1. Hjem
  2. Stavangers kulturmiljøplan
  3. Lokalhistorien i korte trekk
  4. Bydelenes og øyenes lokalhistorie
  5. Finnøy
Landskap på Finnøy

Finnøys historie

Oppdatert : 02.09.2025

Finnøy

NB! Førebels utkast!

Dei eldste spora etter menneske på Finnøy er frå steinalderen. Særleg kring Judaberg er det funne fleire bitar av flintavslag. Det finst rester etter bygdeborger frå jernalderen både på Nådøya og på Borgaråsen ved Kindingstad. Slike forsvarsanlegg var truleg felles for fleire av dei næraste gardane. Det er også funne mange gravminne frå jernalderen, og fleire av gardsnamna tyder på at gardane har vore i bruk sidan før vikingtida, med namneendinger som -land og -stad.

Hesby kirke med litt av kirkegården rundt.
Hesby kirke. Foto: Morten Stige

Hesby kyrkje blei sett opp av stormenn, truleg på 11- eller 1200-talet. Dette syner at Hesby var ein gard med mektige folk, og truleg allereie hadde hatt ein sentral posisjon i landet lenge før kyrkja vart bygt. Det svære naustet frå 600-800-talet som det er funne rester av på Hesby vitnar også om makt og rikdom, og det same gjer stadnamnet som tyder garden eller plassen med hestar.

På 1300-talet budde Ogmund Finnsson på Hesby. Han var ein av Noregs mektigaste. I to periodar tente han som drottsete, altså styrte han landet på vegner av kongen. Namneforskarar har peikt på at fleire av gardane i området nærast Hesby ser ut til å fått namna sine ut ifrå korleis dei ligg i forhold til ein større hovudgard. Dette gjeld både Nordbø, Vestbø, Skudegjerd (som Prestegarden tidlegare heitte) og kanskje Landa.

Hauste frå jord og fjord

Det meste av jorda på Finnøy var eigt av krona fram til leiglendingane som dreiv gardane kjøpte seg inn til sjølveige i løpet av 1700-talet. Under dei aller fleste av dei 28 gardane var også eit varierande antal husmannsplassar. Husmenn og strandsitjarar livnærte seg på fiske i tillegg til jordbruket, slik det var vanleg langs kysten.

Dei siste ca. hundre åra har jordbruket i aukande grad vorte dreidd over til dyrking i drivhus, og tomat i mengder vert sendt frå Finnøy til heile resten av landet. Fleire driv òg fjørfehald, for både kjøt- og eggproduksjon, og i tre formative tiår - mellom 1986 og 2013 - hadde Rygjabø vidaregåande skule på Judaberg, med undervisning i akvakultur, ei vesentleg rolle for utviklinga av fiskeoppdrettsnæringa i kommunen.

Judaberg

Judaberg har vakse fram som handelsstad og knutepunkt for Finnøy. Allereie seint på 1600-talet fantes husmenn som tente pengar på handverk her, og frå 1720-åra fekk Hagaberget, som det enno heitte den gongen, gjesteheim og handelslokale. Namnet Judaberg kom frå ein av dei mange danskane (frå Jylland, omtala som jyder eller juter) som hadde flytt til området. Jens Andersson som budde som strandsittjar her på slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet og vart over 80 år, og dessutan hadde ein son som var smed og gjekk under namnet Kristen jyde, er mest sannsynleg opphav til namnet Judaberg, sjølv om det ikkje er funne brukt i skriftlege kjelder før i 1820-åra.

Den første rutebåttrafikken i Ryfylke, frå midten av 1800-talet, hadde Judaberg som ein av få stoppestadar. Judaberg ligg lagleg til, midt i leia mellom Stavanger og fleire av fjordbygdene i Ryfylke, både i indre Ryfylke og ved fjordarmane nordover. Rutebåtkaien gjorde Judaberg til eit lite knutepunkt, der både butikkar, amtsskule og bedehus vart etablerte. Seinare, etter samanslåinga av Finnøy og Sjernarøyane kommunar på 1960-talet, vart også kommuneadministrasjon, sjukeheim og bibliotek lagt til Judaberg.

