PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Temaplan for klima og miljø i landbruket

Temaplan for klima og miljø i landbruket

Kort fortald

Temaplan for klima og miljø i landbruket beskriv tiltak som landbruket og kommunen kan gjere for å redusere landbruket sitt klima – og miljøavtrykk, redusere matsvinn og knytte matprodusentar og forbrukarar tettare saman.

Planen vart vedteken av Stavanger kommunestyre 31. mai 2021.

Information in other languages

Tomatdyrking

Kvifor ein temaplan om landbruk i Stavanger?

Stavanger er ein stor landbrukskommune, med eit aktivt jordbruk, mange husdyr og veksthus fulle av tomatar ute på øyane. Det var rett å vente med å foreslå tiltak i landbruket til folk i dei nye kommunedelane kunne bidra med idear og kunnskap for å styrkje både miljø- og landbruksinteressene i kommunen.

Kva inneheld planen?

Første del av planen beskriv landbruket i kommunen, og moglegheitene hos aktørane i landbruket til å bidra til å løyse klima- og naturkrisa vi står i.

I nokre høve vil landbruket skade naturen, som når sprøytemiddel og næringsstoff går tapt frå åker og eng og havnar i overgjødsla innsjøar. I andre høve tek landbruket vare på vakre og sjeldne landskap, som når sauen beitar kystlyngheia på Rennesøy.

Planen peikar mellom anna på dei store klimagassutsleppa vi får ved dyrkjing og nedbyggjing av myr, og ved forbrenning av fossil naturgass til oppvarming av veksthusa. Sidan kommunen både har eit stort overskot av husdyrgjødsel og mange veksthus å varme opp, blir moglegheitene for etablering av eitt eller fleire biogassanlegg løfta fram.

Jordhelse er òg ein viktig del av planen. Vi må ta vare på jordlivet og jordstrukturen for å hindre avrenning til vassdrag, redusere utslepp av lystgass og metan og gi gode avlingar. Slik kan god agronomi òg gi gode verknader for miljøet.

Andre del av planen er handlingsdelen, som er laga i tabellform. Her er framlegg til tiltak beskrive. Vi konkretiserer kven som har ansvar for å gjennomføre tiltaka, og peikar på korleis dei ulike tiltaka kan finansierast.

Tiltaka skal bidra til å:

  • Redusere utslepp av klimagassar
  • Styrke biologisk mangfald i landsbruksområda
  • Gi reine vatn og vassdrag
  • Gi mindre avfall og miljøgifter
  • Styrke forbrukarmakta og meir økologisk landbruk

Les eller last ned planen

Last ned PDF-utgåva, eller les planen her: 

Temaplan landbruk

Kontaktinformasjon

Tone Ankarstrand

rådgiver

Mobil:
477 80 983
Telefon:
51 91 24 29
E-post:
tone.ankarstrand@stavanger.kommune.no
Silke Ullrich

Silke Dorothee Ullrich

Konstitutert landbruksjef

Telefon:
51 91 28 44
E-post:
silke.ullrich@stavanger.kommune.no