Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Klima- og miljøplan 2018-2030

Klima- og miljøplan 2018-2030

Kort fortalt

  • Klima- og miljøplanen beskriv viktige klima- og miljøutfordringar vi må løysa i tida som kjem.

  • Kommunen, næringslivet, innbyggarane og andre må arbeida saman for redusera klimaproblema og ta vare på natur og miljø.

  • Bystyret har vedtatt at klimagassutsleppa i Stavanger skal ned med 80 prosent fram mot 2030.

  • Handlingsplanen blei revidert i 2022. 
  • Ein eigen temaplan "Klima- og miljøtiltak i landbruket" blei vedtatt i mai 2021, og temaplan for havbruk er utarbeidd. Den blir venteleg vedtatt hausten 2022.

Information in other languages

En collage med bil, buss, meitemakk, sau og cruiseskip

Klima- og miljøplanen 

Planen handlar om natur og miljø, og om klima og energi. Den seier mest om dei utfordringane vi har lokalt i nærområdet vårt, som vi kan gjera noko med. Men han seier også noko om korleis vi kan bidra til eit betre miljø og ei tryggare framtid andre stadar på kloden. 

Klima- og miljøplanen tar for seg mange tema. Døme er luftkvalitet, forureining på land og til sjø, gjenbruk og gjenvinning av avfall og bevaring av biologisk mangfald. Plastforsøpling har fått eit eige kapittel. Bruken av eingongsplast skal bli mindre, og minst mogleg plast skal hamna i naturen.

Vi lagar eigne handlingsplanar for kapitla som omhandlar landbruk og havbruk. Frå 1.1.2020 blei Rennesøy og Finnøy ein del av Stavanger kommune, og dei to næringane er store der.

Handlingsplanen for 2022 - 2026

Ein eigen handlingsplan følger klima- og miljøplanen. Den beskriv tiltaka nærare. For kvart tema er det definert konkrete målaindikatorar, slik at vi kan følga og dokumentera utviklinga.

Handlingsplanen for perioden 2022-2026 blei vedtatt av kommunestyret i juni 2022.

Handlingsplan for klima og miljø 2022-2026 (PDF)

Her finn du Handlingsplan 2018-2022 og evalueringa av ho.

Klimabudsjett

Stavanger kommune har ambisiøse klimamål. Vi ønskjer å ta vår del av dei nasjonale forpliktingane for å redusera klimagassutslepp og bidra til eit lågutsleppssamfunn. Klimabudsjettet skal vera eit styringsverktøy for å oppnå målfesta kutt i klimagassutslepp. Det inngår som ein del av handlings- og økonomiplanen til kommunen. Budsjettet beskriv tiltak og gir ei framskriving mot 2025.

I faggrunnlaget til klimabudsjettet blir også vist ulike framtidsscenarium mot 2030, og det blir gitt meir informasjon om metode og tiltaksberekningar.

Kommunane på Nord-Jæren - Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg - har i tillegg utarbeidd Klimabudsjett-notat Nord-Jæren. Her blir vist status for utsleppa og moglegheiter for tiltak framover mot 2030.

Dei viktigaste klima- og miljømåla for Stavanger

Dei viktigaste måla vi skal nå i klima- og miljøplanen er

  • å redusera klimagassutsleppa med 80 prosent innan 2030, samanlikna med 2015, og vera ein fossilfri kommune innan 2040
  • å gjera det trygt å eta fisk og sjømat frå alle sjøområde i Stavanger innan 2030
  • at lufta er rein for alle innbyggarane
  • å verna livsvilkåra for plante- og dyreliv, og auka det biologiske mangfaldet.

Dei største miljøutfordringane i Stavanger

Ein av dei aller største utfordringane i Stavanger er å få ned dei lokale klimagassutsleppa. Dei kjem i hovudsak frå transport på vegar og på sjøen, og frå energi til bruk i bygningar. For å løysa dette må privatpersonar, organisasjonar, næringsliv og kommunen jobba saman.

I tillegg har vi utfordringar knytt til

  • forureining i sjøbotnen 
  • periodar med dårleg luftkvalitet på grunn av for mykje svevestøv og utslepp av helseskadelege gassar
  • press på artar og naturområde
  • utslepp frå fly- og skipstrafikk
  • utslepp frå landbruk.

Bystyrevedtaket om klima- og miljøplanen

Bystyret vedtok klima- og miljøplanen i november 2018. Kvart år lagar vi ein rapport for å visa status. Her er dokumenta:

Årsrapportar klima og miljø

Temaplan Klima og miljø i landbruket

Les om mål og tiltak i landbruket for å redusera negative verknadar på klima og miljø. Temaplanen blei vedtatt av kommunestyret i mai 2021.
Temaplan for klima og miljø i landbruket | Stavanger kommune.

Tidlegare klima- og miljøplan

Kontaktinformasjon

Gabriele Brennhaugen

Rådgiver, klima og miljø

Telefon:
51 50 74 37
E-post:
gabr@stavanger.kommune.no