Flyfoto av Judaberg i 1962.  Ein ser fjorden, kaiar, meieribygning, bedehus, landhandel og fleire småhus, mange av dei i ulike fargar. Jordbruksmarker og treklynger spredt mellom husa.
Judaberg 1962. Meieriet nærast, bedehuset Bethel over mot venstre, husmorskulen Rygjabø ligg enda lenger oppi bakken, handelslaget og fergekaien mot høgre biletkant. Foto Stavanger byarkiv

Handelslaget overtok landhandleriet på Judaberg i 1912, og har stått sterkt på Finnøy. Dei utvida ved å kjøpe meir grunn på 1960-talet, då kommunen samtidig kjøpte areal til å byggje større kaiar.

Amtsskulen i Ryfylke (ungdomsskule for barn av bønder) blei driven som omgangsskule dei første snautt 30 åra frå han vart etablert i 1875, heilt til Rygjabø ungdomsskule ble bygt på Judaberg i 1903. Jenter vart innkvarterte på skulen, medan gutane måtte finne rom hjå private i nærleiken.

Ungdomsskulen blei lagt ned i 1930, og det vart i staden etablert husmorskule i skulehuset. Hit kom unge kvinner frå heile Ryfylke for å få eit halvår med undervisning i mat- og husstell. Då husmorskulen blei lagt ned i 1976 blei Rygjabø ny vidaregåande skule, med husstell, helse- og sosialutdanning, og seinare kokkeline. Frå 1986 tilbaud Rygjabø utdanning i akvakultur, og etter kvart (2001) vart all fiskeri- og akvakulturutdanninga i Rogaland samla her. Meieriet på kaien vart fiskerifagleg senter i 2003, men dette varte berre i 10 år før faga vart overførte til Strand vgs. Skulebygget frå 1903 brann ned i juni 2016.

Meieri vart bygt på Judaberg i 1932, etter at meieriet på Kvameheia brann. I 1958 blei det større «Ryfylkemeieriet» som var en samanslåing av meieria i Steinnesvågen og Judaberg, bygt på kaien.

Bedehuset Bethel som Lars Oftedal fekk bygt i 1878 blei eit viktig forsamlingslokale for kristne i eit stort område. Bethel er bygt i stein, og er det eldste bedehuset som fortsett er i bruk i Ryfylke.

Allereie på slutten av 1920-åra starta pengeinnsamlinga til gamleheim på Judaberg, men det var først da ungkaren Sven Haga testamenterte sine 14.000 kr til formålet då han døydde i 1932, at det vart nærare realistisk å planlegge bygginga. Det tok enno mange år før gamleheimen vart bygt i 1967. I 1970-åra kjøpte Finnøy kommune også opp tomter til eldreboligar like ved, og i dag byggjer Stavanger kommune stort nytt pleie og omsorgssenter her.

Fogn

Her kjem korte trekk frå historia på Fogn

Talgje (sør)

NB! Uferdig utkast!

Namnet Talgje finst også skrive Tolga, Talle og Talge, og har uvisst opphav. Fyrst var det namnet på både øya og garden som seinare, frå slutten av 1500-talet, er omtala som Gard. Namna på dei to andre gardene på Talgje - Østabø -den ytste garden, og Meling -den mellomste garden, tyder på at Gard, (tidligare Tolga) har vore hovudgarden, som dei andre to er orienterte etter. Truleg vart Meling og Østebø skilde frå Tolga allereie i jernalderen.

Det er funne mange spor etter tidleg busetjing på øya. Dei eldste spora etter menneske er frå steinalderen: Både på Østebø og Meling er det funne mange flintreiskaper og flintavslag som tyder på at folk har opphalde seg her over tid. Fast busetjing veit vi me sikkert at det må ha vore frå jernalderen av, sidan det finst både gravminne og nausttufter frå denne tida. I alt er det funne nærare 50 gravminne frå jernalderen på Talgje. Funnet av ein «heilag kvit stein» tyder på at øya har hatt ei sentral rolle også i førkristen tid. Talgje kyrkje blei reist for en stormann kring midten av 1100‑talet.

