PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Kultur og fritid
  3. Tur og natur
  4. Parker og friområder
  5. Korleis skal Fjøløy natur- og friområde bli? - Si meininga di!

Korleis skal Fjøløy natur- og friområde bli? - Si meininga di!

Kort fortalt

  • Fjøløy natur og friområde ligg på Fjøløy. Fjøløy kystfort var operativt her fram til 2011, då området vart opna for alle.
  • Planen er grunnlag for vidare arealbruk og utvikling av området med rammer for tiltak og aktivitetar
  • Målet er å auke tilgjenget og bruken av natur og friområdet, samtidig som kulturminne, militærhistorie og naturverdiar blir forvalta og blir formidla på ein berekraftig måte

Information in other languages

Turgåere på Fjøløy

Foto: John Petter R. Nordbø

Om Fjøløy

Fjøløy ligg cirka 17 km i luftlinje nordvest frå Stavanger sentrum. Natur- og friområdet er 270 dekar og ligg sørvest på øya, med utsikt mot Kvitsøy i vest. Kystlandskapet er kupert med kystlynghei, naturbeitemark og svaberg. Dette er eit område med store naturverdiar og godt bevart kulturlandskap. Det er vêrhardt med nord- og vestavind.

Fjøløy ligg i Rennesøy kommunedel. Øya ligg sør for Klosterøya, som har namn etter Utstein kloster. Mellomalderklosteret er kjent som eit nasjonalt turistmål. Fjøløy har fastlandssamband med bru via Klosterøy og Mosterøy. Mosterøy er næraste tettstad med butikk. Naboeigedommane til Fjøløy fort blir nytta til beitemark for storfe og sau.

Fjøløy kystfort Bygningene, kanonane og infrastrukturen i kystfortet er viktige militærhistoriske kulturminne frå andre verdskrigen og ettekrigstiden fram til 1990 åra.

Fjøløy kystfort vart anlagd i 1941. Etter andre verdskrigen vart Fjøløy hovudfort i Rogaland for det norske Sjøforsvaret. Seinare er området brukt til militært øvingsområde. All militær aktivitet vart lagd ned i 2009.

 

Open høyring - sei meininga di!

Stavanger kommune har sendt disposisjonsplanen for Fjøløy fort på open høyring med høyringsfrist 11. august 2021. 

Plandokumenta og den politiske saka kan du lese her

Innspel til planen kan du sende til  postmottak@stavanger.kommune.no og merke med  'Høringsinnspill til disposisjonsplan Fjøløy fort',