PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Veg og trafikk
  3. Stavanger på sykkel
  4. Utleie og bruk av sparkesyklar i Stavanger

Utleie og bruk av el-sparkesyklar i Stavanger

Kort fortalt:

  • To firma har avtale med kommunen om å leiga ut el-sparkesyklar i Stavanger kommune.
  • Du som bruker syklane må setja dei frå deg slik at dei ikkje er i vegen for andre.
  • Vil du melda om utleige-sparkesyklar på avvegar – kontakt leveradøren.

Information in other languages

Desse to selskapa driv med utleige i Stavanger 

Dei to leverandørane Ryde og Voi driv no utleige av sparkesyklar på kommunal grunn, etter å ha inngått avtale med Stavanger kommune. To el-sparkesykler ved Breiavatnet

Spørsmål om bruk, feilparkering og betaling 

Vil du spørja om bruken, betalinga eller plasseringa av sparkesyklane, kontaktar du leverandørane. 

Vil du melda frå om sparkesyklar som står lét etter seg eller ligg slungen stader der dei ikkje skal liggja, kontakt leverandøren. 

Kontakt VOI 

Kontakt Ryde 

Leverandørane har forplikta seg til å henta inn og omplassera sparkesyklar som har stått i ro i to døgn. 

Om du ikkje får kontakt med leverandørane kan du melda frå på VOF: 

  1. Gå til no(VOF) 
  2. vel "Sykkel" og merk av i kartet der sparkesykkelen er
  3. Vel "El-sparkesykkel feilparkert" frå menyen over typar feil.

Vel dette på VOF for å melda om utleige-sparkesykkel på avvegar. (Menyen ser litt ulik ut på ein pc, dette er frå mobilversjonen). 

Utsnitt av skjermbilde fra varsleomfeil.no
Velg dette på VOF for å melde om utleie-sparkesykkel på avveie. (Menyen ser litt ulik ut på en pc, dette er fra mobilversjonen).

Du kan leggja ved kommentar, bilete og om du vil ha tilbakemelding på kva som skjer med saka, før du får sjå meldinga du har laga og kan senda den inn.  

Krav til utleigarane og sparkesyklane 

Retningslinjene utleigarane har godteke seier mellom anna: 

  • Utleige av el-sparkesyklar kan skje alle dagar, heile dagen, unnateken i tidsrommet mellom kl. 24.00–05.00.
  • Syklane skal vera utstyrte med teknologi for å kunna avgrensa bruken av syklane geografisk (geofencing), til dømes i parkar og gågater.
  • Syklane skal vera utstyrte etter dei krava som lovverket stiller til syklar, med mellom anna bremsar, ringjeklokke og lys framme og bak.
  • Leverandøren forpliktar seg til å følgja avgrensingane for utleige og bruk, og fortløpande innarbeida justeringar kommunen bestemmer.
  • Leverandøren skal informera kundane om trafikkreglane og korleis syklane skal brukast på ein trygg måte.
  • Leverandøren skal instruera brukarane om korleis syklane skal parkerast, slik at det blir god plass for gåande, rullestolbrukarar, barnevogner og andre å passera.
  • Leverandøren skal sjølv følgja trafikkreglane i drifta av tenesta. Til dømes skal bilar som blir brukte i drifta ikkje stansa i sykkelfelt og på fortau. Dei skal ikkje køyra på sykkelvegar eller i parkar og friområde.
  • Leverandøren skal fortløpande fjerne øydelagd og defekte syklar, rydde vekk syklar som hindrar annan ferdsel og fjerne syklar som mellom anna er forlatne i sjøen, i parkar, i friområde, og på strender.

Du kan lesa Stavanger forskrifta si for utleige av småelektriske køyretøy på offentleg grunn

"Saktesone" og "Inga parkering" under festivalar 

Under store arrangement, som til dømes under Gladmat-festivalen, ONS, Nordic Edge og på 17. mai, kan det innførast reguleringar på fart og parkering på utleige-syklane i bykjernen. Det blir i forkant vurdert av arrangementa og blir avgjort av omsyn til tryggleik. Dette vil vera tema i jamlege dialogmøte mellom kommunen og leverandørar. 

Under Gladmaten i 2022 var dette saktesona: 

sakte sone i vågen

Reglar og råd for deg som bruker el-sparkesykkel 

Dei nasjonale reglane for bruk av el-sparkesykkel og andre små elektriske køyretøy (ståhjuling, ståhjuling, airwheel, elektrisk rullebrett, løparhjul) er: 

  • 12 års aldersgrense
  • Påbode med hjelm for barn under 15 år
  • 0,2 promillegrense
  • Det er berre lov å køyra éin person på el-sparkesykkelen. Brot på dette kan gi deg 3000 kroner i bot.
  • Fartøyet er klassifisert som lita elektrisk motorvogn, ikkje lenger sykkel, og det betyr strengare trafikkreglar enn for syklistar.
  • Straff og bøter ved køyring i ruspåverka tilstand
  • Krav om ansvarsforsikring for køyretøyet.

Sjå alle reglane: 

Ditt ansvar som elsparkesyklist: 

  • Set frå deg sparkesykkelen slik at han ikkje er i vegen for andre, til dømes blinde og svaksynte, og dei som bruker rullestol.
  • Køyrer sakte og forsiktig nær folk, særleg barn, for det er ikkje lett å høyra at du kjem.
  • Det er ikkje lov å bruka el-sparkesykkelen når du har drukke alkohol.
  • At du bruker hjelm, spesielt når du er under 15 år.

Klikk på biletet for større versjon, skriv gjerne ut plakaten og heng opp heime:

Regler for el-sparkesykler - 2021