Svart-kvittbilete av Talgje kyrkje.
Talgje kyrkje fotografert i samband med studier til "Fortids Kunst i Norges Bygder" (17 hefter, 1908-39) ved dei to NTH-arkitektane og -professorane Johan J. Meyer (1890-1940) og Erling Gjone (1898-1990). Kilde: Digitaltmuseuem.no

I mellomalderen var Tolga (Gard) heimen til ei slekt adelsmenn kalla Gaute-ætta, med band til kongefamilien. Ulike adelege budde og åtte Gard helt fram til midt på 1600-talet. Fleire av bruka på Talgje hadde fram til jordskiftet i 1822 husa sine samlai fellestun/klyngetun, slik skikken var den gongen; Meling på øvste del av denne garden, mot grensa til Østebø, og Gard like aust for kyrkja. Dei gamle Østebø-bruka låg i eigne tun.

Jordbruk og fiske har vore hovudnæring for folk på Talgje. Dei siste generasjonane har i stadig større grad hatt jordbruk i drivhus, med vekt på tomatproduksjon, til inntektskjelde.

Hestar -fjordingar- med kjerrer, ein lastebil,  og mjølkespann på kaien. Ei ferge ligg til kai, og det er mange folk. Sola skin.
Rutebåtkaien i Gardsvågen var ein travel plass når båten var inne. Jordbruksvarar og mjølk vart framleis levert med hest og kjerre i 1951, då dette biletet er teke. Det er rutebåten «Ekspress» som ligg til kai. Seinare, i 1970-årene, vart det etablert ferjekai i Gongstøvika, heilt aust på øya, og endå seinare la ferja til nordvest på øya, fram til tunellen blei opna i 2009. Foto: Bjarne Stangeland, lånt frå «Fjordvegen - Rutetrafikken på Ryfylkefjordane» av Njål Tjeltveit, Verbum Grafiske AS, 1997.

Ombo

Dei fyrste spora

Ombo er den største av øyane i både Stavanger kommune og Ryfylke elles. Øya har vore heimen til, eller i alle fall vitja av folk, heilt tilbake til steinalderen. Det er funne bitar av flint på sørvestsida av øya. Helleristingar og skålgroper syner at det truleg har budd folk her òg i bronsealderen. Men langt dei fleste fornminna på øya er daterte til jernalderen; over 50 gravhaugar og fleire gjenstandar, som til dømes eit sverd på Nodland, glasperler på Vatland og smykke på Rosså. Stadnamn som Rørheim, Kalleim, Aukland og Løland har endingar som peiker på opphav i hundreåra mellom 200 og 600 e.Kr. To store hustufter frå jernalderen er funne på Nårstad og ved Kylåvatnet, medan restar etter eit forsvarsanlegg (bygdeborg) er funne på Flotene, nær Holmavatnet, kor berget har namnet Borgaråsen.

Landskap med et stille vann, bergknauser, gress og furutrær en gråværsdag.
Borgaråsen ved Holmavatnet på Ombo. Foto: Håkon Eide

Mellomalder og storbønder

I mellomalderen var mykje av Ombo gods under anten kyrkja, kongen eller Utstein Kloster. Lite er kjent om folka på Ombo i mellomalderen. Vi reknar med at mange var leiglendingar som brukte den kyrkjelege eller kongelege jorda, slik skikken hor vore i området. I dei første skriftlege kjeldene, frå 1500-talet og ut over etter reformasjonen, ser det ut til at Aukland skil seg ut som den største, rikaste sjølveigde garden på austsida av Ombo, som i utstrekt grad òg nytta jorda på grannegardane; «mest all jord på Ombo låg under Aukland-folket ei tid» (Sjernarøy bygdebok. 1 . Gard og ætt, 1972). Lensmann i Hjelmeland gjennom fleire tiår (1608-1652), Ola Jonson, var gardbrukar her. Han må ha blitt valt til lensmann på grunn av rang, for lesa og skriva kunne han ikkje, kom det fram i ei tingrettssak i 1623.

Aukland-garden rådde særleg over bruka og gardane nord og austanfor for seg. Vestover var gardane helst under biskopen og kapellanen i Stavanger og Utstein kloster i mellomalderen. Etter reformasjonen overtok kongen alt som hadde høyrt til biskopen. Klosteret heldt fram med å eige deler av Skår heilt fram til 1773, og kapellanen i Stavanger fekk leigeinntekter frå Vestersjø heilt fram til midt på 1800-talet, då brukarane kjøpte jorda sjølve. Kongen selde Flotene, Rosså og sin del av Skår siste halvdelen av 1600-talet, fyrst til danske stormenn. Siste bit av desse gardane vart overtatt av sjølveigande bønder i 1835.

Næringsvegar på Ombo

Næringsgrunnlaget for menneska på Ombo har vore som langs resten av kyst-Noreg; jordbruk med fiske som viktig attåt-næring. Utover 1800-talet blei det for trongt om ressursane på Ombo, og mange freista lukka som utvandrarar til Amerika. Lærar og lekpredikanten Ole Olsen Hetletveit gjekk føre; han var blant dei som organiserte den fyrste utvandrarskuta frå Noreg, Restauration, i 1825.

Sluppen Restauration på sjøen
Restauration er ein replika av den originale skuta som segla frå Stavanger i 1825 med 52 norske emigrantar ombord, og er bygt her i Rogaland. Foto: Frode Skarstein

Utover 1900-talet spedde fleire av Ombo-bøndene på inntekta si med frukt- og bærproduksjon. Gardar som Tuftene, Skår, Atlatveit, Eidssund, Golf og Bergaland leverte gode fruktavlingar. «Fisterfjord», som gjekk i rute i Ryfylke, segla turar til England fleire somrar i 1920-åra, for å selje bær. «Ombo-plomma» er etter kvart vorten ein heller sjeldan plommeart; omboplomma er best etter ei frostnatt, heiter det.

Òg på Ombo fanst dei som dyrka tomat i drivhus allereie før siste verdskrigen, men desse tapte kappløpet om marknaden, sidan dei ikkje hadde satsa like grundig som folk på andre øyar i området. Dei hadde nemleg gått for kalde drivhus, og fekk mykje kortare vekstsesong enn konkurrentane med oppvarma drivhus. I dag er det att éin produsent som nyttar drivhus på Ombo, og der er blomar og hageplanter vel så viktige som matproduksjonen.

Eit drivhus fullt av blomer i alle farger.
Blomeproduksjon ved Ådland gartneri. Foto: Lånt frå facebook-sida til Ådland gartneri, i eit innlegg frå 30. april 2018.

Sjøen har vore arbeidsplassen til fleire Ombo-buar. Kommersielt har det vore drive rekefiske og leppefiskfangst, og fleire har hatt arbeid om bord i fjordabåtane og ferjene, eller ved oppdrettsanlegga i området. På plassen Tingvik ved Eidssund budde og verka kring århundreskiftet mellom 18- og 1900-talet, ein båtbyggjar. Han var truleg berre éin av svært mange båtbyggjarar i Ryfylke gjennom tidene, men tingvikbåtbyggjaren vert hugsa enno i dag, fordi båtane han byggte fekk ry på seg for å vera særleg raske å segla. Ein av kundane hans tinga seg det som truleg vart den fyrste fritidsbåten i Ryfylke, "Viking" som framleis har heimehamn i Sjernarøyane. (Les meir i "Småbåtar i Rogaland" av Svein Langvik.)

Siste generasjonen gardbrukarar på Ombo har hatt anna sysselsetting attåt gardsdrifta. Difor har småfehald, som eignar seg for kombinasjon med anna arbeid, auka i omfang. Hyttebygging og -utleige har gitt gode inntekter til mange Ombo-folk dei siste tiåra. Det er særleg fisketuristar frå Tyskland som har funne sin feriestad på Ombo. Rørheims bilruter, som vart starta på Ombo rett etter andre verdskrigen, har sysselsett fleire både Ombo- og Finnøy-buar heilt fram til i dag.

Sjøvegen og tettstadene/kaimiljøa

Legenda om Adam på Jørstad som budde sør på øya, men hadde teneste på Jørstad og forsvann ein dag på veg til arbeid, er talande for kor tungvint det var å reise internt på øya. Fjordabåtane som gjekk i rute frå midten av 1880-åra, batt etter kvart bygdene noko betre i hop. Dei hadde stopp i Jørstadvågen, og etter kvart i Eidssund, og enda seinare på Atlatveit. Likt som på fleire andre stader, kunne ikkje folk i Jørstadvågen borde rutebåten utan å bli rodd ut ifrå land, sidan kaiene var for små til dampskipa.

