1. Hjem
  2. Klimastavanger
  3. Nytt om klima og miljø
  4. Næringslivet nøkkelen når Stavanger skjerpar klimakursen
Mennesker som sitter i en trapp og ser på en foredragsholder som viser frem på storskjerm.

Næringslivet nøkkelen når Stavanger skjerpar klimakursen

Frå studenthus med bergvarme til grøne offentlege anskaffingar – mange tiltak er alt i gang. Men for at Stavanger skal nå klimamålet innan 2030, må fleire aktørar i næringslivet bli med på laget.
Publisert : 09.09.2025
Av : Camilla Loddervik Sundstrøm, kommunikasjonsavdelingen

– Me kan ikkje lukkast utan næringslivet. Klimamålet krev både investeringar, samarbeid og endringar i kvardagsdrifta til mange, seier næringssjef i Stavanger kommune, Anne Woie.

Stavanger har sett seg eit ambisiøst mål: Byen skal bli klimanøytral innan 2030. Som ein av 112 europeiske byar i EU sitt Mission Cities-program har kommunen forplikta seg til å gå føre i det grøne skiftet – og vise korleis klimamål kan bli til konkrete handlingar.

Konkrete grep i praksis
Førre veke samla Stavanger kommune fleire næringsaktørar hos Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS). Samlinga var ein del av Nettverk for næring og berekraft, som skal bidra til at bedrifter lærer av kvarandre, deler erfaringar og finn løysingar som reduserer klimautslepp. Nettverket er ein sentral arena for å mobilisere næringslivet og knyte lokale initiativ til klimamåla i kommunen.

SiS har alt sett i verk fleire løysingar som viser veg. På Ullandhaug blir studenthuset varma opp og kjølt ned med bergvarme i samarbeid med Statsbygg sin energisentral, takflata er gjort om til ein andelsgard og sykkelparkeringa er flytta innandørs for å gjere det enklare å velje miljøvennleg transport.

– Me vil vise at berekraft kan vere praktisk og nært. Difor jobbar me like mykje med små grep som å redusere matsvinn eller motivere til gjenbruk av kaffikoppar, seier Kristina Renberg, marknads- og kommunikasjonsdirektør i SiS.

Slike tiltak viser korleis små og store grep kan vere med på å kutte utslepp – og korleis næringsaktørar kan inspirere kvarandre til å tenkje nytt.

EU gir verktøya – byen må bruke dei
Gjennom Mission Cities-programmet får Stavanger tilgang til både finansiering og fagleg rettleiing frå EU. Kommunen har òg etablert eit klima- og miljøfond, grøne innkjøp og Stavangeravtalen for å støtte opp om det grøne skiftet. Likevel er det den lokale mobiliseringa som avgjer om klimamålet kan nås innan 2030.

– EU kan opne dører, men sjølve jobben må gjerast her heime. Me treng fleire bedrifter som ser moglegheitene og blir med. Offentlege innkjøp er eit eksempel på korleis kommunen kan stille krav som skaper ringverknader og gir næringslivet insentiv til grøne investeringar, seier programleiar for Mission Cities i Stavanger, Torill Teigland Sødal.

Ein felles dugnad
Stavanger sin status som Mission City gir både moglegheiter og ansvar. Klimamålet kan berre oppfyllast dersom næringslivet, utdanningsmiljøa og innbyggarane trekkjer i same retning.

– Det handlar om å byggje nye samarbeidsformer mellom kommunen, forskingsmiljøa og næringslivet. EU legg til rette, men resultata må kome i byen vår, seier Sødal.

Mot 2030
At næringslivet engasjerer seg blir heilt avgjerande. Frå små kvardagsgrep til større investeringar – kvar aktør som bidreg, flyttar Stavanger eit steg nærare målet om å bli ein klimanøytral by innan 2030.

Framover vil kommunen og partnarane arbeide med å konkretisere klimakontrakten og søkje EU-midlar til prosjekt som kan setje fart på utsleppskutta.

– Me veit dette er krevjande, men me har alt vist at det er mogleg å få til endringar. Det handlar no om å gjere meir, saman, seier Sødal.

Nettverk for næring og berekraft | Stavanger Business Region

Klimanøytral by | Klimastavanger

 

Kontaktinformasjon

Torill Teigland Sødal

prosjektleder Mission Cities, rådgiver for innovasjon og digitalisering

E-post:
torill.teigland.sodal@stavanger.kommune.no
Anne Woie

Anne Woie

næringssjef

Mobil:
995 12 623
Telefon:
51 50 73 48
E-post:
anne.woie@stavanger.kommune.no