PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. Landbrukskontoret tek klimasats i veksthusa

Landbrukskontoret tek klimasats i veksthusa

Med støtte frå Miljødirektoratet skal landbruks- og havbruksavdelinga i kommunen finna ut korleis veksthusnæringa kan bli endå meir klimavenleg. ​​​​​​​

Denne nyhetssaken er mer enn en måned gammel. Innholdet kan derfor være foreldet eller ikke oppdatert.

Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.

Tre damer frå landbruks- og havbrukskontoret på Judaberg.

Ane Vignes (frå venstre), Else Gunhild Vignes og Linda Skartveit frå landbruks- og havbrukskontoret på Judaberg, som har fått klimasats-støtte til å gjera veksthusnæringa og tomatene endå meir klimavenlege. Det dei finn ut kan bli nyttig for næringa fleire stader i landet.

Kommunen fekk Klimasats-midlar til fem ulike prosjekt i år, og ventar på svar om eit sjette. I veksthus-prosjektet, som har fått 350 000 kroner frå den statlege Klimasats-ordninga, skal dei vurdera om bioenergi frå landbruk kan erstatta naturgass i oppvarminga av veksthusa. Seinare kan det bli aktuelt å sjå nærare på om det er mogeleg å etablera eit biogassanlegg, der bønder kan levera det dei har av for mykje husdyrgjødsel. I mange kommunar er det for lite speieareal for gjødsel.

Dei skal mellom anna óg kartleggja kva som hindrar gartnernæringa i omstilling til å driva meir klimavenleg.​​​​​​​

Fire andre prosjekt i regi av kommunen har òg fått klimasatsmidlar i år:

Klimavenlege innkjøp til byggje- og anleggsverkstemd

Saman med nabokommunane på Nord-Jæren og fylkeskommunen har Stavanger fått 1 912 500 kroner til ein prosjektkoordinator i inntil to år. Koordinatoren skal arbeida med å innlemma klimaomsyn når det offentlege gjer innkjøp i bygg- og anleggsverksemd.

Betre bildeling i kommunen

Kan kommunen trenga færre bilar hvis me innfører intern bildeling for sju elektriske tenestebilar? Og kva om dei tilsette i tillegg kan dra att og fram på fem elsyklar i jobbsamanheng? Kommunen får 150 000 kroner for å testa dette ut.

Elbil-rådgjevar for næringstransport

900 000 klimasats-kroner skal nyttast til å gje bedrifter råd om utsleppfrie transportløysingar dei neste to åra. Kommunen skal óg greia ut ei lokal stønad for bedrifter som vil byggja infrastruktur for å lada elbilar til næringstransport. Samstundes held elbil-rådgjevinga overfor burettslag og sameige fram.

Meir attraktivt for sykkel og gange i Hillevåg

Kommunen ønskjer at fleire skal nytta buss og sykkel gjennom Hillevåg, der bussvegen følgjer riksvegen og bilkøane er lange. Strekninga er lite attraktiv for mjuke trafikantar, og kommunen skal testa ut kva som kan gjera Hillevåg mer eigna for dei som går og syklar. Prosjektet skal skapa engasjement i bydelen ved å ta innbyggjarane med i arbeidet med å løysa utfordringane. Til dette har kommunen fått 1,4 millionar kroner.

Biofyring på Sunde

Kommunen har, sist men ikkje minst, søkt om 9 530 000 kroner frå Klimasats-ordninga til eit biofyringsanlegg på Søra Bråde på Sunde. Søknaden i regi av Byggforvaltning er ikkje handsama ferdig i direktoratet.

Fem år med Kimasats i Stavanger

I år er femte og siste året med Klimasats-løyvingar frå staten, om ikkje Stortinget avgjer at ordninga skal halda fram. Stavanger har vore med kvart år og fått stønad til ei rekkje gode tiltak.

Det er Klima- og miljøavdelinga som koordinerer Klimasats-søknadane frå Stavanger kommune. Klima- og miljøsjef Jane Nilsen Aalhus har vore ein pådrivar for å få fram ei rekkje gode søknadar. Ho er overtydd om at løyvingane frå Klimasats har styrka engasjementet og arbeidet med klima og miljø i kommunen.

– I desse fem åra har me jobba saman med fagfolk frå mange avdelingar og verksemder i kommunen for å identifisera og finna løysingar på lokale klimautfordringar. Støtten til desse prosjekta bidreg til at me lettare kan nå dei ambisiøse klimamåla kommunen har, sier ho.

Nilsen Aalhus har tru på at Stortinget løyver midlar til ordninga også i åra som kjem. Ho høyrer gjerne frå alle som måtte ha spørsmål om ordninga, eller idéar til gode klimatiltak kommunen kan søkje om midlar til i 2021.