- Viss du ikkje kan skaffe deg ein stad å bu på grunn av dårleg økonomi, helse eller sosiale problem, kan du søkje om kommunal bustad.
- Kommunal bustad leiger du vanlegvis for tre år. Du kan søkje om å fornye leigekontrakten dersom du framleis har behov for kommunal bustad.
- Du kan søkje om bustøtte frå Husbanken for å dekkje delar av husleiga.
Kommunal bustad
Kort fortalt
Information in other languages
Kven kan søkje om kommunal bustad?
- Personar som er utan ein stad å bu.
- Personar som snart blir utan ein stad å bu.
- Personar som bur i ein bustad som ikkje er eigna.
I tillegg må du ha økonomiske, sosiale- eller helsemessige problem som gjer at du ikkje klarer å skaffe deg ein annan bustad.
Du må òg ha budd i Stavanger, Rennesøy eller Finnøy dei siste to åra.
Dersom du oppfyller vilkåra for kommunal bustad, blir du sett på venteliste. Kommunen har ofte fleire bustadsøkjarar enn det er ledige bustader. Det kan derfor vere noko ventetid før du får ein bustad. Kommunen prioriterer mellom bustadsøkjarar på venteliste etter behov.
Slik søkjer du om kommunal bustad
Du må fylle ut søknadsskjemaet for kommunal bustad.
Søknaden sender du til:
Stavanger kommune, bustadkontoret
Postboks 8001
4068 Stavanger
Du kan bruke same søknadsskjema dersom du skal søkje om å byte kommunal bustad, eller søkje om å fornye leigekontrakten.
Dersom du har behov for ein bustad i bufellesskap med fast bemanning, må du kontakte helse- og velferdskontoret i distriktet ditt.
Opningstider - Bustadkontoret
Bustadkontoret er ope mandag-fredag, klokka 09.00-14.30.
Gode råd til deg som bur i kommunal bustad
Her finn du informasjon og gode råd.
Kontaktinformasjon
Boligkontoret
- Besøksadresse:
Løkkeveien 51 4008 Stavanger
- Postadresse:
Postboks 8001 4068 Stavanger
- Telefon:
- 51 50 70 90
- E-post:
- boligkontoret@stavanger.kommune.no