Austsida fekk samband med Stavanger noko seinare. Skår og Vestersjø frå 1897, og Tuftene frå 1909. Jamvel Bandurå heilt på nordsida av øya hadde rutebåt ei tid. Mellom alle desse kaiene var det dårleg eller ingen veg over land. Men mellom kaiene på Skår og Aukland, som var i drift samtidig i nokre år, var det berre få minutts gange. Striden om å få rutebåtkaia på eigen gard vart ikkje løyst, så rutebåten måtte stoppe begge stadene; nokre dagar på Skår, og andre på Aukland.

Svart-hvittbilde av dampskip ved liten kai eller brygge. Mange folk på brygga, og en færing i sjøen innenfor dampskipet.
Fisterfjord ved Tuftene kai 1933. Foto: Statsarkivet. Lånt fra boka "Bygda sitt hjarta : båtstoppestader i Ryfylke".

Rutebåtkaiene vart samlingspunkt for folka på Ombo. Fleire av dei hadde postkontor, og det var her både folk, varer og nyhende kom og drog. Både i Jørstadvågen og på Skår fanst det butikkar i fleire tiår, og einaste kyrkja på Ombo ligg ovanfor Jørstadvågen. Jørstad kyrkje er ei langkyrkje frå 1928 teikna av Gustav Helland, vigsla til kapell i Sjernarøy sokn. Det er likevel Eidssund som har overtatt dei fleste knutepunktfunksjonane i dag, med barnehage, butikk og grendehus i tillegg til ferje- og hurtigbåtkai.

Vegtransport på Ombo kom ganske seint. Vegen mellom Skipavik og Eidssund sto klar i 1970, medan vegen skrått over øya som bind Skipavik, med ferje vidare til Hjelmeland og Nesvik, saman med Jørstadvågen, opna så seint som i 2001. Fyrst då dukka, etter det som er sagt, tenesteguten Adam fram att, i form av silhuetten som òg er kjent som Ombo-gubben.

Bergformasjon som ligner et ansikt med stor nese.
Ombogubben, Adam på Jørstad eller Kyrdalsgubben. Foto: Håkon Eide

Administrative inndelingar

Dei eldste administrative inndelingane av landet vi kjenner til er skipreida, som truleg vart innførde kring midten av 900-talet. Ombo var delt i tre partar som høyrde til under skipreida Jelsa, Hjelmeland og Sjernarøy/Sæbø. Både topografien og storleiken til Ombo gjorde avstandane mellom gardane internt på øya store, slik at sjøvegen batt nokre gardar tettare til Jelsa, andre til Hjelmeland, og dei vestlegaste til Sjernarøyane. Folka har òg vore knytt til dei tre kyrkjesokna Jelsa, Hjelmeland og Sæbø, men soknegrensene har ikkje alltid vore like med herads- eller kommunegrensene. Til dømes har Buer, Nårstad og Vatland høyrt til Hjelmeland skipreide og Jelsa prestegjeld på same tid. Truleg har slektsakp og tradisjonar hjå gardeigarane spelt inn på kva kyrkje ein har sokna til. Tredelinga av øya varte heilt fram til kommunegrensejusteringane i 1965, då Sjernarøy-delen og Jelsa-delen av Ombo kom inn under Finnøy. Men det var fyrst i 2020 at heile øya vart samla i éin kommune, då Hjelmeland-delen og heile Finnøy vart slått saman med Stavanger og Rennesøy.

Sjernarøyane

Sjernarøyane, øygruppa heilt nord i kommunen, var saman med ein del av Ombo ein eigen kommune fram til 1965, då dei vart lagt i hop med Finnøy. Sidan 2020 har øyane vore i Stavanger kommune.

Dei eldste spora etter folk er frå kring 9000 år sidan. Både på Venja nord på Bjergøy og nord på austenden av Talgje er det funne flintstein som skal vere forma av folk i eldre steinalder. Det i norsk samanheng nesten eksepsjonelt milde klimaet på Sjernaøyane har altså vore ramma for rik grøde i alle kjente tider. Men på Talgje har òg sjølve berget vore naturressursen som vart henta ut: kvernstein vart brotne ut av svaberget i fleire generasjonar, frå 1100-1200-talet til kring 1500, og på 1900-talet vart det henta ut marmor i fleire tiår.

