Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Sosialtjenester
  3. Startlån og tilskotsordningar

Startlån og tilskot til bustad

Kort fortalt

  • Dersom du har langvarige problem med å finansiera bustadkjøp kan du søka om startlån. 
  • Kommunen stiller ikkje krav til eigenkapital, men du må kunna betala lånet ved sida av andre utgifter. 
  • Dersom du har nedsett funksjonsevne kan du søka om startlån eller tilskot for å tilpassa bustaden din. 

Information in other languages

Kva kan du få startlån til? 

  • Kjøpa bustad
  • Bygga bustad
  • Refinansiera bustaden dersom du står i fare for å mista bustaden din.  
  • Tilpassa bustaden din dersom du på grunn av nedsett funksjonsevne har behov for tilpassing.
  • Utbetre bustaden din. 

Du kan bruka startlånet til å fullfinansiera ein bustad, eller som toppfinansiering i kombinasjon med lån frå ein annan bank. 

Du kan lesa meir om startlån på Husbankens nettsider.

Kven kan få startlån?

Kommunen kan gi startlån til personar som bur eller skal flytta til Stavanger kommune. For å få startlån må du ha langvarige problem med å finansiera bustad. Du må samtidig ha høg nok inntekt til å betala avdrag og renter på eit startlån. 

Gir kommunen tilskot til å kjøpa bustad?

Ja, i tillegg til å søka om startlån kan du søka om tilskot til etablering for å :

  • Kjøpa eller bygga bustad
  • Refinansiera bustaden dersom du står i fare for å mista bustaden din.

Tilskotet til etablering er strengt økonomisk behovsprøvd.

Kommunen gir tilskotet som ei toppfinansiering, der startlån er grunnfinansieringa. Du må derfor søka om startlån samtidig.

Tilskotet til etablering er eit rente- og avdragsfritt lån. Kommunen kan krevja at du betalar tilbake tilskotet dersom du sel bustaden. 

Har du behov for å tilpassa bustaden din?

Du kan søka kommunen om tilskot for å tilpassa bustaden slik at du kan halda fram med å bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Tilskotet til tilpassing er eit rente- og avdragsfritt lån. Kommunen skriv ned lånet med 10 % kvart år. Lånet er heilt nedskrive etter 10 år.  Tilskotet er økonomisk behovsprøvd.

Før du søker om tilskot til tilpassing, må du kontakta helse- og velferdskontoret i distriktet ditt. Helse- og velferdskontoret kan visa deg til fysio- og ergoterapitenesta i kommunen.

Ein ergoterapeut frå fysio- og ergoterapitenesta skal vurdera kva tilpassingar som er nyttige for at bustaden skal vera eigna for deg. Du må legga ved skriftleg uttale frå ein ergoterapeut når du søker om tilskot til tilpassing.

Dersom du har behov for profesjonell bistand til å planlegga tilpassing av bustad, kan du søka om tilskot til prosjektering og utgreiing. Ein ergoterapeut skal vera involvert, og må signera søknaden.

Slik søker du om startlån og tilskot

Dersom du skal søka om startlån, tilskot til etablering eller tilskot til tilpassing, må du søka elektronisk via Husbankens nettsider, søk startlån og tilskot - Husbanken.

Dersom du skal søka om tilskot til prosjektering og utgreiing, brukar du papirsøknaden frå kommunen: Søknad om tilskot til prosjektering og utgreiing.

Papirsøknaden sender du til:
Stavanger kommune, boligkontoret
Postboks 8001
4068 Stavanger

Opningstider - Boligkontoret

Boligkontoret er ope mandag-fredag, klokka 09.00-14.30

Kontaktinformasjon

Boligkontoret

Besøksadresse:

Løkkeveien 51 4008 Stavanger

Postadresse:

Postboks 8001 4068 Stavanger

Telefon:
51 50 70 90
E-post:
boligkontoret@stavanger.kommune.no

Kjersti Løvåsvåg Skår

Ansvarlig for startlån

Telefon:
51 50 71 29
E-post:
kjersti.lovasvag.skar@stavanger.kommune.no