- No lagar vi ei ny områderegulering for Paradis.
- Kva type sentrumsområde skal Paradis vere? Og kva skal Paradis vere for Stavanger, for regionen og for nærområdet? Korleis kan vi lykkast med fortetting, gode samband og eit aktivt byliv – og samtidig ta vare på kvalitetane i området?
- Planprogrammet, som er «oppskriften» på planen, blei vedteke av politikarane 30. september 2021. No skal vi jobbe vidare med sjølve innhaldet i planen, og bli enda meir konkrete.
Kva slags stad skal Paradis vere?
KORT FORTALD
Information in other languages

Utkast til planprogram
Utkastet til planprogram var på høyring fram til 14. mai 2021. Planprogrammet er sjølve «oppskrifta» på korleis vi har tenkt å gå fram for å lage den nye reguleringsplanen for området mellom Hillevågsvatnet og Lagårdsveien (sjå plankart litt lengre nede).
Her er planprogrammet med vedlegg:
Saksframlegg
Planprogrammet
Stedsanalyse
Sosiokulturell stedsanalyse
Oppsummering av merknader frå høyringa av planprogrammet
Rapport frå verkstader med råd og utvalg
Medvirkningsrapport fase 1
28. april hadde vi eit digitalt informasjonsmøte der vi gjekk gjennom hovudtrekka i planprogrammet. Sjå opptak av møtet her.
Kor langt er det eigentleg frå sentrum til Paradis, eller frå Jokeren på Storhaug?
Bodskap på asfalten skal knyte Paradis tettare på sentrum og nærområda, og bidra til å skape forståing for Paradis som stad.
Kva skjer no?
Nå startar arbeidet med å konkretisere innhaldet i planprogrammet. Først ut er eit såkalla parallelloppdrag, der tre ulike team med byutviklarar, arkitektar, landskapsarkitektar, transportplanleggjarar, antropologar, energi- og klimarådgjevarar og andre fagpersonaer skal jobbe med å undersøkje og visualisere kordan Paradis kan sjå ut i framtida. Parallelloppdraget munnar ut i nokre alternative løysningsforslag for planområdet og vil bli utstild våren 2022, slik at du kan sjå dei og sei kva du meiner.
Dei beste løysningane fra alternativforslaga vil, saman med resten av kunnskapsgrunnlaget, danne grunnlaget for eit forslag til ei områderegulering for Paradis. Planforslaget blir lagt fram for politikerne hausten 2022, og sendast på høyring slik at du kan kome med meiningane dine.
Prosjektkontor i Paradis
Første etasje i det gule huset til roklubben Terje Viken ved Hillevågsvatnet skal bli ein ny møteplass for Paradis-planen. Frå november kjem vi til å sitje her nokre dager i uka, slik at det er lett å kome i kontakt med oss mens vi jobbar med planen. Send oss gjerne ein e-post dersom du har spørsmål eller vil avtale et møte.
Kvifor ny områderegulering for Paradis?
Området nord og vest for Hillevågsvatnet, der det tidlegare var godsterminal, skal utviklast som ein del av sentrum. Dette er eit av dei mest spennande byutviklingsområda i kommunen vår, med direkte kopling til Stavanger sentrum, bussveien og med eige togstopp. Kva kvalitetar skal vi leggje vekt på? Korleis kan vi stimulere til eit aktivt byliv gjennom ein god miks av bustader, kontor, barnehage, kafear, møteplassar og gode uterom?
Paradis skal fortettast og utviklinga av området skal sikre at vi skal forflytte oss meir til fots og på sykkel enn med bil. Korleis skal dette sjå ut, og korleis kan vi få til gode samband til nabolaga og resten av sentrum? Vi vil diskutere korleis utviklinga i dette området kan styrkje Stavanger sentrum, korleis arbeidsplassen i framtida ser ut i Paradis, og korleis Paradis kan bidra til å vidareutvikle den grøne byen. Og korleis får vi til gode bumiljø og eit aktivt by- og næringsliv i Paradis? Vi skal sjå på kva særpreg og kva identitet området har i dag, og korleis vi kan bringe dette vidare. I tillegg må vi ta vare på kontakten mellom Storhaug og Våland og det grøne bandet langs fjorden og Hillevågsvatnet.
Sentrumsplanen ligg til grunn for arbeidet med Paradis-planen. Les meir om Paradis og «Sentrum sør» i sentrumsplanen.
Vi lagar planen saman med dykk
Mange har meiningar om korleis Paradis bør utviklast. Både dei som bur i byen, dei som allereie bruker området, politikarar, interessegrupper, grunneigar, offentlege instansar med meir. Vi ønskjer, saman med dykk, å komme fram til ein visjon og nokre delmål for utviklinga av Paradis. Kva tankar og forventningar har de for utviklinga? Og kva tenkjer de om forslaget som no blir lagt ut?
Gjennom heile planprosessen kan du sende oss tankar, teikningar eller bilete på e-post til paradisplanen@stavanger.kommune.no, eller bruke emneknaggen #paradisplanen i sosiale medium.
Vi har laga ein spå som kan setje tankane i gang. Bruk gjerne spåen til å snakke med venner, familie eller kollegaene om kva de ønskjer for Paradis i framtida. Vi vil gjerne høyre frå dykk etterpå! Her kan du laste ned Paradis-spåen.
Ein desembermorgon spådde vi folk på Paradis stasjon. Her er ein liten stemningsrapport:
Prosessen fram til no
Arbeidet med Paradis-planen starta hausten 2020. 15. oktober 2020 la vi fram ei orienteringssak for politikarane i utval for by- og samfunnsutvikling, der vi fortalde litt om status og korleis vi vil jobbe med dei første fasane av planarbeidet. Du kan lese orienteringssaka her. I tillegg var vi innom kommunedelsutvala på Eiganes og Våland, Storhaug og Hillevåg.
Forslaget til planprogram var oppe i kommunedelsutvalet Eiganes og Våland 22. februar og deretter i utval for by- og samfu~nnsutvikling torsdag 11. mars, som vedtok å sende det ut på høyring.
Utkastet til planprogrammet var på høyring fram til 14. mai 2021. Etter dette gikk vi gjennom alle innspela, oppdaterte planprogram-utkastet og la det fram til endeleg politisk behandling. Planprogrammet blei endeleg vedteke av utval for by- og samfunnsutvikling 30. september 2021. No går vi i gang med sjølve planforslaget. Det blir høve til at du kan seie kva du mener om dette også, før planen endeleg blir vedteken.
Kontaktinformasjon
Ingrid Eileraas
Prosjektleder, områdereguleringen i Paradis
Avdeling for byutvikling