Bilde av svaberg ved fjorden, med tydelige spor etter uttak av kvernsteiner.

Jordbruk og fiske har likevel vore hovudnæringa for folk òg på Sjernarøyane, heilt fram imot vår tid. Gardane har høyrt til storfolk som Talgje-ætta, kongen og biskopen i mellomalderen, men fleire av gardane har vore ått av gardbrukarane sjølve allereie sidan 1600-talet.

Vi er ikkje sikre på kva opphav namnet Sjernarøyane har, sidan det er eit gamalt namn. Ulike teoriar har vore lagt fram: Fyrsteleddet kan væra knytt til både talet sju, til verbet serða (som tyder ha samleie og i så fall må handle om dei mange fallossteinene som er funne på desse øyane), eller til tysk saar (straume, som fjorden gjer i dei mange sunda mellom øyene). Den eldre namneforma for Kyrkjøy Sion/Sjon/Sjorn er nok det mest truverdige opphavet, med Sjernar-  som ei genitivsform av dette. (Store norske leksikon og Næss: Kultursoga bind I)

Det har i kjend tid aldri vore berre eitt knutepunkt for Sjernarøyane, sjølv om Kyrkjøy nok har vore øya som har gitt øygruppa namn. I staden har kaiene vore samlingsstader for folka på øyane, der både fastbuande og seinare òg ferierande har møtst. Handelsstadene har difor vore på eller tett ved kaiene. Aubøsund, Ramsvik, Eik, Helgøysund og Nesheim har alle hatt butikk eller landhandel med post. Etter at bilvegen vaks fram som vanlegaste kommunikasjonsåra mellom øyane (unntatt Nord-Hidle) fall det naturleg å leggja ein butikk på Eriksholmen mellom Kyrkjøy og Aubø.

Sjernarøyane fekk rutebåt som batt dei i hop med Stavanger  og andre kaier i Ryfylke frå 1870-åra. Frå den tida har mange byfolk vitja øyane på fritid og i feriar, og med det gjort turismen til ein viktig næringsveg for folka på øyane. Gardeigarar har fått sett opp hytter langs strender og svaberg, særleg i dei siste par tiåra av 1900-talet, og småbåthamner er bygt i lune viker og våger. Mindre formelle båtplassar finst det òg mange av. Båtfolk i Rogaland seier at mykje av det blaute Ryfylke-veret driv forbi Sjernarøyane.

 

Skule

Ny skulelov av 1860 sette fast at skulekrinsar med fleire enn 30 ungar skulle ha eiga skulestove. Før dette hadde omgangsskulen på Sjernarøyane som elles i distriktet nytta eit utval stover dei vekene ungane skulle få undervisning. Årelange diskusjonar om plasseringa av skulestovene følgde. På Bjergøy låg den fyrste skulestova, bygt i 1903, i bakken over kaien i Aubøsund. Men sjølv om denne plasseringa var diskutert sidan 1880-åra, var misnøya i skulekrinsen så stor at skulehuset blei flytta til ny grunnmur på Fåra berre 25 år etter. Skulestova på Talgje låg ved Helgøysund, så ungar på både Talgje og Helgøy hadde kort veg. På Kyrkjøy låg skulen meir geografisk sentralt på øya, på høgda mellom Skitnavågen og Laugarvika. I dag er skulestovene på Bjergøy og Talgje i bruk som fritidsbustadar, medan skulestova på Kyrkjøy er i bruk som grendehus.

Dagens oppvekstsenter på Kalvaneset på Aubø er frå 1967, då Sjernarøy skule samla alle elevane på øyane.

Kyrkje

På Eik på Kyrkjøy ligg Sjernarøy kyrkje, som er ei tømra renessansekyrkje frå åra 1615-1649. Slik ein kan forstå dei skriftlege kjeldene, er denne kyrkja bygt slik at ho gradvis erstatta ei anna, eldre kyrkje på same staden. Dei eldste omtalene vi kjenner til av ei kyrkje her er frå slutten av 1200-talet.

