
Planverkstad på Fogn og Judaberg
Her finn du presentasjonen frå møtene på Fogn og Judaberg 29. september.
Du kan fortsatt leggje inn favorittplassar i det grøne på dette kartet.
Har du fleire innspel, så kan du sende dei til felicitas.heimann@stavanger.kommune.no
-----------------
Det blir to medverknadsmøte tysdag 29. september:
kl. 14.00–15.30: Oppvekstsenteret på Fogn
kl. 17.00–18.30: Innbyggjartorget på Judaberg
Begge verkstadene gjeld heile Finnøy kommunedel og er opne for alle innbyggjarar, uansett kor du bur! Du veljer det tidspunktet som passar best for deg.
På grunn av smittevern må me ha bindande påmelding.
Meld deg på her innan måndag 28. september kl. 10, og hugs å krysse av om du kjem til Fogn eller Judaberg.
Meld deg gjerne på Facebook-hendinga i tillegg:
Facebook-event Fogn
Facebook-event Judaberg
Kan du ikkje kome? Meld gjerne dine innspel digitalt, til felicitas.heimann@stavanger.kommune.no eller markér din favorittplass på dette kartet.
Tema for dagen
- Natur og friluftsliv
- Korleis vil du at dei grøne områda på øyane skal utviklast?
Kva vil me snakke om?
- Grøn plan – kva er det?
- Kvifor er både små og store grøntområde viktige?
- Kva er dine tankar om friluftsliv?
- Korleis kan me saman ta vare på naturen og landskapet på øyane?
Vis oss favorittplass i Finnøy kommunedel!
Me ønskjer å vite meir om gode stader for naturoppleving, møteplassar, aktivitetar o.l. på øyane. Kor synest du det er godt å vere? Du kan merke av favorittplassen din på dette kartet, sende inn bilder til oss inne på Facebook-eventet, eller til felicitas.heimann@stavanger.kommune.no. Eller du kan kome innom innbyggjartorget i veka før: tysdag 22. til fredag 25. september kl. 11–16 (torsdag til 18).
Her kan du sjå favorittplassane som er har lagt inn til no: