Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Sosialtjenester
  3. Omsorgsbustad

Omsorgsbustad

Kort fortalt

  • Omsorgsbustadar er lettstelte bustadar tilrettelagde for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Omsorgsbustadar har ikkje fast bemanning. Treng du hjelp i heimen kan du søka helse- og velferdskontoret om å få tenester.
  • Du kan søka om bustøtte frå Husbanken for å dekka delar av buutgiftene. 

Information in other languages

Stavanger har tre typar omsorgsbustadar

  • Kommunale omsorgsbustadar:
    Stavanger kommune har ca. 290 kommunale omsorgsbustadar i ulike bydelar. Leigeavtalen er tidsavgrensa, vanlegvis tre år.  Du kan likevel søka om å fornya leigekontrakten, viss du framleis har behov for omsorgsbustad. 
  • Omsorgsbustadar med innskot:
    Stavanger kommune har tildelingsrett til private omsorgsbustadar i ulike burettslag. Det er Bate bustadbyggelag som forvaltar bustadane. Bebuarane betalar eit innskot, og blir deleigarar i burettslaget. Du finn meir informasjon om omsorgsbustadar med innskot på nettsidene til Bate boligbyggelag. Du kan søka om startlån for å kjøpa omsorgsbustad med innskot.
  • Private omsorgsbustadar:
    Stavanger kommune har ein avtale om kommunal tildelingsrett til ein del av omsorgsbustadane i Solvang. Bebuarane inngår leigeavtale og betalar husleige til bustadeigaren.

Kven kan søka om omsorgsbustad?

  • Personar som på grunn av alder eller nedsett funksjonsevne har behov for tilrettelagd bustad. Viss du har råd til å skaffa deg ein eigna bustad sjølv, vil du som hovudregel ikkje få omsorgsbustad.
  • Personar som har budd i Stavanger, Rennesøy eller Finnøy dei to siste åra.

Viss kommunen godkjenner søknaden din, blir du sett på venteliste til omsorgsbustad. Kommunen har ofte fleire bustadsøkarar enn det er ledige bustadar. Det kan derfor vera noko ventetid før du får ein bustad. Kommunen prioriterer mellom bustadsøkarar på venteliste etter behov.

Slik søker du omsorgsbustad

Du må fylla ut søknadsskjemaet for kommunal bustad. 
Søknaden sender du til: 
Stavanger kommune, Boligkontoret
Postboks 8001
4068 Stavanger 

Du kan bruka same søknadsskjemaet dersom du skal søka om å byta bustad, eller søka om å fornya leigekontrakt. 

Dersom du har behov for ein bustad i bufellesskap med fast bemanning, må du kontakta helse- og velferdskontoret i distriktet ditt. 

Opningstider - Boligkontoret

Boligkontoret er ope mandag-fredag, klokka 09.00-14.30.

Kontaktinformasjon

Boligkontoret

Besøksadresse:

Løkkeveien 51 4008 Stavanger

Postadresse:

Postboks 8001 4068 Stavanger

Telefon:
51 50 70 90
E-post:
boligkontoret@stavanger.kommune.no