PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Gode miljøval i Stavanger
  5. Grønnere transport
  6. Lading av elbil i Stavanger

Lading av elbil i Stavanger

Kort fortald:

  • Alle som eig elbil har ansvar for at ladinga er sikker og lovleg.
  • På denne sida finn du òg råd til burettslag og sameige om lading av elbil. 
  • Kommunen jobbar med å utvikle lademoglegheiter for dei som ikkje kan lade på eiga tomt.
  • Ein ladestrategi for Sør-Rogaland vart laga i 2017.

Information in other languages

Ladekontakt plugget i elbil

Lade elbil på eiga tomt

Dersom du har eigen privat plass for bilen og ladar han på eiga tomt, er det ingen kommunale restriksjonar for dette.

Du finn informasjon om godkjend og sikker lading av elbil på nettsidene til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Lading ute i gata

Det er ikkje lovleg å leggje ein kabel over fortau på offentleg grunn, ifølgje Veglova § 32. Årsaka til det er omsynet til

  • rullestolbrukarar, svaksynte og andre mjuke trafikantar
  • kommunedrifta med spesielle køyretøy, som til dømes feiebil og brøytebil
  • tryggingsrisikoen, som er nærare beskriven på DSB sine nettsider.

Det er heller ikkje tillate å setje opp sin eigen ladestasjon på offentleg grunn. Då ville du lagt beslag på offentleg areal til parkering. All parkering langs offentleg veg skal vere tilgjengeleg for alle.  

Kommunen jobbar med prosjekt for å forbetre lademoglegheitene for elbileigarar som ikkje kan lade på eigen grunn. Sjå nedanfor om stolpelading.

Stolpelading i bustadsoner

Her kan du lade bilen medan du parkerer:

  • I Olav Kyrres gate, nær Olavskleivå. Her er det tre ladarar. Ein av dei er reservert for bilar i ei bildelingsordning.
  • I Kyviks veg på Storhaug, ved kyrkjegarden. Her er det seks ladarar. 

Korleis bruker du stolpeladinga?
Du må ha med eigen ladekabel. Parkeringsavgift og lading betalar du med Easy Park-appen. Alle som har elbil eller ladbar hybridbil kan bruke ladestasjonane.

Kva kostar det, og kor lenge kan eg parkere der?
Du betaler 18 kroner pr. time for parkering og lading. Dette gjeld frå måndag til fredag frå klokka 8 til 18, og laurdag frå klokka 8 til 16. I dette tidsrommet kan du parkere i opptil to timar. Resten av døgeret har du lov å parkere så lenge du ladar. Prisen er då 8 kroner pr. time.

Kvifor har kommunen dette prosjektet?
Stavanger kommune har sett i gang dette prøveprosjektet for at bebuarane utan biloppstillingsplass skal kunne lade elbilar på ein sikker og lovleg måte. Prosjektet får støtte frå staten, og det skal bli evaluert etter omtrent eitt år.

Kommunen samarbeider med Lyse AS om prosjektet. Ladinga skjer frå ladeboksar ved stolpane, men på sikt skal straumen til lading bli henta frå sjølve lyktestolpane i gata.

Elbil i burettslag og sameige

Bur du i eit burettslag eller eit sameige som ikkje har etablert lading i parkeringsanlegget eller på parkeringsplassen?

Her er nokre generelle råd.

Tilrettelegging av infrastruktur
Ved installering av ladeanlegg i burettslag og sameige bør anlegget leggjast til rette slik at alle bueiningane etter kvart kan få tilgang til lading. Ladarane bør vere av same type for å hindre at straumnettet blir overbelasta.

Fordeling av utgifter 
Oppgradering av straumnettet og tilrettelegging for elbil-lading er fellesutgifter. Dei blir til vanleg delt på alle seksjonseigarane etter ein sameigebrøk.

Brannfare ved elbil-lading
Viss bileigarane bruker godkjende ladarar, er det ikkje større brannfare knytt til elbilar enn andre bilar, ifølgje DSB.

Krav til periodisk sjekk av ladesystem
Borettslag og sameige må følgje Forskrift om internkontroll. Det betyr at dei skal ha rutinar for sjekk kvar veke av ladeanlegg som burettslaget/sameiget eig eller har ansvaret for. Dette kan til dømes vaktmeisteren gjere. Ein godkjend el-kontrollør må kontrollere ladeanlegget årleg.

Offentlege parkeringsplassar med lading

Stavanger parkering har etablert ladestasjonar for elbil og ladbar hybridbil i alle parkeringshusa sine bortsett frå P-Posten.

Appen LadeNå! gir oversikt over ladestasjonar i heile Noreg. Du finn han der du pleier å hente appar.

Hurtigladestasjonar og ladebrikker

Her finn du viktig informasjon:
Elbil.no: Oversikt over hurtigladestasjonar og informasjon om ladebrikker

Strategi for etablering av ladeinfrastruktur

Stavanger har, saman med fleire andre kommunar, laga Strategi for etablering av ladeinfrastruktur i Sør-Rogaland (PDF). I Stavanger kommune vart han vedteken av politikarane hausten 2017.

Føremålet er å leggje til rette for auka bruk av ladbare køyretøy. Då er tilstrekkeleg tilgang på elbil-lading viktig. Elbilen skal i hovudsak ladast når han står parkert i lengre periodar, til dømes ved bustaden eller ved arbeidsplassen.

I tillegg til heimelading kan det vere behov for ladepunkt på stader som arbeidsplassar, i sentrum og ved kjøpesenter.  For dei lengre bilturane er det behov for hurtigladepunkt langs riksvegane.

Kontaktinformasjon