Kvifor ein temaplan om landbruk i Stavanger?
Stavanger er ein stor landbrukskommune, med eit aktivt jordbruk, mange husdyr og veksthus fulle av tomater ute på øyane. Det var riktig å vente med å foreslå tiltak i landbruket til folk i dei nye kommunedelane kunne bidra med idear og kunnskap for å styrke både miljø- og landbruksinteressene i kommunen.
Kva inneheld planen?
Første del av planen beskriv landbruket i kommunen, og moglegheitene hos aktørane i landbruket til å bidra til å løyse klima- og naturkrisa vi står i.
I nokre tilfelle vil landbruket skade naturen, som når sprøytemiddel og næringsstoff går tapt frå åker og eng og havnar i overgjødsla innsjøar. I andre tilfelle tek landbruket vare på vakre og sjeldne landskap, som når sauen beitar kystlyngheia på Rennesøy.
Planen peikar mellom anna på dei store klimagassutsleppa vi får ved dyrking og nedbygging av myr, og ved forbrenning av fossil naturgass til oppvarming av veksthusa. Ettersom kommunen både har eit stort overskot av husdyrgjødsel og mange veksthus å varme opp, blir moglegheitene for etablering av eitt eller fleire biogassanlegg løfta fram.
Jordhelse er òg ein viktig del av planen. Vi må ta vare på jordlivet og jordstrukturen for å hindre avrenning til vassdrag, redusere utslepp av lystgass og metan og gi gode avlingar. Slik kan god agronomi òg gi gode verknader for miljøet.
Andre del av planen er handlingsdelen, som er laga i tabellform. Her er framlegg til tiltak beskrive. Vi konkretiserer kven som har ansvar for å gjennomføre tiltaka, og peikar på korleis dei ulike tiltaka kan finansierast.
Tiltaka skal bidra til å:
- Redusere utslepp av klimagasser
- Styrka biologisk mangfald i landbruksområda
- Gi reine vatn og vassdrag
- Gi mindre avfall og miljøgifter
- Styrka forbrukarmakt og meir økologisk landbruk
Les eller last ned planen
Last ned PDF-utgaven, eller les planen her: