PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Grave i offentleg areal

Skal du grave i offentleg areal?

Kort fortalt

  • Før du grev i offentleg veg må du ha løyve. 
  • Du må sende inn ei gravemelding for å sikre at straumkablar, telekablar, vass- og avløpsleidningar ikkje blir øydelagde. 

Information in other languages

Søk løyve før du grev

Du sender søknaden din i nettportalen RoSyweb. Der sender du òg ferdigmelding når arbeidet er utført. 

Husk at du må ha tillatelse for å grave i offentlig vei. 

Kvar blir det grave i Stavanger kommune?

Sjå kartet som viser kvar det blir grave i kommunen og kven som utfører arbeidet.

Kor lang er behandlingstida for søknaden? 

Saksbehandlingstida er fem vyrkedagar. 

Kommunens gravereglement

Gjer deg kjend med reglane som gjeld for graving i eller nær kommunale areal. 

Skal du grave innanfor eller i nærleiken av eit kulturminne i Stavanger?

Søknad om inngrep i Stavanger mellomalderby, andre automatisk freda kulturminne, freda kulturminne eller kulturmiljø, under dette Utstein kulturmiljø, Trehusbyen i Stavanger, eller KULA-området på Rennesøy blir sendt til Rogaland fylkeskommune på e-post firmapost@rogfk.no.

Sjølv om tiltaket du planlegg ikkje er i konflikt med eit kjent automatisk freda kulturminne pliktar du ifølgje kulturminnelova § 9 å undersøkje om tiltaket kan verke inn på slike kulturminne. Dette gjer du ved å sende planen for tiltaket til Rogaland fylkeskommune på e-post firmapost@rogfk.no.

For meir informasjon eller spørsmål ta kontakt med Rogaland fylkeskommune:

Rogaland fylkeskommune, seksjon for kulturarv
Postadresse: Pb. 130 sentrum, 4001 Stavanger
Eller besøksadresse: Fylkeshuset, Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4010 Stavanger
Telefon: 51 51 66 00, e-post: firmapost@rogfk.no

For meir informasjon om kulturminne i kommunen sjå her.

Hugs å skaffe kabelkart

Kabelkart for graving må du hente hos kabel og leidningseigarar, som til dømes Lyse og vass- og avløpsavdelinga til kommunen. 

Graving i andre areal

Dersom du skal grave i riks- og fylkesveg eller gang- og sykkelveg langs riksveg må du innhentast løyve frå Statens vegvesen. Du kan ringje dei på telefon 02030.

Anleggsarbeid i Stavanger
Anleggsarbeid i Stavanger

Hugs å sende inn ferdigmelding

Straks gravearbeidet er ferdig skal du skrive ferdigmelding på nettportalen RoSyweb

Kontaktinformasjon

Jostein Vårlid

Ingeniør/gateforvalter
Vei og Trafikk

Mobil:
948 43 997
Telefon:
51 72 02 43
E-post:
jostein.varlid@stavanger.kommune.no

Linda Gangstø

Gateforvalter
Vei og trafikk

Mobil:
924 81 722
E-post:
linda.gangsto@stavanger.kommune.no