PC: Hald Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hald Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Talende web har to lesemoduser:

Pek og lytt

Når ikonet med fingeren på er markert, leser Talende Web opp teksten du peker på, samtidig som du får en visuell tilbakemelding.

Marker og lytt

Markere teksten og deretter klikk på play-knappen for å få den opplest

  1. Hjem
  2. Renovasjon og miljø
  3. Miljø og klima
  4. Gode miljøval i Stavanger
  5. Miljøsøndag

Miljøsøndag

Kort fortald

Kvart år i september er det liv og røre i Stavanger sentrum, med aktivitetar for små og store som handlar om miljøvenleg transport og andre gode miljøval. I 2020 vart Miljøsøndag avlyst på grunn av dåverande smittevernråd.

Også i 2021 vel vi å avlyse arrangementet på grunn av mykje uvisse om situasjonen i haust rundt koronapandemien. Vi vil som i fjor planleggje for mange aktivitetar i Europeisk Mobilitetsveke, som blir arrangert frå  16. til 22. september.

Den europeiske Mobilitetsveka - 16.-22. september

Føremålet med den årlege Mobilitetsveka er å vise korleis innbyggjarane kan reise meir miljøvenleg, samstundes som dei kan dekkje sitt eige reisebehov.

I Mobilitetsveka oppmodar vi innbyggjarane til å tenkje gjennom sine eigne reisevanar for å kunne snu dei i ein meir miljøriktig retning. Vi viser kva kommunen gjer for at det skal bli lettare for alle å gå, sykle og/eller reise kollektivt. Vi lanserer og testar nye og mellombelse tiltak, og lagar «happenings» for å skape engasjement.

Dette var Mobilitetsveka 2020

I den europeiske Mobilitetsveka 2020 vart heile 259 syklar reparerte på sykkelverkstad i regi av kommunen i dei ni kommunedelane. 600 morgonfuglar som gjekk, sykla eller reiste kollektivt fekk ei frukostpakke som takk, og tre nye benker vart montert.

Stavanger sitt første Mobilitetspunkt vart offisielt opna på Hillevåg torg, og den første klima- og miljøprisen frå kommunen vart delt ut til reiarlaget Rødne.

Paralympisk symjar Sarah Louise Rung var turleiar for ein kvardagstur med universell utforming. Fleire innvandrarar var på kurs og lærte seg å sykle. Vi viste fordelar med el-lastesykkel og demonstrerte solceller for opplading av batteri for elbil og elsykkel.

På mange fortau kunne fotgjengarar lese oppmuntrande meldingar frå kommunen. Mange skular i Stavanger deltok i den årlege Gå til skolen-tevlinga "Beintøft", og Stavanger vart best i landet både i talet på kilometer og sparte klimagassutslepp. 

Du kan lese meir om Europeisk Mobilitetsveke her (på engelsk).

Information in other languages

Nokre inntrykk frå Miljøsøndag 2017

Kontaktinformasjon

Imme Dirks Eskeland

Imme Dirks Eskeland

Rådgiver, Klima og miljø 

Mobil:
952 34 112
Telefon:
51 50 82 52
E-post:
imme.dirks.eskeland@stavanger.kommune.no