PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Samfunnsutvikling
  3. Samfunnssikkerhet og beredskap
  4. Krigen i Ukraina - Kva gjer Stavanger kommune?
  5. Treng du nokon å snakke med?

Treng du nokon å snakke med?

Her har skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom laga ei oversikt over kvar ein kan ta kontakt dersom ein ønskjer nokon å snakke med.

Be om hjelp om du treng det!

Helsetenestene er til for å hjelpe deg om du synest dette er for tungt til å handtere åleine eller med støtta frå dine næraste.

Helsestasjon for ungdom | Stavanger kommune er open, og helsesjukepleiar på skulen din kan vere nokon å prate med.

Fastlegen din kan òg vere ein person å prate med.

Hjelpetelefonar

Mental Helses hjelpetelefon 116 123 (heile døgnet)

Kirkens SOS Telefon 22 40 00 40 (heile døgnet)

Krisesenteret Eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre. Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Sentera tilbyr vern, tryggleik, råd og rettleiing til kvinner, menn og barn. Finn senteret nærast deg.

Hjelpetelefonar for barn og ungdom under 18 år:

Barn og unge pårørande Tlf. 90 90 48 48 Tilbyr hjelp via telefon, chat og e-post. Sjå nettsida for opningstider.

Kors På Halsen Tlf. 800 333 21 (måndag – fredag 14-22) Ring, chat eller skriv til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Du kan òg snakke med andre på din eigen alder på forumet.

Treng du akutthjelp eller er bekymra for nokon under 18 år?

Chattetjenester

sidetmedord.no 

Åpningstider:

Måndag: 20–23
Tysdag: 12–14
Onsdag: 12–14 + 20–23
Torsdag: 12–14

www.soschat.no 

Åpent kvar dag frå 18.30–22.30 (fredag fram til 01.30). Du kan òg skrive ei SOS-melding via www.kirkens-sos.no. Du kan vere anonym og du får svar innan 24 timar.

Barsnakk

Chattetjenesten til barn av rusmisbrukarar (for deg under 18 år).
(måndag til onsdag 17–20)

Nyttige nettsider

ung.no
Her finn du svar på det meste du som barn eller ung lurer på
Det viktigaste er at du ikkje går mykje åleine med auka uro og bekymring, så finn nokon å dele tankane med.