Oppstart i barnehagen
Barn og føresette skal oppleva ein god start og trygg tilvenning til barnehagen.
(1) Kva barnehage skal barnet mitt gå i?
Du kan enkelte søka og finna barnehagen som passar best for barnet ditt.
Sjå oversikt over alle barnehagane til kommunen på Finn barnehage-sida. Der kan du sortera etter type barnehage og kommunedel.
(2) Søk plass!
Stavanger kommune gjennomfører opptak med to søknadsfristar, 1. mars og 15. august. Ledige plassar elles i året blir etter kvart tildelt.
Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Du kan velja fire barnehagar i søknaden din. Barnehagane blir prioriterte frå ein til fire ved tildeling av plassar.
(3) Tilvenning for nye barn
Alle barn har behov for tryggleik i overgangen frå heimen til barnehagen. Personalet skal legga til rette for tett samarbeid med føresette for å sikra ein god og trygg overgang.
Alle barnehagar har eigne rutinar for tilvenning og organiserer tid og rom for å sikra at barn får oppleva tilhøyrsel og tryggleik til å leika, utforska og læra
(4) Før og ved oppstart
Føresette får informasjon frå barnehagen om oppstart og tilvenning i barnehagen.
Barnehagen informerer om oppstarten og tilvenningsrutinane til barnehagen. Det blir gjennomført foreldresamtalar med alle nye føresette.
(5) Helsestasjonen
Ved behov for informasjon frå helsestasjonen til barnehagen må føresette ta kontakt med helsestasjonen eller gi samtykke til at barnehagen kan innhenta informasjon.
(6) Nettsidene til barnehagen
Alle barnehagane i Stavanger har eigne nettsider.
Sjå nettsida til barnehagen for å abonnera på nyheiter. Då får du ein e-post kvar gong det vert lagt ut nye saker på nettsida.