Fronten på bedehuset Bethel på Judaberg

Bedehuskulturen

Oppdatert : 26.01.2023

Tor Øyvind Skeiseid

Bedehus, bønder og byliv

Om du trur Stavanger og øyane er bygd opp av olje, tar du historisk grundig feil. Bibel og bønder kom først. 8. og 9. august 1842 skapte 184 menn frå Sør-Vestlandet norgeshistorie, då Det Norske Misjonsselskap blei stifta i Stavanger. 28 år etter at 112 andre mannfolk vedtok grunnlova på Eidsvoll, fekk grasrotrørsla eit av sine første organisatoriske fundament i Norge. Og det hadde truleg ikkje skjedd utan ryfylkebønder sin påverknad i byen.

Bibelbeltet og ein bondeson frå Østfold

Ein snakkar ofte om misjonsbyen Stavanger, og gjerne Ryfylke og Jæren som beltespenna i Bibelbeltet. Somme legg tungsinn og alvor til nemningane, andre glede og fridom. Og atter andre, ei salig blanding. Men Stavanger, og kommunedelane Rennesøy og Finnøy, kan med rette skryta på seg eit «me har skapt misjons- og lekmannsfundament»-syndrom. Her finn du Norges eldste bedehus, fødestaden til den første misjonsrørsla, opphavsmannen til det nye, pulserande og kristelege Stavanger, samt presteparet som skapte misjonsiver. By og land, som hand i hanske.

Dessutan må me gje fortent honnør til ein bondeson frå Rolvsøy, like utanfor Fredrikstad. Femte april 1796 får den då 25 år gamle Hans Nielsen Hauge (1771-1824)  ei openberring medan han pløyer åkeren heime på garden Hauge og syng ei salme under arbeidet. Han blir fylt av kraft og ønske om å forkynna. Hauge kjente på ein stor kjærleik til Gud og ikkje minst til menneske. Han ser at vanlege folk kan tala Guds ord, ikkje berre prestestanden. Hauge tar beina og pennen fatt. Han snakkar om eit personleg Gudsforhold, og i same andedrag inspirerer han folk til industribygging, bureising og handelsverksemd. Næringsutviklinga skulle tena til å byggja eit godt, kristent samfunn av sjølvstendige, likestilte, menneske som fekk nytta både evnene sine og Guds gåver og samstundes fremja god kristen lære.

Portrett-teikning
Hans Nielsen Hauge, portrett av ?

På nokre få år blir Hauge Norges mest omtalte person, best trena mann, mest lesne forfattar og kanskje mest fengsla lovbrytar. Hauge blir kasta i fengsel ti gonger, fordi embetsstanden meiner han bryt både lausgjengarlov, handelslov og  konventikkelplakat. Sistnemnde forordning forbaud kristelege samlingar utanom gudstenesta. Presten skulle ha patent på det gudelege, både i tale og sinn. Hauge utfordra det etablerte. Det skulle falla i god jord i vårt område.

Surpompen med det store hjarte

Hauge måtte til slutt sona 10 år i fengsel, utan lov og dom. Men medspelarane hans, haugianarane, fekk etter kvart solid fotfeste i landet, ikkje minst etter 1814. Då trer John Haugvaldstad (1770-1850) fram i Stavanger. John var fødd på Rennesøy, under namnet John Rasmussen Reianes, og han gifta seg seinare til garden Haugvaldstad på Mosterøy.

byste
Bysta til Haugvaldstad ved Misjonshøgskulen.

Kort fortald møter John Haugvaldstad sitt store idol, Hans Nielsen Hauge, heime på Haugvaldstad. John reiser frå garden, utdannar seg til fargar og er den viktigaste enkeltpersonen som får Stavanger opp på beina igjen etter feilslått sildefiske, nedgang i skipsindustrien og generell fattigdom. Hans bedriftsetableringar er omfattande, og han skapar arbeidsplassar og framtidstru til mange. John blir kjent som ein alvorleg, haugiansk karakter, får kallenamnet «Hellig-John», og har lite til overs for skjemt og spøk. Det kristelege tungsinnet heng over han store delar av livet. Men øybuen er høgt elska i Stavanger.  I 1834 etablerer han Josephinestiftelsen, ein barneheim for foreldrelause jenter. Det er ikkje tal på kor mange denne barneheimen hjelpte til eit betre liv. Josephines Stiftelse held til i Stavanger den dag i dag, som Norges eldste barneheim i samanhengande drift.

Misjonsgløden frå Finnøy

Haugvaldstad har sansen for å nå alle folkeslag med den kristne bodskapen. Det blir kalla «misjon», eit nytt ord i Stavanger utpå 1830-talet. Men på Finnøy har ein høyrd ordet og tonen tidlegare. I 1824 fekk nemleg Finnøy og Talgje eit nytt prestepar. Etter årevis med såkalla rasjonalistprestar, som tala om fornuftsforholdet til Vårherre, kjem ein ny type prest til prestegarden på Finnøy.

Gabriel Kirsebom Kielland (1796-1854) var ein såkalla brødreven. Dette var ei rørsle som oppstod i Tysland mellom landflyktige lutherske innvandrarar frå Bøhmen (dagens Tsjekkia), og som fekk forgreiningar til Danmark og Norge. I Tyskland heiter grupperinga herrnhutharane etter byen Herrnhut, som dei grunnla i Sachsen på 1720-talet. Dette var fromme, pietistiske menneske, med eit stort, bankande hjarte for misjon. Sokneprest Kielland sa til finnøybuen: «Gud ser ikkje til tanken, men til hjarta.» Finnøysamfunnet blei snudd opp ned i løpet av dei 13 åra presteparet Kielland budde på øya. Gabriel Kielland starta med åndelege husmøte i prestegarden, i tillegg til gudstenestene. Her kom også misjonsbøssa fram på bordet, med påskrifta «En schjerv til missionen». I følgje kona, Gustava Kielland (1800-1889), skal dette ha vore den første misjonsforeininga i landet.

Minnestein
Minnestein over Gustava og Gabriel Kielland. Foto: Tor Øyvind Skeiseid

Presteparet Kielland sin misjonsglød frå Finnøy skulle få ringverknader. Då dei 184 mennene var samla i Stavanger i 1842 for å danna Det Norske Misjonsselskap (NMS), var sjølvsagt Gabriel Kielland ein av stiftarane. Ja, han var blant pådrivarane og hadde også vore med og utforma framlegg til statuttar. Sjølv var han nå blitt sokneprest i Lyngdal, der kona Gustava etablerte den aller første misjonskvinneforeininga i Norge.

John Haugvaldstad var naturleg nok også ein av dei 184 stiftarane av NMS, og det var han som husa heile forsamlinga i to dagar. I utgangspunktet var det skepsis mellom haugianarane og brødrevenene, men etter kvart fann dei to lågkyrkjelege rørslene saman på fleire område. Symbolsk nok gifta dottera til presteparet Kielland, Gabrielle, seg med Andreas Hauge, Hans Nielsen Hauge sin einaste son. Andreas Hauge blei den første lønna generalsekretær i NMS, og den første redaktøren av Misjonstidende, med sete i - ja nettopp - Stavanger.

Josephinestiftelsen, der NMS blei stifta, heldt til i Kongsgata 48; eit stort hus ved Breiavatnet, som i liten grad har blitt endra med åra. I dag held Kirkens Bymisjon til i huset og driv Josephines Kafé i kjellaren, kopla på eit arbeid retta mot menneske som treng ei ekstra handsrekning. Den raude, diakonale tråden frå Haugvaldstad er tydeleg.

Skilt og plakett på Josephinestiftelsen
Foto: Tor Øyvind Skeiseid

Prestar, kvinner og bedehus

Med rette kan ein skyta inn at mange av NMS sine grunnleggjarar var prestar, altså motsatsen til Hauge. Men på nokre få tiår gjekk store delar av prestestanden frå å vera ein slags kvasidansk, åndeleg elite til å vera haugiansk-brødrevenske pietistar. Prestane talte til folket og for folket.

Stavanger etablerte både israelsmisjon, sundagsskule og misjonshøgskule på 1840-talet. Og i 1846 blei eit av dei første bedehusa bygd i Norge, litt etter at Strand og Hjelmeland hadde fått sine bedehus. Brødrevener og haugianarar i Stavanger gjekk saman om å byggja Nygadens Opbyggelseshus, som framleis ligg i Nygata. John Haugvaldstad gjekk sjølvsagt i front. 103 stiftarar har skrive under på testamentet som regulerer bruken og ansvaret for huset, deriblant 12 kvinner.

For om mannfolka breste seg framme, fekk kvinner ein sentral plass i lekmannsrørsla. Hans Nielsen Hauge var den som opna for både kvinnelege predikantar og leiarar, og Misjonsselskapet gav røysterett til kvinner i 1904. Først ni år seinare blei det ålmenn røysterett for kvinner i landet. Mange vil også i dag løfta fram prestekona frå Finnøy, Gustava Kielland, som ein pioner for organisert frivillig arbeid blant kvinner. Ja, ikkje berre innan misjon, men også som inspirasjon til alt frå bygdekvinnelag til sanitetskvinner.

Nå skal ein ikkje påstå at lekmannsrørsla på denne tida var ei kvinnerørsle. Men likeverdet  var sterkt framme, om ikkje likestillinga var på same nivå som i dag. Og med likeverd følgde ein demokratisk og anti-hierarkisk måte å tenkja på.

Bedehusbygging og kulturhus

Mektige Lars Oftedal feide over Stavanger og øyane som ein heftig vind på 1870- og 1880-talet. Han var prest, predikant, indremisjonsmann, stortingsmann, redaktør og ikkje minst bedehusbyggjar. Betania bedehus blei bygd som storstova i Stavanger i 1875, med ein besøksrekord på 3 500 menneske. Huset ligg sentralt i eit kvartal med fleire «milde stiftingar» grunnlagt av same mann, deriblant Waisenhuset (barneheimen). [*Omtrent her ynskjer vi litt meir om både bedehusa og rørsla(/-ene) i Stavangerbyen… Vi ser etter ein forfattar, som kan utdype her.*] Men Oftedal var også aktiv i bygdene rund Stavanger.  Etter ei vekking på Finnøy i 1874, såg han behov for eit stort bedehus sentralt for Ryfylke, på den grisgrendte bygda Judaberg.