I hovudforma er Sjernarøy kyrkje som på 1600-talet, men medan tømmeret berre var tjørebreidd den gong, er kyrkja i dag bordkledt og raudmåla. Takryttaren er frå 1950-åra. Innvendig pryder måleria frå 1600-talet både vegger og himling. Dei vart henta fram att på 1940-talet, etter ei stund med kalkmaling over. Desse farge- og formsterke rankemåleria frå 1600-talet gjekk nok dårleg i hop med pietismen som rådde i området på 1800-talet. Krusifikset som heng over sidealteret i koret er truleg frå 1200-talet, og sidealteret er ei steinhelle som var alter i mellomalderen, men som i lange tider tente som dørhelle, fram til ho blei flytta inn att midt på 1900-talet. Preikestolen og døypefonten blir rekna som tidlege representantar for stavangerrenessansen.  

Fisterøyane

Ved kommunegrensejusteringane i 1965 blei Halsnøy, Bokn og Byre sette over frå Fister kommune til Finnøy. Ein kallar dei ofte Fisterøyane under eitt, truleg med bakgrunn i rutebåt-trafikken som har tent desse øyane. Dei har elles mykje felles historie gjennom at dei høyrde til ei adelsætt med sete på Byre i mellomalderen. Då dansk adel overtok eigedomane frå midt i 1400-åra, var leiglendingane på fleire av gardane her rike folk som kan kallast lågadel snarare enn bønder.

På Bokn åtte oppsitjarane gardane sjølve allereie frå 1500-talet. Ved byrjinga på 1700-talet kjøpte også oppsitjarane på Byre gardane og åtte dei sjølv deretter. Det meste av jorda på Halsnøy vart lagt til det kongelege kapellet Apostelkyrkja i Bergen midt på 1600-talet, overteke av krona etter 1660, og selt til private frå 1720-åra og ut. Skardtveit skil seg ut ved at oppsitjarane sjølv kjøpte krongodset allereie i 1720-åra, medan grannegardane på Eike og Halsne hadde ei rekkje andre eigarar eit par generasjonar før oppsitjarane fekk kjøpt gardane nærare 1770.

Gardane låg samla i klyngetun fram til jordskiftet på 1800-talet. På Fisterøyane har gardsdrift vore kombinert med fiske i all tid, og både skogdrift og steinbrot har gitt inntekter frå tid til annan. Skagenkaien i Stavanger er til dømes bygt med stein frå steinbrota på Fårøynå og Ladbergsvigjå på Byre.

Rutebåten vart fast innslag på Fisterøyane, først i sommarmånadane frå 1885, sidan gjennom året, men med høgsesong om sommaren. Fleire gardeigarar selde ut hyttetomter, og hyttene har dei siste om lag 100 åra vorte meir og meir synlege innslag langs strandlina.

Omgangsskule med tre vekers syklus vart avløyst første tiåret av 1900-talet. Skulestover vart bygte både på Skardtveit på Halsnøy omtrent 1890, Bokn i 1909 og Byre i 1923, etter at folgehuset skulen hadde fått nytta skulle takast i bruk att då eit anna våningshus på garden brann.

Skartveitvågen

Flyfoto av Skardtveitvågen, med småbåthavn, sandstrand, landhandel, hytter og boliger.
Skardtveitvågen sett mot vest. Foto: Blom 2020

I den austlege vågen nedanfor skaret som mest skil Eike frå Halsne ligg eit lite kai-miljø med småbåthamn og butikk. I Skartveitvågen har det vore strandsitjarplassar i alle fall sidan 1600-tallet. Dette vart Halsnøy sitt knutepunkt etter at rutebåten byrja å legge til her frå midt i 1880-åra, og butikk og post følgde. Dei fyrste åra rutebåten stoppa her, kom han berre i sommermånadane, og reisande måtte takast ut i vågen med robåt, sidan der ikkje var brygge som var stor nok til rutebåten. Sommarturismen har sett sitt preg på Skartveit sidan tidleg 1900-tal, og i dag er det i høg grad hytte- og båtfolk som fyller vågen med aktivitet, særleg i sommarmånadane. Nordsida av vågen har båtstøer, naust og brygger, og i skråningen over ligg fleire hytter, og skulestova frå ca. 1890 øvst mot nordvest. Hytta nærast skulestova skal opphavleg ha vore våningshuset (frå 1880-åra) til eitt av dei to eldste bruka på Skartveit. Mot vest ligg Skartveitvatnet, og bekken ned fra Skartveitvatnet rammar skråningen inn.

Til toppen