Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talande web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, les Talende Web opp teksten du peikar på, samtidig som du får ei visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplesent

Menu

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Kultur
  4. Kunstnerleiligheter

Kunstnarleiglegheiter

Kort fortalt

  • Stavanger kommune låner ut kunstnarleilegheit i Berlin, og leiger ut kunstnarleilegheiter og atelier i Stavanger. 
  • Residensordninga er eit viktig ledd i den internasjonale kulturpolitikken til Stavanger kommune. Ordninga gir kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg fagleg og utvikle sin eigen karriere.  
  • Søknadsfrist for opphald i leilegheita i Berlin for 2021 er sett på vent på grunn av koronapandemien. 

Information in other languages

Kunstnarleilegheit i Berlin

Stavanger kommune stiller ei leilegheit i Berlin til disposisjon for profesjonelle kunstnarar som har virket sitt i Stavanger. Kunstnarleilegheita skal gi kunstnarar moglegheit til å vidareutvikle det kunstnariske arbeidet sitt i eit internasjonalt miljø og utvikle nettverk i Berlin.

Profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar kan søkje om arbeidsopphald i leilegheita. Ordninga er tverrfagleg og opphaldet er gratis. 

Søknadsfrist for opphald i leilegheita i Berlin for 2021 er sett på vent på grunn av koronapandemien. 

Leilegheit og plassering

Leilegheita er på 60 m2, og inneheld stue/arbeidsrom, soverom, kjøkken, bad og har trådlaust nettverk. Leilegheita ligg i bydelen Charlottenburg nær Mitte, midt i sentrum av Berlin, og det er kort veg til buss og t-bane. 

 

Stavanger kommunes kunstnerleilighet i Berlin
Stavanger kommunes kunstnerleilighet i Berlin

Sjå kart over plasseringa til leilegheita i Berlin nedanfor.

Rettleiing for søknad om opphald

Periode og varigheit: Arbeidsopphaldet skal vare frå 1-3 månader. I særlege tilfelle kan opphaldet vere kortare. Søkjaren må vere tydeleg på ønskt leigeperiode.  

Reisestipend: Ved tildeling følgjer det eit reisestipend på kr 2000 per månad som blir utbetalt før avreise. Dette blir berre gitt dersom du er folkeregistrert i Stavanger kommune.  

Krav til søkjaren:

  • Profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar innan alle kunstformer kan søkje om opphald.
  • Søkjaren må bu og arbeide i Stavanger kommune.
  • Dersom du har hatt opphald i leilegheita dei to tidlegare åra, vil du ikkje bli prioritert. 
  • Søkjaren skal bruke opphaldet til utvikling av eige kunstnarisk arbeid, utvikle nettverk og kontakt med aktuelle fagmiljø i byen, marknadsføring av eige arbeid og/eller anna fagleg utvikling. 

Søknadsskjema 

Søknaden må innehalde alle obligatoriske opplysningar i søknadskjema, og skal beskrive kva opphaldet skal brukast til. Ufullstendige og/eller mangelfulle søknader vil bli avvist. 

Du må sende søknaden via elektronisk søknadsskjema.

Behandling av søknaden

Du vil få eit førebels svar på søknaden innan tre veker jf. forvaltningslova. Det kan ta inntil 8 veker før du får svar om opphald.  

 

Tildeling om opphald i kunstnarleilegheita blir behandla administrativt av kultursjefen. Når det er mange søkjarar, vil kunstnarar i etableringsfasen bli prioritert, og kunstnarar som ikkje har vore tildelt opphald på eit tidlegare tidspunkt.  

 

Tilskot kan krevjast tilbake dersom tildeling av opphald byggjer på uriktige opplysningar frå søkjar, eller at opphaldet ikkje er nytta etter føresetnadene. Dette gjeld både tilskot som ikkje er utbetalt og utbetalt tilskot. Dette gjeld òg ved manglande oppfølging av signert kontrakt ved opphald, og anna brot på ordensreglar knytta til leilegheita. 

 

Frida Hansens hus

Stavanger kommune, kulturavdelinga disponerer ein velutstyrt kunstnarleilegheit til utleige for besøkjande kunstnarar i Frida Hansens hus. Leilegheita er lokalisert i Hillevåg bydel. Rogaland kunstsenter koordinerer løpande tildeling på oppdrag frå Stavanger kommune.

For meir informasjon om leilegheita, søknadsskjema og praksis, ta kontakt med Rogaland kunstsenter direkte. Tlf. +47 51 59 97 60 eller post@rogalandkunstsenter.no.

Frida Hansens hus
Frida Hansens hus

Kunstnarleilegheit i Gamle Stavanger

Stavanger kommune har ei leilegheit og atelier for kunstnarar i Øvre Strandgate 66. Leilegheita i 2. etasje er 76 m2 og er delvis møblert. Den inneheld stove, kjøkken, bad, toalett og to soverom. Leigepris er 2 000 kroner per veke.

Rogaland kunstsenter koordinerer utleige av kunstnarleilegheita på oppdrag frå Stavanger kommune.

For meir informasjon og søknadsskjema, ta kontakt med
Rogaland kunstsenter på telefon 51 59 97 60 eller e-post
post@rogalandkunstsenter.no.

Kunstnerleilighet i Gamle Stavanger
Kunstnerleilighet i Gamle Stavanger

Kontaktinformasjon

Maren Skoie

Rådgiver

Visuell kunst, litteratur, Stavanger kommunes kunstsamling, kunstnerboliger, kunst i offentlige rom

Mobil:
402 03 354
Telefon:
51 50 71 66
E-post:
maren.skoie@stavanger.kommune.no