Tekststorleik

PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

Menu

  1. Hjem
  2. Nyheter
  3. Vil du teikne framsida på 17. mai-programmet?

Vil du teikne framsida på 17. mai-programmet?

Stavanger kommune inviterer alle barn i grunnskulen til 17. mai-tegnekonkurranse: Den finaste/beste/mest morosame/stiligste/vakraste teikninga vil hamne på framsida av 17. mai-programmet.

Denne nyheitssaka er meir enn ein månad gammal. Innhaldet kan derfor vera forelda eller ikkje oppdatert.

Gå til stavanger.kommune.no/nyheter for siste nytt.

Ann Sesilie Tekfeldt  er leder av 17. mai-komiteen. Hun vil gjerne ha din hjelp til å fylle 17. mai-programmet med fine tegninger.

Ann Sesilie Tekfeldt er leder av 17. mai-komiteen. Hun vil gjerne ha din hjelp til å fylle 17. mai-programmet med fine tegninger.

Som kjent har det ikkje vore behov for det tradisjonelle 17. mai-programmet dei siste par åra. Pandemien sette ein effektiv stoppar for vanleg feiring av nasjonaldagen, og dermed har 17. mai-komiteen eit lite problem:

– Vi i 17. mai-komiteen synest det er litt trasig å måtte bruke tre år gamle bilete til 17. mai-programmet. Derfor vil vi la dei som dagen er viktigast for – barna – bestemme korleis programmet skal sjå ut. Vi inviterer til tegnekonkurranse, og den beste teikninga vil pryde framsida på programmet. Vi kan òg få plass til fleire inni programmet, seier leiar av 17. mai-komiteen, Ann Sesilie Tekfeldt.

Kreative forslag

Tekfeldt og resten av komiteen håpar på mange kreative forslag.

– Vi set ingen avgrensingar på motiv anna enn at teikninga må ha noko med 17. mai å gjere. Så det er berre å sleppe fantasien laus, seier Tekfeldt.

Til framsida treng vi helsa høgdeformat. Men vi tek sjølvsagt òg imot andre format som kanskje kan passe inne i programmet. Vil du sende oss e-post er det best om du skannar teikninga eller tek bilete av ho med mobilen.

– Den som står bak vinnarteikninga vil òg få 1000 kroner til klassen sin. Dei kan til dømes brukast til ekstra is-pengar på nasjonaldagen, smiler Tekfeldt.

Varer til over påske

Konkurransen startar fredag 1. april og innleveringsfristen er over påske, nærare bestemt 19. april.

Slik kan du sende inn eller levere

Bidragene kan sendast på e-post til bente.gronnum@stavanger.kommune.no eller leverast fysisk på følgjande stader:

  • Innbyggjarservice i Olav Kyrres gate 23
  • Innbyggjartorget i Vikevåg, Asalveien 6
  • Innbyggjartorget på Judaberg, Judabergveien 6
  • I skranken i første etasje på Sølvberget, Stavanger bibliotek og kulturhus
  • Finnøy bibliotek
  • Rennesøy bibliotek
  • Madla bibliotek

Her kan din tegning havne!
Her kan din tegning havne!

Ann Sesilie Tekfeldt

Leder av 17. maikomiteen

Mobil:
474 54 680
E-post:
ann.sesilie.tekfeldt@stavanger.kommune.no

Bente Grønnum

Sekretær for 17. mai-komiteen

Telefon:
51 50 75 91
E-post:
bente.gronnum@stavanger.kommune.no