Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Årets stavangerkunstnar

Årets stavangerkunstnar

Kort fortalt

  • Årets stavangerkunstnar blir utnemnd til ein yngre kunstnar i Stavanger. Kunstnaren må vise til dokumentert kvalitet og utviklingspotensial.

  • Ordninga med årets stavangerkunstnar har eksistert sidan 2003.

  • Visuell kunstnar Ananda Serné (32) er årets stavangerkunstnar i 2021.

Information in other languages

Om ordninga

Ordninga med årets stavangerkunstnar har eksistert sidan 2003. Sentralt i utveljinga er at kunstnaren bur i Stavanger, og er ein yngre kunstnar med dokumentert kvalitet og utviklingspotensial.

Målet er at Stavanger kommune med utveljinga kan hjelpe kunstnaren til å nå lengre i karrieren sin. Kandidaten må vere aktiv i Stavangers kulturliv og bidra til eit godt kulturtilbod for innbyggjarane. 

Årets stavangerkunstnar får eit arbeidsstipend på 50 000 kroner, og dessutan eit innramma fotografi av bildekunstnar Signe Christine Urdal frå serien "Å vende heim". 

2021: Ananda Serné

Ananda Serné er årets stavangerkunstner 2021.

Ananda Serné (32), som jobbar innan visuell kunst, er årets stavangerkunstnar. 

Utmerkinga vart overrekt av ordførar Kari Nessa Nordtun på Tou, onsdag 20. januar.

Ananda Serné er opphavleg frå Nederland. Som ung, lovande og nyutdanna kunstnar i 2016 valde ho å lære seg norsk, busetje seg og starte den kunstnariske karrieren sin i Stavanger.

- Det er veldig kjekt å få denne anerkjenninga frå byen eg bur i, og det gir stor motivasjon til å halde fram arbeidet med nye og pågåande prosjekt, seier ein glad Serné,

I atelierhuset på Tou jobbar ho for tida fram mot ei gruppeutstilling på Fotogalleriet i Oslo som opnar til våren. Seinare i år blir kunsten hennar å sjå på ei separatutstilling.

Ulike uttrykk

Ho har ein Master of Arts frå Island University of the Arts i Reykjavík. I kunstnarskapet sitt utforskar ho spørsmål om omsetjing, kommunikasjon eller mangel på kommunikasjon. Det gjer ho gjennom video, språk og tekstilar. Spørsmål som opptek henne, er mellom anna kor mykje informasjon eksisterer utanfor oppfatninga til mennesket? Kor mykje informasjon går tapt? Ho bruker ofte samtalar med andre, som biologar, lingvistar eller omsetjarar i arbeidet sitt.

Stor aktivitet

Verkane hennar har allereie vorte viste på nasjonale- og internasjonale kunstmuse og galleri. Lokalt har ho stilt ut ved Studio17, Stavanger Kunstmuseum og delteke på Vestlandsutstillingen ved Kunsthall Stavanger. Elles har ho delteke på Haustutstillinga ved Kunstnernes Hus i Oslo, og hatt visningar ved Galleri 54 i Göteborg og Galleri CC i Malmö. Ho har òg vore representert ved filmfestivalar som Tenderpixel's film- og videopris i London, Minimalen Kortfilmfestival i Trondheim, Stuttgarter Filmwinter i Tyskland og Bangkok Underground Film Festival i Thailand.

Serné sit i tillegg i styret for Bildende Kunstneres Forening Rogaland (BKFR) og visningsstaden Studio 17 på Nytorget.

Tidlegare stavangerkunstnarar

Sidan årets stavangerkunstnar vart etablert har følgjande kunstnarar innehatt tittelen:

  • 2003 Johan Harstad – forfattar
  • 2004 Randi Tytingvåg – musikar/vokal
  • 2005 Geir Vegar Hoel – scenekunstnar
  • 2006 Marit Sandsmark – dansar
  • 2007 Anders Hana - musikar
  • 2008 Sebastian Waldejer – musikar/vokal
  • 2009 Ingrid Toogood Hovland – bildekunstnar
  • 2010 Eva Bjerga Haugen – musikar/vokal
  • 2011 Mona Orstad Hansen – bildekunstnar
  • 2012 Mareike Bechtel Wang – scenekunstnar
  • 2013 Kyrre Sassebo Haaland – komponist
  • 2014 Marie Ronold Mathisen – dansar
  • 2015 Ida Løkås – forfattar
  • 2016 Hanne Vasshus - musikar 
  • 2017 Ole Christoffer Ertvaag - scenekunstnar
  • 2018 Anna Ihle - kunstnar og kurator
  • 2019 Kristin Auestad Danielsen - forfattar
  • 2020: John Derek Bishop

Kontaktinformasjon

Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kristina Ehrenberg-Rasmussen

Kultursjef

Mobil:
926 32 538
E-post:
kristina.ehrenberg-rasmussen@stavanger.kommune.no

Jeanette Flåte Vikse

Rådgiver

Økonomi, kulturarv, Den kulturelle spaserstokken, priser og legat 

Mobil:
51 50 86 37
E-post:
jeanette.flate.vikse@stavanger.kommune.no