Portrettfoto av Lars Oftedahl
Lars Oftedahl (1877-1932), redaktør og statsråd. Cand. jur. i 1899. Redaktør i Stavanger Aftenblad 1900-1932. Medlem av Stavanger bystyre fra 1907, formannskapsmedlem 1914-1922. Stortingsrepresentant for Venstre 1921-1927. Sosialminister 1924-1926 i Mowinckels første regjering og handelsminister under Mowinckel igjen i 1928-1931. Foto: Hakon Johannessens fotoarkiv, Stavanger Byarkiv

16. september 1878 blei Bethel bedehus på Judaberg innvigd. Oftedal hadde fått det som han ville; om øya var lita, måtte ein ha eit stort forsamlingslokale for øyar og bygder rundt. Sjølv fekk han gleda av å telja 1 600 sjeler inne på bedehuset andre pinsedag i 1879. Det er framleis den uslåelege besøksrekorden, i det som nå er det eldste bedehuset i Ryfylke, som framleis er i bruk som bedehus.

Ser ein på bedehusa elles på øyane, merkar ein at svært mange av bedehusa er bygde i tida mellom 1900 og 1920. Både bedehusa på Vikevåg (1919) og Sørbø (1907) på Rennesøy, bedehuset på Mosterøy (1905), Talgje (1908), Jørstadvåg på Ombo (1911), samt på Steinnesvåg (1911), Reilstad (1912) og Lauvsnes (1919) på Finnøy, er frå denne perioden. Desse 20 åra, var den store vekkingstida i Ryfylke og på Jæren, med Kinamisjonen (nå Misjonssambandet) i spissen. Vekkingshøvdingen var den segnomsuste emissæren Sven Foldøen. Opphavleg kom han frå Foldøy utanfor Jelsa. Men etter kvart flytta han til Finnøy, kor han budde i vel 40 år.

Portrettmaleri
Sven Foldøen, emissær og "vekkingshøvding"

Bedehuset var der det skjedde, ja på mange måtar kulturhusa i bygder og by. Her var kveldsmøtet, misjonsfesten, juletrefesten, basaren, sundagsskulen, årsmøtet i handelslaget, meierifesten, røystelokale og staden for minnemøte. Her var det ope for mykje, eller som det alltid har stått i vedtektene til Bethel bedehus på Judaberg:

«Huset kan og nyttast til ikkje-religiøse møte og samkomer som er til gagn for samfunnet, og som styret med godt samvit kan gå med på.»

200 år gamle spor

Somme vil seia at bedehusrørsla er noko som høyrde fortida til. Ser ein på fleire av øyane, vil ein derimot sjå at det ikkje er tilfellet. Møteformer, musikk, talemåte og verkemiddel har endra seg, men aktiviteten er framleis stor. Samspelet med kyrkja er dei fleste stadene sterkare enn før. Det er lite tale om kyrkjefolk og bedehusfolk. Folketalet på øyane er ikkje større enn at ein arbeider i hop. Kyrkjene har også overtatt eller supplert mykje av barne- og ungdomsarbeidet.

Bilete av del av utstillinga på bedehusmuseet i Bethel på Judaberg
Vekkinga på Finnøy, som vist i bedehusmuseet i Bethel på Judaberg. Foto: Tor Øyvind Skeiseid

I Stavangerbyen er det meir enkelt å «shoppa» kor ein går. I tillegg til Den norske kyrkja, har ein store fellesskap som Salem i Misjonssambandet, og ikkje minst IMI-kyrkja på Tjensvoll. Det er ein eigen kyrkjelyd, med utspring frå «Lars Oftedal»-kvartalet ved Bergelands- og Waisenhusgata. Stavanger husar også eit hav av ulike forsamlingar, av liten og stor art. På øyane er det utprega luthersk tilnærming på det meste. [*Og her bør òg utdypast noko, når vi finn den rette skribenten.*]

Den haugianske tankegangen er uansett tydeleg til stades. Vårherre kallar enkeltmenneske til å nytta sine eigenskapar til beste for sin neste. Det visar igjen både i givarglede, skaparånd, misjonstanke og entreprenørskap. Som John Haugvaldstad sjølv sa det: «Man skal være virksom på Jorden, dog have sit Sind vendt mot det himmelske». Det er to sider av same sak. Somme ville kalla det sunt bondevit. Andre seier kanskje urbant og himmelsk?

Tråden frå Hauge, via Haugvaldstad, ekteparet Kielland, til prestar og predikantar, bedehusliv og vekkingskristendom, er synleg fram til i dag. Kanskje ikkje så prangande som rikdommen frå oljå, men likevel viktig nok til å ha bygd lokalsamfunn, by og land – «hånd i ånd».

Til toppen