen. Ein gammal oljetank kan byrje å lekke, og forureininga dette skaper, kan medføre store utgifter for eigaren.

Les meir om det på oljefri.no: Derfor bør du følgje oljetankreglane

Kontaktinformasjon

Enova har energirådgjevarar som kan gi råd og rettleiing om korleis du byter frå oljefyr til ei meir miljøvenleg og effektiv energikjelde.

Stig Magne Hordnes

Rådgiver, miljøseksjonen

Mobil:
932 38 596
Telefon:
51 50 77 76
E-post:
postmottak@stavanger.kommune.no